1 av 3 er allereie lei av jula
Dei som stemmar Frp, SV og Raudt er mest juleleie, medan Sp-veljarar stort sett berre kosar seg.

September: Julemarsipanen snik seg inn i butikkhyllene.
Oktober: Butikkane på kjøpesentera pyntar seg til jul.
November: Jula er overalt.
24. desember: Jula ringast inn. Då er éin av tre nordmenn allereie leie av høgtida. Det viser ei undersøking som Norstat har gjort for Vårt Land.
– Har de litt av skulda for at så mange er trøytt av jula no, kommunikasjonsdirektør i Nidar, Robert Rønning?
- Det blir feil å seie at Nidar er syndebukken. Eg har vanskeleg for å sjå kor mykje ein pall med julegodteri i ein stor butikk i oktober har så mykje å seie. Vi bombarderer ingen med reklame. Dessutan sel vi halvparten av julesortimentet vårt i oktober og november.
Marsipan. Eit søk på nettet viser at fleire fortvilar over at julemarsipanen kjem i butikkane allereie i september, men Rønning meiner dette ikkje er regelen.
– Eg kan ikkje garantere at julemarsipanen ikkje har ligge på butikkhyllene den 30. september, men hovudregelen er at berre noko av julesortimentet skal kunne setjast ut i oktober.
– Kva med at sju av ti diggar jula. Har de litt ære i det?
– Nei, men vi veit at mange set pris på julemarsipanen vår. Det er mange som seier til oss at det ikkje blir jul utan at dei får den.
Overraska. - Eg er overraska over at ikkje fleire er lei. Eg trudde resultatet skulle vere godt over 50 prosent, seier Arnulf Kolstad, sosialpsykolog og professor ved NTNU i Trondheim.
Professoren trur årsaka til at folk blir lei, er det kommersielle kjøret.
– Det er ulekkert. Det som reddar julekvelden for dei fleste er at mange skil mellom den kommersielle biten og det som skjer 24. og 25. desember. Desse dagane er prega av noko ekte. Det er familie og høgtid som pregar dagane, og for nokon den kristne julebodskapen, seier Kolstad.
Undersøkinga viser store politiske skilnadar. Rødt, Fremskrittspartiet og Sosialistisk Venstreparti sine veljarar er mest lei. Senterpartiet vinn tittelen som julepartiet, i knivskarp konkurranse med Kristeleg Folkeparti.
– Det er ein fin tittel å ha, seier partileiar i Senterpartiet, Liv Signe Navarsete til at heile 83 prosent av veljarane henna framleis er juleglade når jula kjem.
– Eg fekk nettopp vite at Sp-veljarane også baker mest julekaker. Våre veljarar er glade i tradisjonar og oppteken av den kristne kulturarven, seier partileiaren.
– Kjøpepress. KrF-leiar Knut Arild Hareide hadde håpa på å vinne tittelen som julepartiet.
– Det blir eit mål for meg i 2013 at vi skal toppe lista. Men det er hyggeleg at Senterpartiet er glad i høgtida. Det viser at vi står tett politisk, dei sosiale skilnadane mellom veljarane våre er mindre enn blant mange andre parti, seier Hareide.
Leiar for Raudt, Bjørnar Moxnes, forklarar julemisnøya hos sine veljarar med at dei reagerer på «det vanvittige kjøpepresset over fleire månadar».
– Det er ikkje fordi det er ei kristen høgtid?
– Nei, våre veljarar reagerer nok mest på alt det kommersielle. Det blir som å banne i kyrkja å seie dette i dykkar avis, men jula er i utgangspunktet ein god gamal heidensk tradisjon, så våre ikkje-religiøse veljarar har også mykje å feire. Å setje juletreet inn i stua var ikkje noko Jesus kom på, for å seie det slik, seier Moxnes.
– Kvifor har så mange av dykkar veljarar fått nok, julepolitisk talsmann i Frp, Ib Thomsen?
– Kanskje på grunn av at veljarane våre er engasjerte. Når både skulen, idrettslaget, skulekorpset og jobben skal ha juleavslutning, kan det bli mykje.
– Det går fort over, da. Under kva høgtid er det Frp-arar likar seg best?
– Eg hadde trudd det var jula, men kanskje det er påske. Då går det mot vår og varme.