21-åring kjøpte bedehus for 10.000. No sel han for millionar

BEDEHUS: Endre Tangen (21) fekk kjøpe bedehuset i Fossing for 10.000 kroner. To år seinare sel han for 1,5 millionar.

Bedehus til sals i Fossing.
BEDEHUS: I sytti år har det Fossing Kvinneforening som eigde huset. To år etter at dei selde det, er det tilbake på marknaden og kan gje god forteneste til den nye eigaren.
Publisert Sist oppdatert

– Ei sjeldan moglegheit, seier eigedomsmeklar Guro Hana til lokalavisa Kragerø Blad Vestmar (KV), som først skreiv om salet.

Bedehuset, som ligg i Kragerø kommune, var eigd og drifta i sytti år av Fossing Kvinneforening. For to år sidan selde dei huset til då 19 år gamle Endre Tangen for ein svært rimeleg penge.

Har grave og sprengt

– Eg hadde planar om å utvikle tomta, og det er no starta opp. Det er blitt grave ut og sprengt, seier Tangen til KV.

Det går ikkje fram av saka kor mykje dette arbeidet har kosta.

Til lokalavisa forklarar han at han sel denne eigedomen fordi han har kjøpt ein ny eigedom i Fossing. Han seier at han no ønskjer å selje til nokon som vil utvikle eigedomen vidare, eller som vil bruke huset til andre føremål. Huset har ikkje buplikt, og er regulert som kyrkjelydshus.

Ønskjer ikkje å kommentere pris

Eigedomsmeklar Guro Hana ved Sørmegleren Kragerø fortel til KV at mange har kika på annonsen og lasta ned prospektet. Fleire har dessutan meldt seg på visning.

Endre Tangen ønskte ikkje å kommentere prisen han sjølv betalte til KV. Vårt Land har ikkje lukkast å komme i kontakt med Tangen.

Fossing bedehus interiør
PREIKESTOL: Det er ikkje vanskeleg å sjå kva huset har vore brukt til før Fossing Kvinneforening selde det.


Powered by Labrador CMS