Biskopen møtt med buing på Herøy

Folk i bygda krever prest Jens Terje Johnsen (bilete) tilbake. – Gløym det, svarar biskopen.

Mange i Herøy vil framleis ha Jens Terje Johnsen som sokneprest, men slik vert det ikkje.
Publisert Sist oppdatert

Møre-biskop Ingeborg Midttømme var klar i bodskapen sin då ho deltok på folkemøte i Herøy kyrkje torsdag kveld: Den omplasserte presten Jens Terje Johnsen kjem ikkje tilbake på jobb i Herøy.

I ei avtale som vart signert 27. juni, aksepterar Johnsen omplassering til Hareid frå 1. september. Han trekker seg frå soknepreststillinga i Herøy for å bidra til ro i staben i Herøy kyrkje, skriv Herøynytt.

– Personalsak. Eit av punkta i avtala er at partane ikkje skal kommentere bakgrunnen for omplasseringa.

Mange i bygda reagerar på at biskopen ikkje vil seie kva omplasseringa skuldast.

– Dette er ei personalsak. I arbeidslivet finst det spelereglar, og dei må vi følgje, sa Midttømme ifølgje Sunnmørsposten.

Avskil. Fleire av dei frammøtte kravde å få presten tilbake.

– Det vil ikkje skje. Oppreisninga er det de som må sørgje for – ved å gi Johnsen ei flott avskilsgudsteneste, sa Midttømme og vart møtt med buing.

Avskilsgudstenesta finn stad 28. august.

Powered by Labrador CMS