Ap-politikar åtvarar mot utruskap

Ber foreldra tenkje mest på barna.

Edward Daves meiner mange foreldre er for opptekne av si eiga lukke og let det gå ut over barna.
Publisert Sist oppdatert

Edvard Dawes, Ap-politikar i Eidsvoll, meiner mange foreldre set seg sjølve føre barna. Han åtvarar mot utruskap og meiner talet på skilsmisser er unødvendig høgt.

– Barna lir under samlivsbrota til foreldra, og det snakkar vi for lite om. Eg meiner talet på skilsmisser er unødvendig høgt og at mange barn ville hatt det betre ved at foreldra var meir opptekne av deira lukke enn av si eiga, seier Dawes til Romerikes Blad. han legg til:

– Mange går seg vill i jakta på «den perfekte vaksenlukka». På vegen risikerer ein på skade både sine eigne barn og seg sjølv.

Dawes er sjølv skilt. Ekteskapet var barnlaust. No har han tre barn i eit nytt ekteskap.

Han meiner terskelen for utruskap er for låg og at dette i stor grad fører til det høge talet på skilsmisser.

Kvart andre ekteskap går i oppløysing. Romerikes Blad viser til psykologiprofessor og samlivsrådgjevar Frode Thuen ved Høgskolen i Bergen som seier at kring halvparten av dei brotne ekteskap har element av utruskap i seg.

Dawes er klar i åtvaringa:

– Eg meiner at mange foreldre har eit for lettvint forhold til familielivet. Når ein stiftar familie, vel ein seg inn i noko nytt og må velje bort noko anna. Dersom ein ikkje er ferdig med å gå på disko, bør ein heller ikkje skaffe seg barn.

Dawes er opphavleg frå India, skriv Romerikes Blad, har engelsk bakgrunn, er protestant og har fått seg kone frå Vestlandet. Han seier at barna er «Guds gave til oss» og at vi difor skal ta vare på dei på beste måte «og ikkje gi etter for lyst i aust og vest».

Powered by Labrador CMS