Atomfare i Ukraina: – Berre fantasien set grenser
UKRAINA: – Atomkraftverk er ikkje bygd for å tole krig, seier tidlegare reaktorsjef Ole Christian Reistad etter den dramatiske utviklinga i Ukraina.


– Det handlar ikkje så mykje om i kva grad kjernekraft er sikkert for samfunnet, men om samfunnet er sikkert nok for kjernekraft, seier tidlegare reaktorsjef for den norske forskingsreaktoren på Kjeller, Ole Christian Reistad.
Han er no avdelingsleiar for miljøtryggleik og strålevern ved Institutt for energiteknikk (IFE).
Når det no for første gong går føre seg ein fullskala krig i eit land med store atomanlegg, blir denne vedkjenninga skremmande aktuell. Natt til fredag føregjekk det trefningar mellom ukrainske og russiske styrkar rett ved atomkraftverket utanfor Zaporizjzja, aust i Ukraina. Kraftverket er Europas største.
Sjølv om denne hendingane så langt ikkje har ført til utslepp frå dette anlegget, er faren framleis stor for at det kan skje alvorlege hendingar knytt til Ukraina sine fire, store atomkraftverk.
Atomkraftverk er ikkje konstruert for å tole krig, seier Reistad.

Sårbar infrastruktur rundt
– Reaktorane skal kunne motstå stor påverknad utanfrå, og vil til dømes truleg tole å bli trefte av ei bombe. Men alle dei andre elementa rundt reaktorane vil ikkje det, seier Reistad.
Han forklarar at eit atomkraftverk er heilt avhengig av samfunnet rundt. Det treng tilgang til kaldt kjølevatn, straum, og ikkje minst fri tilgang for kompetent personell som har den naudsynt erfaringa og kunnskapen til å handtere eventuelle krisesituasjonar ved eit kraftverk.
Då det oppstod brann i nærleiken av det største kraftverket i Ukraina natt til fredag, kom det meldingar frå ukrainsk side om at russiske styrkar skal ha skote på brannmannskap som jobba med å sløkke brannen.
– Det er heilt avgjerande for tryggleiken at folk får høve til å komme uhindra fram og gjere jobben sin, seier det tidlegare reaktorsjefen.
Reistad trekk fram ulykka ved Fukushima-kraftverket i 2011 som eit relevant døme på kva som kan skje i Ukraina. Den gongen var det ein tsunami som var den utløysande årsaka.
– Det som skjedde var at det skjedde ei ytre hending som er heilt uvanleg, som ramma funksjonane rundt kraftverket. Straumtilgangen vart slått ut, dieselaggregat fungerte ikkje, kjølevatnsystemet fungerte ikkje.

Radioaktivt materiale kan komme på avvege
– Vi har relativt god oversikt over radioaktiv materiale i Ukraina, seier Ingar Amundsen. Han er avdelingsdirektør for kunnskapsutvikling og internasjonal atomtryggleik i Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA).
Han seier at Noreg over lengre tid vore ein nær samarbeidspartnar med Ukraina på atomtryggleiksområdet. Men også han er bekymra for konsekvensane av at eit land med lang atomhistorie er ramma av krig.
Ukraina, som får meir enn halvparten av krafta si frå fire store kjernekraftverkanlegg, har samla opp avfall frå desse kraftverka heilt tilbake frå sovjettida. I tillegg til dette kjem store mengder radioaktivt avfall og anna materiale frå industri, medisin og forsking. Mange av lagra for atomavfall er gamle, og kvaliteten er varierande, seier Amundsen.
– Er høgradioaktivt avfall frå kjenerkraftverk lagra på ein slik måte at det kan tole direkte treff frå bomber eller artilleri?
– Det enkle svaret på det er nei, svarar Amundsen.
– I tillegg til at lagra ofte er gamle, så vil det også for nye anlegg alltid vere ein diskusjon om kostnad når ein skal avgjere kva dei skal tole. Og lagringsanlegga er ikkje bygd for å vere trygge mot krig.
Skitne bomber

Om eit lager for atomavfall blir utsett for bomber så er det neppe noko som ville kunne føre til spreiing av radioaktivt avfall til Noreg, men dei lokale konsekvensane kan vere store, understrekar han.
Amundsen fryktar også at radioaktivt materiale kan hamne i gale hender.
– Ei moglegheit er å lage såkalla skitne bomber. Det vil seie at ein pakkar radioaktivt materiale saman med konvensjonelt sprengstoff for å spreie radioaktivitet over eit stort område.
Samstundes er det ikkje berre dei som aktivt søkjer å bruke radioaktivt materiale for å skade andre som er grunn til bekymring, seier Amundsen. Også det at farleg avfall kan spreiast uforvarande i ein kaotisk krigssituasjon, kan vere ein betydeleg risiko.
– Det at radioaktivt materiale blir spreidd rundt utan at nokon har oversikt over kor det er, kan føre til at folk kjem i kontakt med det og blir utsett for alvorlege strålingsskadar utan å vite det, seier han.
– Er det fare for at sikringstiltaka ved lagringsanlegga blir svekka i ein krigssituasjon?
– Det kan ein sjølvsagt berre spekulere om, men det er grunn til å vere bekymra også for det. Det er lett å sjå føre seg at folk i ein slik situasjon er meir opptekne av eige liv og eiga helse enn av å gjere jobben sin med å til dømes sikre atomavfall.
Ikkje Tsjernobyl-fare
Medan mange framleis har dei dramatiske bilda frå TV-serien Chernobyl frå 2019 i hovudet, har meldingane som kom førre veke om auka radioaktivitet i området rundt ulykkesreaktoren vekt uro.
Amundsen understrekar at det ikkje er grunn til å bekymre seg for ei ulykke på same nivå som Tsjernobyl-katastrofen. Sjølv om dei attverande reaktorane i landet er gamle, er ingen av dei med same teknologi som ulukkesreaktoren, og tryggleiken er høgare i dag enn under sovjettida.

Ingen grunn til å ta jod no
Seniorrådgjevar i DSA Ingrid Dypvik Landmark understrekar overfor Vårt Land at det ikkje er grunn til å tru at det vil blir aktuelt å ta i bruk jodtablettar i Noreg som følgje av ei hending i Ukraina no. Ho viser til at sjølv ikkje under Tsjernobyl-ulykka hadde vi radioaktivt nedfall i Noreg på eit nivå som gjorde det aktuelt å be folk om ta jod.
– Jod er noko som først fremst er aktuelt for hendingar som er mykje nærare, som til dømes ved atomkraftverk nær grensa i Sverige eller Finland. Mest nærliggande er ein situasjon der det skulle skje eit stort lokalt utslepp i samband med ei ulykke som involverer eit atomdrive fartøy langs norskekysten, seier ho.
Ho understrekar også at jodtablettar er eit relativt avgrensa verkemiddel som berre hjelper mot spreiing av radioaktivt jod. Skjer det ei stor atomulykke er det også mange andre tiltak som må settast inn. Det viktigaste vil vere å halde seg innandørs.
Ein skal ikkje ta jodtablettar utan at styresmaktene har gjeve varsel om at det er nødvendig.