Åtvarar stemneungdom mot Gule-påverknad
Leiande humanetikar deltek på Ung Landsmøte fredag.

Nestleiaren i NLM Region Sør er uroa over at Lars Gule er invitert til Ung Landsmøte. Humanetikar skal fredag delta i ein debatt på Ung Landsmøte (UL), Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) og Indremisjonsforbundet (ImF) sitt ungdomsarrangement på Ålgård i Rogaland.
– Kan misse trua. Nestleiar i NLM Region Sør, Eivind Gjerde, fryktar at dei unge skal misse den kristne trua som følgje av debatten.
– I yttarste konsekvens kan ein risikere at Gule snakkar så godt for seg at nokon får svekka trua si, eller at dei får tankar som gjer at dei kanskje på sikt misser trua si, åtvarar Gjerde overfor Dagen.
– Underleg tankegong. Generalsekretær i Human-Etisk Forbund, Kristin Mile, tykkjer Gjerde har ein underleg tankegong.
– Misjonssambandet må vel legge til grunn at ungdommen har ei så grunnfesta tru at dei toler dette, seier ho til NRK.no.
Mile meiner unge har godt av å høyre ulike synspunkt, og påpeikar at Gule ikkje deltek på slike møter for å misjonere.
– Alle unge har glede av å høyre gode debattar. Å vere redd for at ungdommen kan misse trua, er eit utslag av usikkerheit for eiga tru, hevdar ho.
– Pregar elevar. Det er erfaringar frå jobben som lærar på Kvitsund Gymnas, ein kristen vidaregåande skule, som gjer Gjerde skeptisk til å utsetje kristen ungdom for ateistisk påverknad. Han kjenner til fleire elevar som vert prega av kritiske synspunkt dei møter på internett.
– Der møter dei tankane Lars Gule representerer, og forkastar dermed kristen tru, fortel han.
Generalen ikkje uroa. – Trua mi og Bibelen tåler alle angrep. Og det er viktig å utruste ungdommen til å møte ulike argument som dei elles vil møte på vidaregåande skule og i studium. Då er det er greitt å få dei servert i ein trygg og god setting som UL der ein glimrande apologet møter Gule, seier generalsekretær Øyvind Åsland i Misjonssambandet til Dagen.
Han meiner UL er «ein trygg og god setting» å bli servert innvendinger mot trua.
– Så eg trur det her er ein svært forsvarleg og god måte å gjere det på, sjølv om ungdommane er ned i 15 år, seier Åsland.