3 grunnar til at du ikkje kan stole på det siste partibarometeret i Vårt Land
MEININGSMÅLINGAR: Er du blant dei som trur du veit korleis valet går fordi du les alt du kjem over av partibarometer? Då kan du bli veldig skuffa på valdagen.

– Halvparten av veljarane har ikkje bestemt seg for kva dei skal stemme før valkampen startar. Hundretusenvis av veljarar bestemmer seg ikkje før på sjølve valdagen.

Valforskar Bernt Aardal har samanlikna meiningsmålingar med valresultat heilt tilbake til 1989. Ser ein tilbake på meiningsmålingane si historie, så er det heller regelen enn unntaket at målingane før sommarferien bommar ganske kraftig på det endelege resultatet.
Basert på tala til Aardal kan vi gje deg tre grunnar til at den siste målinga i Vårt Land kanskje er heilt feil.
1: Det er heilt vanleg at parti stuper i valkampen
- I 2001 blei det samla valresultatet for dei borgarlege partia heile 9,2 prosentpoeng dårlegare enn gjennomsnittet for målingane i juni. Heldigvis for Kjell Magne Bondevik og hans regjeringskollegaer, gjorde Ap det så dårleg at det vart borgarleg valsiger, likevel.
- I 2005 låg SV an til eit historisk godt val, med 14,6 prosent i snitt på målingane før sommaren. På valdagen enda dei på 8,8 prosent. Framleis eit godt resultat for SV, men ein skuffelse for dei som trudde på målingane i juni.
- Litt mindre vanleg er det at enkeltparti gjer så store byks oppover i den korte valkampen. Heilt uhøyrt er det likevel ikkje. Gro Harlem Brundtland heva Ap frå historisk svake 28,7 prosent i juni 1993, til 36,9 prosent på valdagen. Fire år seinare skulle Thorbjørn Jagland få vere den første til å finne ut at dette var eit uoppnåeleg sterkt resultat for Ap etter Gro.

2: Sperregrensa mobiliserer …
Det har store utslag for eit parti om det kjem over eller under sperregrensa. Fram til førre stortingsval er det særleg eitt parti som heile tida har vaka i nærleiken av grensa på 4 prosent, nemleg Venstre. Å få Venstre over sperregrensa har fleire gongar vore avgjerande for å stable eit borgarleg fleirtal på beina.
- I juni 2009 låg V på 2,9 prosent på snittet av målingane i juni. På valdagen var oppslutnaden dobla til 5,9 prosent. I etterkant har valforskarar konkludert med at dette mest sannsynleg skuldast taktiske veljarar som eigentleg støtta H, men som stemte V for å få partiet over sperregrensa.
- Også i 2017 gjekk V også fram frå juni til valet. Dette valet var framgangen berre frå 3,3 prosent til 4,4 prosent, men det var nok til å utløyse utjamningsmandat. Hadde Venstre enda opp med oppslutnaden frå målingane i juni, hadde Erna Solberg blitt kasta ut av regjeringskontora.

3: … men det gjer ikkje alltid regjeringsskifte
Sjølv om ønsket om å skifte regjering kan mobilisere ganske sterkt i månadane før eit val, så går ofte litt av lufta ut av ballongen når ein kjem til sjølve valdagen.
- Både i 2001 og 2013 klarte dei borgarlege partia til slutt å vinne makta frå ei regjering leia av Jens Stoltenberg. Men begge gongane blei det mykje meir nære på enn det som var spådd. I 2001 gjekk Høgre tilbake 8,2 prosentpoeng frå juni til valet. I 2013 gjekk dei tilbake 5,3 prosentpoeng i same periode.
- På vårparten i 2017 låg alt an til at Jonas Gahr Støre skulle bli statsminister. Ei stund hadde Ap målingar oppunder 40-talet, og på snittet i juni mangla dei borgarlege framleis 7 mandat på å redde makta. Men i løpet av valet tapte Ap 4,3 prosentpoeng, og det enda med fire nye år for Erna.
Men det blir nok regjeringsskifte, likevel
Om det er nokon i regjeringsapparatet til Erna Solberg som les dette og blir veldig optimistiske, så må vi nok likevel helle litt kaldt vatn i blodet deira.

– Det er vanskeleg å spå, særleg om framtida. Men akkurat no er det mange trendar som peikar nedover for regjeringa, seier Bernt Aardal.
Han viser til ein dårleg trend på meiningsmålingane for Høgre, samstundes som både Venstre og KrF ser ut til å gro seg fast under sperregrensa. Det hjelper heller ikkje at det i norsk politikk er ein sterk trend mot at det kostar over tid å ha makt. Skulle Erna Solberg få ein tredje periode som statsminister, ville det ha vore ei hending med historisk sus. Noko liknande har ikkje skjedd sidan Gerhardsen sine dagar, peikar Aardal på.
Kan bli mindre klart kva regjeringsalternativet er
Om ein ser bort frå at ei svært dramatisk og uventa hending kan påverke valet, så er det nesten utenkjeleg å hente inn eit forsprang på 23 mandat, som raud-grøn side har på den siste målinga til Vårt Land. Då er vi akkurat no nærare eit storting der Ap og Sp har fleirtal aleine. Men styrkeforholdet på raud-grøn side kan framleis endre seg mykje.
Aardal peikar på at dei største veljarrørslene skjer mellom parti som er på same side av den politiske midtstreken.
– Det er slett ikkje sikkert at den gamle raud-grøne konstellasjonen av Ap, SV og Sp får fleirtal etter valet. Det skal relativt små rørsler til for at dei vil bli avhengig av eitt eller fleire støtteparti i Stortinget, seier Aardal.
Så for dei som likar å følgje med på partibarometer er spenninga på ingen måte over enno.