Barn fødd med tre foreldre

Omstridt fødsel fann stad i Mexico. Fertilitetslege valde eit land utan hindrande reglar.

###
John Zhang er lege på New Hope Fertility Center.
John Zhang er lege på New Hope Fertility Center.
Publisert Sist oppdatert

Paret hadde fått to barn. Men begge døde av arveleg sjukdom. Då søkte dei hjelp hjå den amerikanske fertilitetslegen John Zhang, som tok med seg paret til Mexico. For det han skulle gjere var ulovleg i USA.

Valet av land, forklarar Zhang slik til magasinet New Scientist:

– Der er det ingen reglar.

Zhangs arbeid vekkjer no oppsikt: Verdas første barn med DNA frå tre personar er fødd.

New Scientist, som var først ute med saka om det høgst uvanlege guten, fortel at han blei fødd i april. I Mexico.

LES MEIR Høyre løfter ut nei til eggdonasjon

«Kroppens» kraftverk

Dei nybakte foreldra, som er frå Jordan, har i 20 år strevd med å få barn. Fordi ein firedel av moras mitokondriar har ein sjukdomsframkallande mutasjon, har to barn blitt fødde med nervesjukdommen Leigh syndrom og døydd. Kvinna har også vore gjennom fire spontanabortar.

Mitokondriane er «kroppens kraftverk». Energien får vi frå maten vi et, men den kan ikkje utan vidare brukast av kroppen. Maten må først bli konvertert til ei form for energi som kroppen kan gjere bruk av. Dette blir gjort i mitokondriane, som også har sitt eige arvestoff, DNA, eller såkalla mtDNA.

Testa etter fødselen

Dette har John Zhang, som leiar fertilitetssenteret New Hope Fertility Center i New York, gjort:

Han tok eitt egg frå kvinna og friske mitokondriar frå egget til ein kvinneleg donor og skapte eit friskt egg, som så blei befrukta med sæd frå mannen. Det nye befrukta egget blei så sett inn i kvinna. Dermed blei ikkje den store mengda dårlege mitokondriar overført til barnet.

Sidan barnet blei fødd for fem månader sidan, er det blitt testa av Zhang, fortel New Scientist. Diagnosen er oppløftande. Berre éin prosent av mitokondriane til guten har mutasjonen for sjukdommen mora er berar av.

– Det var etisk rett

På spørsmål om kvifor han valde å utføre tre-foreldre-prosjektet i Mexico, fortel Zhang at det var det einaste rette:

– Å redde liv er etisk rett.

Bioteknologirådet opplyser at det er fleire forbod i norsk lov som gjer at denne metoden ikkje kan brukast her til lands: forbod mot eggdonasjon, forbod mot genterapi på kjønnsceller og forbod mot overføring av cellekjernar.

Powered by Labrador CMS