– Alle er einige om å bruke mindre tvang, heilt til tragedien skjer
PSYKIATRI: Individuell fridom er ein veksande trend innan psykiatrien, ifølge Pål Grøndahl. Det kan føre til at farlege personar, som drapsmannen på Kongsberg ikkje vert stogga i tide.

– Den ideologiske trenden innan psykiatrien har sidan 1970-talet vore at det skal vere lov å gå til helvete.
Psykologspesialist Pål Grøndahl er ein av landets mest erfarne rettspsykiatrisk sakkunnige, og skreiv i 2019 læreboka Om drap. Han meiner at terskelen for å sette i gang nødvendig behandling for alvorleg psykisk sjuke stadig er blitt heva, som følgje av ei ideologisk overtyding om at individuell fridom og sjølvstyre trumfar alle andre omsyn.
Trenden går eit halvt hundreår tilbake i tid meiner han, og viser blant anna til filmar som Gjøkeredet (1975), som teikna eit bilde av forferdelege institusjonar der bruk av tvang blir framstilt som unødvendig og tilfeldig.
– Sidan då har psykiatriske behandlingsinstitusjonar blitt bygd ned og ned og ned, seier han.

Betre spørsmål enn svar
Problematikken er på tragisk vis aktualisert gjennom handlingane til ein etter alt å døme psykisk sjuk person på Kongsberg denne veka. Spørsmålet Vårt Land stiller til Bjørndahl er kva ein kan gjere for å hjelpe dei menneska som ramlar mellom politiet og psykiatrien.
– Spørsmålet er betre enn svaret, seier han.
Han understrekar at spørsmål som handlar om tvangsbruk og om nokon er tilrekneleg, er nokre av samfunnets vanskelegaste problem, og at det ikkje finst enkle og klare svar på desse problema.
Han er likevel skeptisk til tendensen til at behandling av psykisk sjuke skal vere så avhengig av at behandling skal vere frivillig for pasienten. Trenden er også at behandlinga i stor grad vert flytta ut av institusjonane og nærare heimen til pasienten.
– Kan hende har vi kasta noko på båten. Kan hende er det nokon som ikkje får det tilbodet dei treng når det er slik, med dei konsekvensane det får, seier Grøndahl.
Alle er einig om å redusere bruken av tvang, heilt til slike hendingar som denne i Kongsberg skjer
Pål Grøndahl
Festtaleretorikk
Han viser blant anna til ei urovekkande utvikling i Danmark. Der er talet på behandlingsplassar, for dei som er dømt til psykiatrisk ettervern etter å ha utført kriminelle handlingar, bygd betydeleg opp. Parallelt med dette er talet på sivile behandlingsplassar som kan fange opp pasientar før dei gjer noko kriminelt, bygd ned.
– Folk som høyrer heime i den sivile psykiatrien blir pressa over i rettspsykiatrien, meiner Grøndahl.
Vekslande regjeringar har dei siste tiåra jobba for å redusere bruken av tvang i psykiatrien. Grøndahl meiner måten politikarane har snakka om problematikken har hatt preg av festtaleretorikk.
– Det vert sjeldan definert kva som vert meint med å redusere bruken av tvang. Er det snakk om medisinering, innlegging, bruk av belte? Alle er einige om å redusere bruken av tvang, heilt til slike hendingar som denne på Kongsberg skjer.

Samtykkekompetanse
Grøndahl er sterkt kritisk til lovregelen om samtykkekompetanse som vart innført under nyleg avgåtte helseminister Bent Høie i 2017. Denne regelen seier at tvang berre kan brukast mot pasientar som i undersøkingsøyeblikket er så sjuke at vedkommande openbert ikkje er i stand til å forstå kva dei blir bedd om å samtykke til.
– Ein pasient kan stå fram som samtykkekompetent i den korte augneblinken dei er inne til utgreiing, men vere veldig sjuk i neste augneblink når dei er skrivne ut.
Meir og grovare vald
I samband med politiet si årlege trugselvurdering i januar i år uttrykte direktør for beredskap i Politidirektoratet, Tone Vangen, bekymring for at talet på grov vald og trugslar utført av alvorleg psykiske sjuke personar er aukande.
I januar i år la politiet fram tal som viser ei dramatisk auke politioppdrag som har samband med psykisk sjukdom. Frå 2016 til 2020 auka talet på psykiatrioppdrag frå 37.130 til 53.219.
– Valden rammar både tilfeldige personar i det offentlege rom, og personar i gjerningspersonens nære omgangskrets. Valden som blir utøvd av personar med alvorlege psykiske lidingar, skildrast som grovare enn tidlegare, seier ho på politiet si nettside.

Sannsynleg med fleire hendingar
På den same nettsida går det fram at ifølgje ei vurdering som er gjort i samarbeid med Helsedirektoratet, vurderer politiet det som sannsynleg at fleire personar med alvorlege psykiske lidingar vil utføre vald mot både seg sjølv og andre.
Beredskapsdirektøren seier også at det ofte går fram av politiloggane at det er saker som handlar om psykiatri, men at det ikkje blir ført nokon statistikk. I politiet sitt system blir alle valdshandlingar ført under eitt.
– Psykiske lidingar i kombinasjon med blant anna rusmisbruk, samlivsproblem eller arbeidsløyse kan auke faren for at det blir utøva vald, og det blir vurdert som mogleg at framtidige valdshandlingar vil få eit dødeleg utfall, sa beredskapsdirektør Vangen i januar i år.
Kan ikkje predikere
Pål Grøndahl understrekar at ein aldri vil kunne føreseie kven den neste som utfører vald eller drap vil vere gjennom psykiatrien.
Problemet er at veldig mange er rare, men få av dei utfører vold
Pål Grøndahl
– Dersom ein person får gå rundt aleine med stadig meir underleg åtferd så må det vere mogleg å finne ut om denne personen har behov for behandling. Det er noko litt tafatt over dei verkemidla vi har no. Men samstundes er problemet at veldig mange er rare, men få av dei utfører vald, seier Grøndahl.
Han ser at dette fører med seg nokre store og vanskelege dilemma.
– Kor går grensa? Eg har ikkje noko tindrande klart svar på det.