Bustyrar: Feil å ta statsstøtta frå Født Fri. Ber departementet gjera om vedtak
STØTTE: Det uavhengige konkursbuet etter Født Fri ber Kunnskapsdepartementet gjera om vedtaket om å fråta stiftinga statsstøtta.

I november i fjor mista stiftinga Født Fri statsstøtta, noko som førte til at stiftinga gjekk konkurs.
No har den uavhengige bustyraren til Født Fri gått gjennom saka. I ein rapport til Kunnskapsdepartementet ber bustyraren staten om å ta klaga frå Født Fri til følge.
Nettavisen omtalte først denne saka.
IMDi tok statsstøtta
Det var Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) som vedtok å ta frå Født Fri statsstøtte. Det skjedde etter at mellom anna Vårt Land omtala varslarar som fortalde om økonomisk rot i organisasjonen.
Vedtaket gjorde at stiftinga ikkje fekk utbetalt tre millionar kroner i andre termin i fjor.
Født Fri har klaga på dette vedtaket, og rapporten frå bustyrar blir sendt til departementet i denne samanhengen.
Fann berre «enkelte kritikkverdige forhold»
Advokat Anne Christine Wettre vart oppnemnt som bustyrar av Oslo byfogdembete etter at Født Fri slo seg konkurs. Ho skriv i rapporten til Kunnskapsdepartementet at:
«Bostyrer deler ikke IMDis oppfatning at det er strukturelle mangler ved Stiftelsens økonomihåndtering.»
Etter det boet kjenner til forefinnes slike feil i større eller mindre grad i de fleste firmaer i Norge.
Bustyrar Anne Christine Wettre i rapport
Bustyraren opplyser det er avdekka «enkelte kritikkverdige forhold» rundt handtering av vedlegg og lønsinberetting av enkelte innkjøp, men skriv vidare at «Etter det boet kjenner til forefinnes slike feil i større eller mindre grad i de fleste firmaer i Norge»
Ho skriv vidare at vedtak om å ta frå Født Fri statsstøtta bryt med statens prinsipp om forholdsmessighet. Det er prinsippet om at midla skal avspegla målet.
I rapporten skriv bustyrar at IMDi kunne ha handtert situasjonen på andre måtar enn å ta frå stiftinga statsstøtte.
«Ikke avdekket forhold som gir grunnlag for politianmeldelse»
Født Fri var leia av Shabana Rehmanhar og jobba frå 2017 med å fremja likestilling og motverka negativ sosial kontroll. Dei siste tre åra har stiftinga fått rundt 15 millionar kroner over statsbudsjettet.
IMDi fekk i fjor eit varsel knytt til fleire forhold rundt stiftinga. Konsulentselskapet Ernst and Young (EY) blei hyra inn til å granska stiftinga.
EY konkluderte med at Født Fri ikkje hadde brukt pengane i tråd med formålet sitt. I tillegg råda dei staten til å politianmelda Født Fri.
Advokat Anne Christine Wettre peiker på at IMDi ikkje har meldt Født Fri til politiet. Ho skriv vidare:
«På bakgrunn av de undersøkelser boet har foretatt så langt i bobehandlingen er det ikke avdekket forhold som gir grunnlag for politianmeldelse.»