Brygger opp til kamp om Guds plass i Forsvaret

Soldatane vil plassere Gud på sidelina. Sentrale forsvarspolitikarar set foten ned.

– Vi må ikkje gløyme historia, seier Frps Christian Tybring-Gjedde.
Publisert Sist oppdatert

Til hausten blir det religionskamp i Stortingets utanriks- og forsvarskomité. Medan soldatanes tillitsvalde krev å få erstatta feltgudstenester, kyrkjeparade og fellesbønn med ikkje-religiøse ritual, vil politikarar i komiteen kjempe for dei kristne rituala.

– Å ønske seg eit sekulært forsvar er greitt nok, men vi kan ikkje gløyme historia vår og kaste ut dei kristne rituala på grunn av eit vedtak på eit møte, seier Christian Tybring-Gjedde. Han sit i Forsvarskomiteen på Stortinget og har tidlegare arbeidd 13 år i Forsvarsdepartementet og vore Nato-byråkrat i tre år.

LES OGSÅ: Soldatleder vil ha korset ut av Forsvaret

Ristar på hovudet. Tybring-Gjedde ristar på hovudet over vedtaket på Landskonferansen for Tillitsmannsordninga (TMO) i Forsvaret. Her krev norske soldatar, som første Nato-land, at Forsvaret skrotar kristne ritual. Ut med felles feltgudsteneste, felles kyrkjeparade og bønn på linje, lydde krava frå soldatane. Forklaringa er at rituala er ekskluderande for dei som ikkje er kristne.

– Vi bør sjekke kor reell denne situasjonen er. Eg har ikkje registrert noko ubehag eller protestar frå andre religiøse grupper som ikkje kjenner seg heime i Forsvaret. Vi kan ikkje forfølgje eit prinsipp om å vere sekulære berre for at det er eit prinsipp. Det må basere seg på faktiske behov, seier Tybring-Gjedde.

Verdigrunnlag. Høgres Regina Nargis Alexandrova er samd med Tybring-Gjedde:

– Dette kravet hamnar nok hos oss og det blir ein viktig diskusjon vi må ta. Men feltgudstenestene og kyrkepararden er fine tiltak. I desse samlingane er det mange gode verdigrunnlag som vi burde ta med vidare, sier Alexandrova, som var på TMO-konferansen.

LES OGSÅ: Soldatar skrotar fellesbønn

Opnar opp. Ho meiner Forsvaret allereie utviklar seg godt på religions-området.

– Feltprestkorpset opnar no opp og vi får humanetikarar og muslimar der som kan ta seg av sine livssyns- og muslimske grupper. I tillegg til at dette skjer meiner eg vi bør behalde mykje av rituala vi har i dag. Eg trur dette handlar meir om måten gudstenestene blir gjennomført på. Vi bør heller bli jobbe med å gjere desse minst mogleg ekskluderande.

Også Kåre Simensen som representerer Arbeidarpartiet i Forsvarskomiteen, var til stades under religionsdebatten til dei vernepliktige. Ap-mannen meiner Forsvaret må leggje vekt på at 83 prosent av dei som avtener førstegongsteneste i år tilhøyrer Den norske kyrkja i tillegg til 10 prosent som er frikyrkjelege.

Statsreligionen. – Mi personlege meining er at dei kristne rituala difor bør bli verande i Forsvaret. Når majoriteten tilhøyrer statsreligionen burde rituala kome majoriteten til gode.

Dei vernepliktige framsette eit absolutt krav om å få slutt på bønn på linje, noko som blir gjennomført under oppstilling hos soldatane. Der kan det til dømes bli bedt Fadervår.

Trygge. – Kva tenkjer du om dette kravet?

– Eg skulle ønske alle var så trygg på seg sjølv at det ikkje var noko sak å be om for å få sleppe å be på linje. Men når ikkje alle opplever det slik, så har eg respekt for det, seier Simensen.

Også Høgres Alexandrova forstår det kravet.

– Eg forstår at det kan vere vanskeleg å be om å få sleppe dette når majoriteten står og ser på, seier ho.

Powered by Labrador CMS