Misjonssambandet møtest etter år med uro

GENERALFORSAMLING: Det er mykje spenning knytt til storsamlinga til Misjonssambandet denne veka. Sidan siste generalforsamling har organisasjonen opplevd varslingssaker, konflikter og at ein generalsekretær måtte gå.

.
STOR SAMLING: Åpningsmøtet til generalforsamlinga til Misjonssambandet tirsdag kveld. Dei møtast på Oslofjord Convention Center i Stokke kommune i Vestfold. Det kjem i alt kring tusen delegatar, samt fleire tusen tilreisande deltakarar til samlinga, som har blitt ein av dei største kristne sommartreffa i Norden.
Publisert Sist oppdatert

Dei siste to åra har vore prega av ei rekkje varslingssaker, og stor diskusjon og misnøye kring handteringa av desse. Det kulminerte då generalsekretæren gjennom nesten tolv år, Øyvind Åsland, måtte gå med få dagars varsel i vår, berre to månadar før generalforsamlinga. Åsland avviste at avgangen handla om varslingssakene. Hovudstyreformann Raymond Bjuland har uttalt at det handla om «ei heilskapleg vurdering».

Dei sterke frontane og høglydte debatten mellom anna i kristenpressa set kanskje ekstra djupe spor i ein organisasjon som er kjent for ein stor grad av lojalitet.

At eitt av forslaga som ligg på bordet er for fyrste gong i historia å opne for kvinner i eit toppstyre i organisasjonen, gjer også sitt til å auke både spenning og potensialet for høg temperatur på samlinga.

Difor er det med eit spesielt bakteppe at delegatar frå misjonsfellesskap landet rundt møter dei sju valde medlemmane i hovudstyret for å stake ut vegen vidare, men også sjå tilbake på dei siste turbulente åra.

Vårt Land har snakka med ei rekke kjelder med god kjennskap til Misjonssambandet for å finne ut kva saker og moment det er knytt mest spenning til.

1. Debatt rundt uroa, varslingssakene og Åslands avgang

Fleire er spente på korleis uroa som har prega Misjonssambandet dei siste to åra vil koma til uttrykk under generalforsamlinga. Vil det gjennomsyre alle saker? Vil folk adressere det direkte, eller blir det «elefanten i rommet»? Her vil måten dirigentane styrer debatten kunne bli avgjerande. Det blir valt tre dirigentar som skal vera ordstyrarar og halde styr på innlegg, endringsforslag og avstemmingar.

Øystein Frøysa, økonomileder i Misjonssambandet
KRITISK: Øystein Frøysa, økonomileiar i Misjonssambandet har kritisert hovudstyret.

Ein naturleg stad for ein diskusjon kring uroa og varslingssakene vil vera sak tre, der ein skal leggje fram rapporten frå kontrollkomiteen. På kvar generalforsamling legg dei fram sin treårsrapport, der dei vurderar om hovudstyrets forvalting er i samsvar med organisasjonens grunnreglar og generalforsamlingas vedtak.

Nyleg fekk kontrollkomiteen kritikk av tidlegare hovudstyreleiar Lars Gaute Jøssang, som meiner dei har gått utover sitt mandat i varslingssakene. Han har sagt at dei «har gått fra å vera ein teknisk kontrollør til å bli en politisk aktør».

Det kan også bli spanande å sjå korleis hovudstyreleiar Raymond Bjuland og økonomileiar Øystein Frøysa legg fram fireårsmeldinga med rekneskap under sak to.

Sistnemnde sa opp jobben sin i etterkant av Åslands avgang, og har vore tydeleg i sin kritikk av hovudstyret på fleire område. I tillegg til måten Åsland måtte gå på har han kritisert pengebruken kring varslingsutvalet og avsluttinga av Åslands arbeidsforhold. Det er ikkje utenkjeleg at dette er noko som kjem opp når han skal gå gjennom utgiftene organisasjonen har hatt dei siste fire åra.

Og kva med Bjuland? Vil han prøve å koma potensiell kritikk i forkjøpet, eller velje å ikkje adressere uroa i det heile?

2. Kvinner i toppstyre og organisasjonsstruktur

Det er mykje spenning knytt til sak fem: «Menighetstenkning og organisasjonsstruktur». Det er her det historiske forslaget om å opne for kvinner i eitt toppstyre kjem.

Det er viktig å få fram at det ikkje betyr at den teologisk konservative organisasjonen med det foreslår å gå vekk frå det såkalla «tenestedelingsprinsippet», som inneber ei teologisk forståing av at menn og kvinner får ulike oppgåver fordi dei har fått ulike evner av Gud. I Misjonssambandet betyr dette at berre menn kan ha særskilt åndeleg ansvar, kalla hyrde- eller læreansvar.

I dag er lære- og hyrdeansvaret fordelt på to organ: hovudstyret og rådsmøtet. I hovudstyret sit det sju valde medlemmar, og éin fast møtande vara, alle menn. Dei møtast om lag sju-åtte gonger i året. Rådsmøtet møtast vanlegvis ein gong kvart tredje år og har dei siste åra hatt i overkant av femti personar med stemmerett.

Raymond Bjuland, formann i Misjonssambandets hovedstyre, her fra hjemmet hans på Nærbø utenfor Bryne i RogalandMisjonssambandet, NLM, Norsk Luthersk Misjonssamband
LEIAR: Raymond Bjuland, formann i hovudstyret i Misjonssambandet.

Noko av kritikken mot dagens løysing er at hovudstyret også tek stilling til ei rekkje saker som ikkje fell inn under lære- og hyrdeansvar, som mellom anna viktige saker av strategisk og administrativ karakter, som dermed kvinner ikkje får høve til å vera med på å behandle.

Difor foreslår ein å erstatte dagens hovudstyre med eit sentralstyre der begge kjønn er representert. I forslaget ligg det at delar av lære- og hyrdeansvaret framleis skal liggje i rådsmøtet, men at dette no skal møtast ein gong i året, og ha 26 medlemmar.

I tillegg vil ein opprette eit nasjonalt tilsynsråd som skal ha eit særskilt hyrde- og læreansvar i organisasjonen, og derfor berre bestå av menn.

Får forslaget minst to tredjedels fleirtal vil endringa i toppstrukturen tre i kraft i starten av neste periode, altså i 2025.

3. Val og roller i hovudstyret

Kan det koma mistillitsforslag? Blir det organiserte benkeforslag på kandidatar frå grupperingar? Vil Raymond Bjuland trekkje seg? Kven blir ny formann? Det er mange spørsmål knytt til val av nytt hovudstyre.

Styret har stor makt, og er organet som styrer organisasjonen mellom Generalforsamlingane som vanlegvis skjer kvart tredje år. Dei vil mellom anna ha ansvaret for å tilsetje ein ny generalsekretær, og kan også på den måten ha stor innverknad på vegen vidare for misjonsorganisasjonen. Men denne prosessen kjem truleg ikkje i hamn før om fleire månadar.

Birger Helland er konstituert generalsekretær fram til ein ny leiar er tilsett. Også denne personen må vera ein mann.

Medlemmane av hovudstyret blir valt for seks år om gongen. I år er det tre personar som er ferdige med sin periode. Berre ein av dei, Knut Espeland, stiller til attval. Fleire nemner at dei er spente på om han blir valt inn på nytt og korleis det kan tolkast.

Espeland var nemleg ein av dei som står bak ei utsegn som mellom anna har stått på trykk i Vårt Land der tre faste medlemmar og ein vara meldte at dei ikkje var einige med fleirtalet i hovudstyret om at det var ei god løysing at Åsland måtte gå 15. mai. Sjølv ynskte dei at leiarskiftet burde skje i etterkant av generalforsamlinga, i tråd med det Åsland skal ha sagt at han ynskte.

12.05.22 Øyvind Åsland går av som generalsekretær.
EXIT: Det vekte stor merksemd då Øyvind Åsland gjekk av som generalsekretær.

Om valet i år vil skje basert på skiljelinjene i konflikten kring handteringa av varslingssakene, eller om det er andre spørsmål som blir avgjerande står att å sjå. Delegatane får høve til å stille spørsmål til kandidatane under generalforsamlinga. Her vil det kunne utkrystallisere seg kva dei stemmegjevande er mest opptekne av.

Norsk Luthersk Misjonssamband

  • Også kalla NLM eller Misjonssambandet.
  • Blei danna i 1891.
  • Er ein av Europas største misjonsorganisasjonar med ca. 150 aktive misjonærar i utanlandsteneste.
  • Høgaste styresmakt er generalforsamlinga. Den består av representantar (delegatar) frå misjonsforeiningar og lag som er registrert i organisasjonen, i tillegg til medlemmane i hovudstyret.
  • Mellom generalforsamlingane blir Misjonssabandet leia av eit hovudstyre.
  • Hovudstyret består av sju valde medlemmar og éin fast møtande vara.
  • Rådsmøtet har saman med hovudstyret et særskilt læreansvar på vegner av hele organisasjonen og kan overprøve vedtak i hovudstyret av læremessig karakter. På grunn av teologien i Misjonssambandet består derfor begge organa av menn.
Powered by Labrador CMS