Abid Raja: – Vi har gått så langt som mogleg i homoterapilov
HOMOTERAPI: Abid Raja (V) meiner regjeringa har gått så langt med homoterapiforbodet som menneskerettane tillet. Kjell Ingolf Ropstad (KrF) meiner heile lova er unødvendig.

– Vi bad lovavdelinga i justisdepartementet om å gje oss eit handlingsrom for kor langt det er mogleg å gå i å forby konverteringsterapi. Dette handlingsrommet har vi nytta fullt ut.
Allereie hausten 2019 annonserte dåverande kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande at eit lovforbod ville komme. Når det har teke halvanna år å levere eit høyringsutkast, så skuldast det ifølge hennar etterfølgar Abid Raja at det har vore gjort eit svært grundig arbeid for å finne den rette grensegangen mellom på den eine sida å beskytte utsette grupper, og på den andre sida religions- og ytringsfridomen.
– Dette er ein praksis vi i regjeringa ikkje ønsker, men det har vore krevjande fordi nesten ingen har gjort dette før oss. Berre Tyskland og Malta har i dag eit slikt tilbod, seier Raja.
Ropstad: – Lova er trengst ikkje
Barne- og familieminister og leiar i KrF Kjell Ingolf Ropstad meiner på si side at det ikkje trengst ei eiga lov for å regulere konverteringsterapi, fordi desse spørsmåla allereie er dekka i andre lover.
– Mitt utgangspunkt er at dagens lovverk er dekkande. Men eit fleirtal på Stortinget ønskjer eit eksplisitt forbod, og då har det vore viktig for oss å sikre at religionsfridomen blir ivareteken, seier Kjell Ingolf Ropstad.

– Forbøn og sjelesorg ikkje ramma
KrF-leiaren viser til at det er fire kriterier som skal leggast til grunn for om ein handling er forboden konverteringsterapi eller ikkje. Ut over sjølve handlinga sin karakter, er det avgjerande om den er systematisk og gjentakande, kva påverknadskraft den som utfører handlingane har, og om den er skadeleg for mottakaren si psykiske helse.
– Det er heilt sentralt for oss at forbøn og sjelesorg ikkje skal bli ramma. Det å gje rettleiing i spørsmål som har med tru å gjere er ikkje konverteringsterapi. Dersom ein kallar noko bøn som eigentleg er fordekt konverteringsterapi, så er det noko anna, understrekar Ropstad.
Det å gje rettleiing i spørsmål som har med tru å gjere er ikkje konverteringsterapi.
Kjell Ingolf Ropstad (KrF)
Er formålet med sjelesorg eller forbøn er å endre eller undertrykke ein person si legning, så vil det bli forbode
Abid Raja (V)
Formålet er avgjerande
Kultur- og likestillingsminister Abid Raja understrekar at det ikkje er praksisane med bøn, forbøn og sjelesorg i seg sjølv som blir forbodne.
– Det er heilt vanleg at folk snakkar med presten sin, imamen sin eller ein terapeut når dei har det vanskeleg, også om ein har kjensler om eigen legning eller seksualitet som ein synes er vanskelege. I slike tilfelle vil mange ha god støtte frå ein prest eller ein imam, og det skal ikkje vere forbode. Men dersom den som skal vere ein samtalepartnar vender seg mot deg og forsøker å endre din legning, så blir det no straffbart, seier Raja:
– Eg trur at også religiøse følger norsk lov, seier Raja.

Ventar på høyring
Ropstad seier han vil vente på tilbakemeldingane frå høyringsrunden før KrF tek endeleg stilling til lovutkastet. Han seier at det er for tidleg å ta stilling til om partiet eventuelt vil ta ut dissens på denne saka i regjering, før høyringsrunden er avslutta.
På spørsmål om det har vore krevjande rundar mellom Venstre og KrF om homoterapi, svarar Ropstad at han ikkje vil kommentere interne prosessar. Raja vil heller ikkje gå inn i detaljane men peikar berre på at «ein treng ikkje vere professor i politikk for å forstå at ulike parti har ulik ideologisk ståstad».
Uavklarte spørsmål
På enkelte punkt blir høyringsnotatet sendt ut utan noko klar anbefaling frå regjeringa. Eitt av desse punkta er om det skal vere totalforbod mot konverteringsterapi også for ungdom mellom 16 og 18 år.
Andre uavklarte spørsmål er om det skal komme eit forbod mot marknadsføring av denne typen terapi. Også: Skal det vera forbode å ta med seg barn til utlandet for å få konverteringsterapi? Rajas meining er klar:
– Når det er forbode å slå barna sine i Noreg, så er det også forbode å ta dei med seg ut av landet og slå dei der. Det same må gjelde for konverteringsterapi, seier han.