Abort splittar Ap på Stortinget

PARTI-LINJA: Nesten ein av tre Ap-folk på Stortinget gav ikkje ei eintydig støtte til å heva abortgrensa, då dei vart spurt før valet.

d
PAROLE: Abortkampen vil prega toga under kvinnedagen 8. mars. Her frå Oslo 2019.
Publisert Sist oppdatert

«Abort er kvinners valg – avskaff nemndene nå!»

Slik lyder hovudparolen under kvinnedagen 8. mars i Oslo. Over heile landet demonstrerer kvinner for å utvida grensa for sjølvbestemt abort.

Også på Stortinget er abortlova si framtid i spel. Regjeringas abortutval er på trappene, og på Stortinget er 80 representantar vald inn for parti som vil utvida abortgrensa til veke 18 eller 22.

Det manglar dermed berre fem stemmer for å utvida dagens abortgrense på 12 veker.

Om Arbeidarpartiet hadde landa på ei abortutviding til veke 22, hadde eg slite meir med det.

Runar Sjåstad, Ap

Men i det største partiet som vil utvida grensa – Arbeidarpartiet – er det delte meiningar.

Nesten ein av tre Ap-politikarar på Stortinget lét i sommar vera å gje ei eintydig støtte til å utvida abortgrensa.

Det viser ein gjennomgang Vårt Land har gjort av VGs valgomat.

To var «heilt ueinig» i utviding

På VGs valgomat svarer politiske kandidatar på kva dei meiner om fleire påstandar. Eine påstanden handlar om abort, og er formulert slik:

«Vi bør utvide grensa for sjølvbestemt abort frå dagens grense, som er veke 12 i svangerskapen.»

Kandidatane kan velje mellom fem svar som viser kor einig dei er i påstanden.

Rundt to av tre av dei politikarane som kom inn på Stortinget for Ap, svara at dei var «heilt einig» i påstanden.

Resten svara slik:

  • Åtte svara «litt einig».
  • Ein svara «verken eller».
  • Tre svara «litt ueinig»
  • To svara «heilt ueinig».

Dermed svara altså 14 av totalt 48 representantar ikkje eit rungande ja til å utvida dagens abortgrense.

Politikarane kunne svara på valgomaten frå midten av juni og fram til valdagen i fjor, opplyser VG til Vårt Land.

Svara kom dermed etter Aps landsmøtevedtak i april om å utvida abortgrensa til veke 18.

Svara på personleg grunnlag

– Eg er ikkje forundra over at det er ulike syn i Arbeidarpartiet. Me har hatt ein diskusjon i partiet, og det er kanskje særleg i ungdomspartiet at ein ønsker ei utviding av abortgrensa.

Det seier Runar Sjåstad, som er ein av to som svara «heilt ueinig» på om abortgrensa bør utvidast.

r
KANDIDAT: Runar Sjåstad sit på Stortinget for Arbeiderpartiet.

– Eg svara på personleg grunnlag på den valgomaten. Samtidig står eg for det partiet har falt ned på. Sjølv om me er mange i Arbeidarpartiet som hadde vore komfortable med ei abortgrense på veke 12, er eg ikkje ukomfortabel med veke 18 heller.

Runar Sjåstad har tidlegare vore fylkesordførar i Finnmark, og er inne i sin andre periode på Stortinget.

Han omtalar veke 18 som eit kompromiss, og viser til at Raudt og SV vil utvida grensa til 22 veker.

– Eg blir litt opprørt når nokon vil gå godt ut over 18 veker. Om Arbeidarpartiet hadde landa på ei abortutviding til veke 22, hadde eg slite meir med det.

Ap bind stortingsgruppa

Sjåstad fortel at abort-standpunktet hans har endra seg over tid etter prosessen internt i partiet, og etter innspel som kjem frå kvinner som fortel om negative møter med abortnemnder.

– Eg har fått ei auka forståing for korleis det er å stå i denne situasjonen. I slike saker er det viktig å høyra dei som har ein historie, i staden for meg som er ein godt vaksen mann.

Uansett kva syn Runar Sjåstad har, vil ikkje det få konsekvensar for abortlova. Ap bind nemleg stortingsgruppa i abortspørsmål.

Fleire andre parti fristiller representantane sine i etiske spørsmål.

– Om eg hadde hatt blitt fristilt, er det ikkje umogleg at eg likevel hadde stemt for veke 18. Eg har fått meir innsikt og forståing i temaet, seier Sjåstad.

Peiker på praksis med å innvilga abortar

Tellef Inge Mørland var ein av dei som svara «litt ueinig» på om abortgrensa bør utvidast.

I ein kommentar på VGs valgomat utdjupar Mørland dette svaret:

r
KANDIDAT: Tellef Inge Mørland i Ap.

«I utgangspunktet støtter jeg ikke en utvidelse av grensen for selvbestemt abort, men ser at i praksis innvilges nesten alle aborter frem til uke 18. En utvidelse frem til uke 18 vil derfor i realiteten ikke innebære noen større endring, utover at nemndene fjernes.»

Han skriv at han meiner at abortlova har fungert godt, og at han er ein klar motstandar av ei utviding utover veke 18.

«En utvidelse utover uke 18 er jeg derimot klar motstander av, og mener det står i en sterk kontrast til at vi i dag redder barn født stadig tidligere og tidligere i svangerskapet.»

Dyttar grensa fram

Diskusjonen rundt abort prega landsmøtevåren i fjor. Då vedtok Ap, SV, Raudt og Venstre å gå til val på ei utviding av abortgrensa.

Vedtaka under landsmøta gjekk også vesentleg lenger enn partias tidlegare politikk:

  • I dagens program går SV inn for sjølvbestemt abort fram til fosteret er rekna som levedyktig, som i dag er veke 22. I førre arbeidsprogram frå 2017 til 2021, gjekk partiet inn for ei grense på 16 veker.
  • Raudt går no inn for ei abortgrense på 22 veker, medan partiet hadde veke 18 som grense i førre program.
  • Venstre har i programmet ei abortgrense på 18 veker, medan dei i førre program ville halda på dagens grense med veke 12.
  • Det same gjeld Arbeidarpartiet. I førre program ville partiet behalda veke 12, medan dei i noverande periode har programfesta 18 veker.
Powered by Labrador CMS