Åpen folkekirke har kyrkjemøte på kafé
Åpen folkekirke brukar all ledig tid på å samle kyrkjemøtegruppa for å meisle ut strategien.

TRONDHEIM: - Hallo, godt å sjå deg.
Kristin Gunleiksrud Raaum, nestleiar i Kyrkjerådet og styremedlem i Åpen folkekirke (ÅF), kjem ut frå kafeen Somma i Nordre gate i Trondheim og helsar leiar i Gard Sandaker-Nielsen, leiar ÅF og Oslo bispedømmeråd velkomen til kyrkjemøtebyen.
Sandaker-Nielsen rakk akkurat ikkje fram til kafémøtet, som fann stad i timane før Kyrkjemøtet 2016 opna med gudsteneste i Nidarosdomen.
LES MER: Kirketopp gikk i strupen på regjeringens asylpolitikk
Stilte med eigne lister
Årets Kyrkjemøte er historisk på fleire måtar. For første gong stiller ein kyrkjeleg organisasjon med ei stor gruppe delegatar. Fram til kyrkjevalet i fjor blei alle valt på felleslistene i bispedømmeråda.
Det blei endra då Åpen folkekirke blei skipa i god tid før valet og stilte lister i 9 av 11 bispedømme. Det er medlemmene i bispedømmeråda som utgjer Kyrkjemøtet.
LES OGSÅ: Tviler på om homofili-avklaring gir ro i kirken
– Må bli samsnakka
ÅF gjorde eit brakval. Av 116 delegatar på Kyrkjemøtet er heile 46 frå den ferske kyrkjeorganisasjonen. Fordi fleire av delegatane har lite eller ingen røynsle frå arbeid i den kyrkjelege rådsstrukturen frå lokale sokneråd og bispedømmeråd hadde ÅF ei samling i februar for å drive opplæring. Difor var også mange ÅF-delegatar samla på kafe Somma onsdag føremiddag.
- Vi må bli samsnakka, vi må bli samde om kvar vi står i sakene som blir behandla på Kyrkjemøtet, forklarar Sandaker-Nielsen.
LES OGSÅ: Kulturministeren vil ikke love mer penger til kirken
Usikker på hva Kirkemøtet egentlig er? Sjekk vår interaktive grafikk.
– Treng all ledig tid
Programmet under Kyrkjemøtet er tettpakka. Frå morgon til kveld fram til tysdag skal store og viktige saker bli behandla i fagkomitear og i plenum før vedtak.
- Difor må vi bruke all ledig tid på gruppemøter, seier AF-leiaren.
Dette er heilt nytt på Kyrkjemøtet. Tidlegare har det vore uformelle fraksjonar som har funne saman for å sikre fleirtal i omstridde saker. No er Kyrkjemøtet delt i to grupper, ÅF med sine 46 delegatar og dei øvrige 70.
LES ALLE SAKENE OM KIRKEMØTET HER
Fastlagt strategi
Blant ÅF-delegatane er det dei som er spente på om alle kjem til å stemme i samsvar med fastlagt strategi. Det blir avgjerande korleis ÅF-leiinga klarar å få ut stemmeinformasjon når ordskifta rasar mot avsluttande voteringar; vil alle slutte lojalt opp om det som er avtalt på førehand? får Vårt Land høyre.
Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!