25.000 stua inn i øyleirar - regjeringa vil flytte folk til fastlandet

Regjeringa i Hellas vil tømme øyleirane for flyktningar og migrantar. Ein dag kom det 13 båtar til Lesvos i løpet av ein halvtime.

Torsdag 29. august kom det 13 gummibåtar til fiskarlandsbyen Skala Sykamineas nord på Lesvos. Ombord var det 177 menn, 124 kvinner - og 246 barn.
Publisert Sist oppdatert

Stranda i Skala Sykamineas, ein fiskarlandsby nord på Lesvos, blei full i løpet av 30 minutt. Ombord i 13 gummibåtar var 177 menn, 124 kvinner - og 246 barn.

Scenane som utspann seg på stranda tok restauranteigar Elpiniki Laoumi fire år tilbake i tid:

– Eg vill aldri gløyme dei tusental menneska som kom til denne stranda sommaren 2015, barn, familiar, skada av den farlege reisa, fortel han til nyhendebyrået AFP.

Det året vassa vel 500.000 flyktningar og migrantar i land på Lesvos. Samla tok vel ein million seg til Europa i 2015.

LES MEIR: Flyktninghjelpen: – Hent båtflyktningar til Norge

Scenar frå 2015

Torsdag sto Laoumi på nytt på stranda i Skala Sykamineas og tok i mot båtlast på båtlast med menneske som søkjer eit betre liv i Europa.

– 13 båtar la til land, rett ved restauranten. Eg vil ikkje sjå scenane frå 2015 ein gong til.

FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) opplyser at det kom så mange menneske i land på Lesvos i juli at ein må heilt tilbak til mars 2016 for å finne eit høgare tal, om lag 5.000. I mars 2016 blei EU-Tyrkia-avtalen signert, og Tyrkia lova å stengje båtrutene til Hellas. Noko landet langt på veg klarte. Men i 2019 snudde det.

Ny asylpolitikk

Tilstrøyminga til øyane Lesvos, Chios, Samos, Kos og Leros har fått den nye greske regjeringa til å handle. Kyriakos Mitsotakis, som blei innsett som statsminister 9. juli, varslar at styresmaktene vil tømme dei overfylte leirane på øyane, og sende flyktningar og migrantar til fastlandet – og returnere dei som ikkje får asyl.

Regjeringstalsmann Stelios Petsas seier at den førre regjeringa ikkje gjorde noko med tusental asylsøkjarar som fekk avslag, og at statsminister Mitsotakis har avgjort at desse skal pågripast og sendast tilbake til Tyrkia, utan rett til å anke avgjera.

Samstundes som regjeringa skal rydde øyleirane, vil kystvakta bli rusta opp. Hellas kjøper nemleg inn ti nye patruljebåtar som skal overvake farvatna mellom Hellas og Tyrkia. Målet er å stoppe trafikken med gummibåtar, som er organisert av smuglarar på tyrkisk side.

Til nye Moria-er

Patric Mansour har høyrt sist nytt frå Athen, men varselet om leirtøming er ikkje blitt konkretisert.

– Det me veit er at måndag skal 1.000 personar frå leiren i Moria bli overførte til fastlandet, til tre leirar. Men det blir som å sende folk frå Moria til tre mindre Moria-er, seier Mansour til Vårt Land. Han er leiar for Flyktninghjelpens beredskapsstyrke Norcap på Lesvos.

Moria er den største leiren på Lesvos. Mottaket er dimensjonert for vel 3.000, men husar i dag nesten 11.000 flyktningar og migrantar. Difor er levekåra i Moria svært dårlege. Det statlege mottaket har mellom anna berre ein lege som skal sjå til alle som bur i Moria.

– I dag sit det 25.000 personar i mottaka på dei fem øyane - og all kapasitet er sprengt. Folk må sove ute under open himmel, noko som går akkurat no, men om ei veke kan vinteren slå til, og då blir tilhøva mykje verre, seier Mansour.

Ut over at 1.000 blir overført til fastlandet i dag, har Mansour tidlegare i sommar fått høyre at Hellas planlegg fire nye leirar på fastlandet.

LES MEIR: Ein gresk tragedie - Vårt Land vitja Moria-leiren på Lesvos

Døydde etter slåsskamp

Frivilligorganisasjonen Dråpen i Havet arbeider i Moria-leiren. Koordinator Angelika Sogn fortel Vårt Land at den sterke tilstrøyminga av nye flyktningar og migrantar til Lesvos stressar dei som bur i Moria kraftig.

– Me opplever oftare og oftare at unge flyktningar slåss seg i mellom, og sist helg mista ein ung gut livet etter ein slåsskamp.

Sogn trur meldinga om at øyleirane skal tømast vil skape alt for store forventingar på Lesvos. I Moria-leiren vil folk flytte no, ikkje om litt.

– Og kva blir dei flytta til? Dei som no blir sendt til fastlandet, flyttar ofte til dårlegare leirar.

Lesvos

  • I 2015 kom det vel ein million flyktningar og migrantar til Europa.
  • Om lag 500.000 av dei vassa i land på den greske øya Lesvos aust i Middelhavet.
  • I mars signerte EU og Tyrkia ein avtale som seier at Tyrkia skal stoppe båttrafikken til Hellas.
  • Men ruta blei ikkje stengt, og i 2019 har det koma langt fleire enn åra før.
  • I juli i år kom det rundt 5.000 flyktningar og migrantar til Lesvos.
  • I Moria-leiren på Lesvos, som er dimensjonert for vel 3.000, bur det no snart 11.000.
Powered by Labrador CMS