Bollestad: – Tru er meir enn fire kryss i eit skjema

Fungerande KrF-leiar Olaug Bollestad meiner Utlendingsnemndas (UNE) forståing av tru kan vere smal.

Olaug Bollestad er fungerande leiar i KrF.
Publisert Sist oppdatert

– Det er mange som opplever at Utlendingsnemnda ikkje forstår trusspørsmål. Vi må kunne møte tru på ein audmjuk måte. Tru er meir enn fire kryss i eit skjema, seier Bollestad til Vårt Land.

I det politiske styringsdokumentet til Solberg-regjeringa, Granavolden-plattformen, står det eit punkt om konvertittar som søkjer asyl i Norge:

«Regjeringa vil sikre at det blir halde nemndsmøte med personleg oppmøte, og at det blir gitt moglegheit til å føre vitne under nemndsmøte i Utlendingsnemnda i asylsaker der vurderingstemaet er truverdet ved ei konvertering. Den utvida tilgangen til personleg oppmøte gjeld berre éin gong i kvar sak.»

Forslaget skal no ut på høyring. Vitnet asylsøkjaren kan ha med seg til nemndmøtet Utlendingsnemnda UNE kan vere ein teolog – eller ei kjenning frå kyrkjelyden som kan hjelpe konvertitten med å greie ut om trua i møte med UNE.

– Slik kan den enkelte få hjelp til å tydeleggjere trua si, forklarar Bollestad.

Mangelfull kompetanse

Asylsøkjarane som kan få opphald i Noreg på grunnlag av konvertering, kjem i hovudsak frå Afghanistan og Iran. Konvertittar frå Afghanistan har rett til opphald på grunn av forfølgingsfare. For iranarar gjeld det berre viss deira kristne tru har ei slik form at dei vil vere i fare i heimlandet.

Mange har stilt spørsmål om UNE har rett kompetanse til å vurdere slike saker. Bollestad seier at kompetansen til UNE kan vere smal.

– Eg er sjølv ikkje så avansert i skildringa av mi tru. Det er klart at når ein skal gjere greie for ho overfor ei kritisk innstilt nemnd, og i tillegg har språkvanskar, kan det by på utfordringar, meiner ho.

– Burde ein ikkje kunne styrke kompetansen til UNE i trusspørsmål?

– Det kan også bli eit resultat av høyringa. Kompetanse til å stille dei rette spørsmåla.

For lang tid

Biskop emeritus Tor B. Jørgensen har lenge ytra seg om konvertittsaker. Han er glad for at Bollestad realiserer forslaget frå Granavolden, men undrar seg kvifor det har tatt så lang tid.

– Det skulle eigentleg berre mangle. Vi har ytra oss om dette i lang tid, seier han.

I tillegg til forslaget om sakkyndig vitne, meiner Jørgensen det er trong for ei breiare gjennomgang av UNEs praksis knytt til trusspørsmål. Rettstryggleiken til flyktningar står på spill, meiner han.

– Ifølge FNs høgkommissær for flyktningar skal det vere ei djupsindig undersøking av konverteringa til den enkelte. Ei slik undersøking finn ikkje stad i dag, seier Jørgensen.

Ubunden vurdering

I Borgarting lagmannsrett går no ei sivil sak der ein afghansk familie har saksøkt staten. Familien vonar domstolen omgjer det endelege avslagsvedtaket deira. Familien tapte i tingretten, men vonar no å få opphald på grunnlag av konvertering.

UNE har opplyst om at mange konverteringar finn stad etter eit avslag i utlendingsforvaltninga. UNE og stortingsrepresentant Geir Toskedal (KrF) har understreka at dette svekker truverdet i konverteringssaker. Fungerande KrF-leiar Bollestad er opptatt av vurderingane skal vere ubundne.

– Sjølv om konverteringa skjer i samband med omgjering, skal vurderinga skje på sjølvstendig grunnlag, fortel ho.

I rettssaka i Borgarting står sakkyndige teologar og UNE på kvar si side i synet på om konverteringa er reell.

LES OGSÅ:

– Familien er i reell fare

Konvertitten Hamed ble ikke trodd i Norge, men det ble han i Tyskland

Pastor anmeldte politiet for maktmisbruk mot kirkeasylanter – henlagt

Teologer føler seg tilsidesatt som sakkyndige

UNE ser konverteringa som strategisk

Fakta:

Powered by Labrador CMS