Bondevik om KrF-resultat: - Dette er ein psykologisk knekk

VETERAN: Kjell Magne Bondevik ser mogelegheiter, trass eit historisk dårleg resultat for KrF. Veteranen ber partiet søka mot Senterpartiet og fri til muslimske veljarar.

Arendalsuka 2021.KrFs partitime i Arendal.
MØTE: Kjell Magne Bondevik har vore partileiar, statsminister og minister for KrF. Her møter han partileiar Kjell Ingolf Ropstad, første nestleiar Olaug Bollestad og andre nestleiar Ingelin Noresjø (til venstre) under Arendalsveka i år.
Publisert Sist oppdatert

113.346. Det er talet på personar som stemte på KrF ved årets stortingsval, når 99,8 prosent av stemmene er talte opp. Partiet får ei oppslutning på 3,8 prosent, som er det dårlegaste resultatet KrF har fått i et stortingsval sidan krigen.

Heime i si eiga stove følgde partiveteran Kjell Magne Bondevik med på valsendingane. Han seier det er alvorleg at KrF kom under sperregrensa.

– Det gjev ein ekstra knekk, både reelt og psykologisk. Reelt, fordi partiet får ei mindre stortingsgruppe, mindre økonomisk støtte og mindre representasjon frå heile landet. Så er det ein psykologisk knekk - den fireprosenten er ein strek for alle parti.

Sp vil nok vera interesserert i samarbeid i ein del saker, som bioteknologi, kontantstøtte og delar av distriktspolitikken.

Kjell Magne Bondevik

Bondevik viser til sperregrensa for utjamningsmandat, som i Noreg er på 4 prosent. Medan KrF kom under sperregrensa og fekk berre tre mandat, kom Venstre over og kan stilla med åtte mandat på Stortinget.

Ber KrF søka innverknad mot sentrum

Denne veka skal valvinnar og Ap-leiar Jonas Gahr Støre samtala med Sp og SV, med mål om å danna ei trepartiregjering.

Samstundes har Senterpartiet (Sp) gått til val på ei «Ap/Sp-basert regjering». Ei slik regjering har ikkje fleirtal på Stortinget.

Utfallet av forhandlingane er svært interessant for KrF, peikar Bondevik på.

– Om Sp får det som dei vil og det blir ei mindretalsregjering, opnar det visse moglegheiter for KrF, sjølv om partiets tre mandat ikkje åleine er nok til å skaffa fleirtal. Sp vil nok vera interessert i samarbeid i ein del saker, som bioteknologi, kontantstøtte og delar av distriktspolitikken. Det er moglegheiter KrF bør sjå.

– Kva type samarbeid tenker du på?

– Det må vera eit samarbeid frå sak til sak. Om det blir ei Ap/Sp-regjering, er dei i mindretal, og dei må søka mogelegheitene som er der.

Han utelukkar ikkje at Sp og KrF på sikt kan koma saman i eit meir forpliktande samarbeid. Bondeviks første regjering i 1997–2000 bestod av Kristelig Folkeparti, Venstre og Sp.

– No er den høgreleia regjeringa si tid over, og då må KrF søka innverknad mot sentrum, altså mot Sp og Venstre.

Kjøper ikkje teorien om eit døyande grunnfjell

Kjell Magne Bondevik peikar på ein hovudgrunn til valnederlaget: KrF har ikkje treft stemninga i folket.

– Strøymingane ute i folket har ikkje gått KrF sin veg denne gongen. Dette er ting som endrar seg over tid.

Det burde ikkje vera vanskeleg for KrF å fanga opp fleire muslimske veljarar.

Kjell Magne Bondevik

For å visa potensialet til partiet, trekk han fram tre suksessval: 12,3 prosent i 1973, 13,7 prosent i 1997 og 12,4 prosent i 2001.

– Då var det andre strøymingar ute i folket. Abortsaka var på topp i 1973, då var KrF det klaraste alternativet mot fri abort. I 1997 var det ein generell verdibevisstheit, som me trefte. Me trefte unge kvinner som var meir opptekne av valfridom og familieverdiar.

– Så du kjøper ikkje teorien om at grunnfjellet til KrF døyr ut?

– Nei. Det er råd å fornya grunnfjellet.

– Kva rolle trur du retningsvalet i 2018 har hatt for det dårlege valresultatet?

– Det er for enkelt å peika på retningsvalet. Ingen veit korleis det hadde gått om KrF hadde vald annleis.

Ser eit potensial i norske muslimar

Eit potensial blant nye veljarar ser Bondevik i norske muslimar. I 2017 anslo Statistisk sentralbyrå at det bur rundt 200.000 muslimar i Noreg, men anslaga er usikre.

– Det burde ikkje vera vanskeleg for KrF å fanga opp fleire muslimske veljarar. Mange norske muslimar er opptekne av familiepolitikk, ruspolitikk, abortpolitikk og religionen sin plass i samfunnet, seier Bondevik, og legg til:

– Ein barriere kan vera at KrF har ordet «kristeleg» i namnet. Samstundes er muslimar opptekne av respekt for religion og det heilage.

f
DEN GONG DÅ: Kjell Magne Bondevik og KrF regjerte saman med Senterpartiet og Venstre frå 1997 til 2000. Biletet er frå statsråd på Slottet i 1999.

Burde KrF vurdera å byta namn?

– Nei, det er ikkje ei løysing. Me drøfta det av og til i mi tid, men blei ståande med Kristeleg Folkeparti. Dei har prøvd i dei andre nordiske landa å kalla seg kristendemokratane, men det har ikkje vore ein suksess. Det er bra at partiets verdigrunnlag kjem til uttrykk i namnet.

Ber partiet styrka lokallaga

Trass det historisk dårlege valresultatet, er Bondevik optimist for KrF. Han peiker på at Venstre i fleire periodar i nyare tid har hamna under sperregrensa, for så å koma over igjen.

– Så er det betre med tre mandat enn eit. Det gjev ein fellesskap, dei kan fordela oppgåver mellom seg, og partiet kan profilera seg breiare.

Han har eit klart råd til partiet: Dei må koma seg ut i landet.

– No er det viktig at partiet ikkje gløymer områda der dei gjekk mest tilbake i valet. Område som Nord-Noreg, Innlandet og Trøndelag. Partiet må bruka ressursane på å forsterka partiorganisasjonen lokalt, så dei kjenner dei har partiet i ryggen. Det bør partiprofilane vera med på. KrF bør ha ambisjonar om å vera landsdekkande.

Sluttar opp om Ropstad

Bør Ropstad vurdera stillinga si?

– Det vil eg ikkje kommentera. Om leiinga ønsker at han skal halde fram, må me slutta opp om det. Han har gjort ein stor innsats, og partiet gjekk fram nokre tidelar under valkampen.

– Du var ikkje på valvaka til KrF. Kvifor ikkje?

– Når eg kjem på slikt, blir det så mykje media. Det er ikkje nødvendig. Leiinga bør stå i fokus. Eg valde å slappa av heime, og det skal ein ikkje legga noko i. Det var mange andre veteranar som heller ikkje var der.

Kjell Magne Bondevik

  • Fødd i 1947 i Molde, Møre og Romsdal.
  • Har vore partileiar, statsminister i to regjeringar og hatt to statsrådspostar for KrF.
  • Var stortingsrepresentant for KrF i 32 år.
Powered by Labrador CMS