Filmregissør Aslaug Holm
SKJØRT LIV: Filmregissør Aslaug Holm har lært mykje av å vekse opp som fiskarjente på Nordvestlandet. – Eg har lenge hatt ei kjensle av at livet er skjørt, seier ho.

Aslaug Holm vil følgje kjærleiksstien

Publisert Sist oppdatert

Dokumentarfilmskaparen Aslaug Holm blei rørt av motet til dei unge menneska ho portretterer i Generasjon Utøya.

– Viljen til å kjempe vidare mot noko godt, seier ho.

– Den er sterk. Å løfte seg mot det lyse i staden for å bli tatt av mørket.

Om knappe to veker er det ti år sidan den største terrorhendinga på norsk jord sidan andre verdskrigen. På Utøya var det 69 ungdommar som mista livet den 22. juli 2011. Holm har følgd fire av dei som overlevde. Som våga å stå i politikken vidare, trass openlyse sår.

– Det har vore inspirerande å følgje dei. Eg har blitt minna om kor viktig det er å bruke tida vår på ein god måte, seier ho.

Generasjon Utøya blei nyleg nominert til Amandaprisen i kategoriane for beste norske kinofilm og beste dokumentar. Som i sine tidlegare filmar kjem filmskaparen også denne gongen tett på. Sjølv meiner ho at det handlar om å møte kvarandre i augehøgde, og vere til stades også med si eigen sårbarheit.

– Kvar ligg det sårbare i ditt eige liv?

– Eg kjem frå ein fiskarfamilie som har opplevd tap på sjøen. Farmor mista to brør på havet, ei sorg som forplanta seg nedover i slekta. Det har nok prega oss alle, og blitt litt avgjerande for viktige vegval i livet. Eg har lenge hatt ei kjensle av at livet er skjørt, og at det er opp til meg sjølv å ta ansvar og passe på meg sjølv. Men i det ligg det også ein styrke, fortel 56-åringen.

Aslaug Holm

  • 56 år
  • Dokumentarfilmskapar
  • Vaks opp på Smøla. Bur i Oslo
  • Gift. Har to søner.
  • Aktuell med dokumentarfilmen Generasjon Utøya, som er nominert til Amandaprisen for beste kinofilm og beste dokumentar.
  • Dokumentarfilmen om bandet a-ha, a-ha The Movie - har noregspremiere på filmfestivalen i Haugesund i august og ordinær kinopremiere 3. september.

Tungt arbeid på sjøen

Styrke måtte Aslaug også ha på sjøen då ho var ung. Femten år gammal var ho med faren på makrell– og sildefiske. Kasta med nota kunne vere tunge. Og ofte arbeidde dei lange skift.

– Ein gong jobba vi atten timar utan pause. Det er noko eg har tatt med meg inn i arbeidet som filmskapar, humrar ho.

Ein gong jobba vi atten timar utan pause.

Aslaug Holm

Mange som er vaksne opp ved kysten, hatt kjent på ambivalensen overfor det mektige havet – det som gav liv, og som kunne ta liv. Slik døden sette sitt preg på Aslaugs familie, gjorde også gudstrua det.

– Besteforeldra våre var den grunnleggande religiøse plattforma for oss barna. Kvar søndag sat farmor i gyngestolen og høyrte gudstenesta på radio. Ikkje berre mista ho to brør på havet, ho mista også mor si då ho var tre år. Men tilliten hennar til Gud var det som heldt henne oppe. Under gudstenesta på søndagen var det som om ho henta seg inn frå det harde livet ho levde.

Der farmor lærte henne ein respekt for havet og at vi er ein del av noko større, gav mormor henne «tilgang på Jesus og Gud». Det var av henne ho fekk ein barnebibel då ho var ti år. Fire år seinare tok fjortenåringen eit aktiv val om at ho trudde på det ho hadde vakse inn i.

– Eg hadde gått på søndagsskulen heile barndommen. Det var naturleg for meg å ta eit sjølvstendig standpunkt, ikkje noko skjelsettande. Men trua på Jesus blei ei personleg tru, fortel filmskaparen.

Filmregissør Aslaug Holm
Aslaug Holm tok eit aktivt val som fjortenåring. – Trua på Jesus blei ei personleg tru, fortel filmskaparen.

Å tilføre noko godt

Som fiskarjente beit ho seg tidleg merke i dei mange fiskehistoriene i Bibelen. Ikkje berre fekk ho fisk i nettet på søndagsskulen. Men ho merka seg korleis Peter blei bedd om å kaste garnet ut på den andre sida av båten.

– For ein fiskar finst det alltid nye moglegheiter. Dersom ein dreg litt lenger ut, er det mogleg å få ny fangst.

I vaksen alder set ho den kristne trua i samanheng med det å tilføre noko godt i verda.

– Eg verkar på andre menneske gjennom engasjementet mitt og trua mi, seier ho.

Noko moralsk streng tru har ho derimot ikkje tatt med seg frå oppveksten – då det var gale å danse, feste og spele kort.

– For meg handlar trua meir om korleis eg er som menneske. Nestekjærleiken som Jesus representerte, er viktig. At han var til stades saman med dei utstøtte i samfunnet.

Aslaug Holm synest det er spennande å reflektere rundt kva det vil seie å vere eit godt menneske. Dette er noko ho tenker å ta for seg også i kommande dokumentarfilmar.

– Nokre gonger kan det vere ein konflikt mellom det å vere eit godt menneske og det å vere eit sant menneske. Kva betyr det å vere god? Er det å vere snill? Nei, det betyr ikkje alltid det. Det betyr at du vågar å stå oppe for ting. Det betyr at du også må våge konflikt.

«Hundreårets beste idrettsutøvar»

Som dokumentarfilmskapar jobbar ho med noko av det same – å finne ein tydeleg stemme. Det er noko ho har tenkt mykje på i arbeidet med Generasjon Utøya. Når ein lagar film er det viktig å ikkje stå i vegen for dei ein lagar film om, men i det offentlege etterpå vil ho gjerne ta eit skritt fram og vere endå tydelegare på viktige tema. Dette vil ho gjerne utvikle vidare.

– Eg er i rørsle og er ikkje den same i dag som då eg var tjue. Då ser eg det som viktig å forandre seg mot noko oppbyggeleg og godt. Ein fare ved å bli eldre er at ein stoppar opp, går tilbake og vernar seg i større grad. Men det kan fort bli ein statisk tilstand å vere i, seier ho.

Aslaug Holm kan neppe kallast statisk. Kor mange norske filmskaparar er blitt kåra til «hundreårets beste idrettsutøvar» på heimstaden sin? På Smøla hadde dei aldri sett eit større laupartalent på mellom- og langdistanse. Først på medielinja i Volda forstod ho at det var dokumentarfilm ho skulle drive med. Og det har ho gjort sidan, saman med ektemannen Tore Buvarp, som er produsent.

– Laupinga er ei fin erfaring å ha med seg. Audun Boysen sa ein gong at ein aldri kan vinne eit laup med knytte hender. Du må vere avslappa, samtidig som du er utruleg fokusert. Det er litt det same med filmfaget. Det gjeld å finne rytmen.

Frå oppveksten sin på Smøla har ho ei intuitiv evne til å handle raskt og tolke det som skjer rundt seg. Det er viktig på havet.

– Eg tenker veldig visuelt, ser ting i bilete. Eg måtte bli vaksen før eg lærte meg å snakke i heile setningar, ler ho.

Filmregissør Aslaug Holm
– Jesus er fri for fordommar, han ser deg som menneske. Det er nøkkelen også for å lage gode dokumentarfilmar, seier filmregissør Aslaug Holm.

Sette fyr på dokkekleda

Eit par minne frå treårsalderen, omtrent på den tida ho lærte seg å snakke, seier mykje om Aslaug Holm som person. Ein gong blei ho så utolmodig av å vente på at mor hennar skulle sy att kortenden på ei dyne til dokka, at ho fann fram nål og tråd og gjorde jobben sjølv. Mora hadde blitt overraska over kor nøyaktig dottera hadde vore, kor tette stinga var. Episoden vitnar om ei godt utvikla gjennomføringskraft.

– Eg var nok litt veslevaksen, seier filmskaparen, som er eldst av tre søstrer.

Då ho sette i gang med å stryke dokkekleda sjølv også, framleis i treårsalderen, gjekk det gale. Ho heldt strykejernet for lenge ned mot kleda, så dei tok fyr. Flammane slo opp, og det blei mykje røyk.

– Då fekk eg panikk. Og den kjensla har nok sett seg i meg, ei kjensle av å miste kontroll.

Heldigvis gjekk det bra også den gongen. Brannen blei sløkt. Og dei grilla dokkekleda skapte ikkje større aversjon mot sprøsteiking enn at ho ein gong åt heile svoren på juleribba dagen før julaftan.

– Eg var flink til å finne godsakene, ler ho som i barndommen blei kalla for «Snusen» på grunn av nettopp denne evna.

Eg var flink til å finne godsakene.

Aslaug Holm

Kjem tett på

Også dette synest å vere ei evne ho har tatt med seg som filmskapar. Aslaug Holm er kjent for å komme tett på, slik ho gjorde som filmfotograf på suksessen Heftig og begeistret, slik ho over mange år gjorde med sine eigne søner i den prisløna Brødre, og slik ho endåtil klarte det med Jens Stoltenberg i dokumentaren Oljeberget. På filmfestivalen i Haugesund i august blir det noregspremiere på dokumentaren om Noregs mest kjente band gjennom tidene, a-ha. Holm har vore filmfotograf og co-regissør. Då får vi sjå om ho har klart å komme under huda også på Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy. Ho er på sett og vis ein menneskefiskar, som festar menneskeliv til film.

– Kan ein dokumentarfilmskapar lære noko av Jesus i måten han møtte menneske på?

– Det trur eg. Jesus er fri for fordommar, han ser deg som menneske. Det er nøkkelen også for å lage gode dokumentarfilmar.

Iblant synest Aslaug Holm å vere både perfeksjonist og usikker på om det ho har skapt, er fortreffeleg. Ho har eit medvit om at vi i oss sjølve ikkje alltid strekk til, eit medvit ho har med seg frå barndommen. Samtidig skal vi heller ikkje utslette oss sjølve.

– Eg trur vi har eit sterkt samvit som guidar oss til å ta gode val.

Tillit til Gud

Sjølv har Aslaug Holm tatt valet om å ha tillit til Gud. Ho oppfattar det som eit utslag av nådens kraft – at det i det heile er mogleg å tru. Nåden og tilliten er kjerneorda når ho tenker på trua si. Ein må ikkje alltid komplisere det med vanskelege spørsmål.

4 raske

  • Gud er: Kjærleik
  • Eg klarer meg ikkje utan: Familien min
  • På gravsteinen min skal det stå: Kanskje det kan stå eit bilete der i staden? Ein fisk i ei not.
  • Boka alle må lese: Herman Melvilles Moby Dick

– Nåden er at eg er elska uansett. Eg kan be til Gud og kjenne på ein tryggleik i at han ser meg. Eg må ikkje oppnå eller prestere noko. Eg må berre velje Gud. Velje kjærleiken.

Aslaug Holm assosierer til kjærleiksstien på Utøya. At det finst noko som er vondt og noko som er godt, men at ein alltid kan velje å gå vidare på kjærleiksstien.

– Der ligg trua mi. Det er ei tru på det gode i mennesket, men også på at Gud er med.

– Jesus sa om seg sjølv at han var «vegen». Gud er kjærleik, så Jesus kan då vere kjærleiksstien?

– Ja! Jesus var eit medmenneske og ei tydeleg stemme i samfunnet. Eg oppfattar han også som ein sosialist som ville gjere menneska frie ved å velje det medmenneskelege og fellesskapet.

Nåden er at eg er elska uansett.

Aslaug Holm

Hjartet framfor alt

Kyrkjelydsfellesskapet har ho på Sagene i Oslo, sjølv om ho ikkje har vore så ofte til gudsteneste i det seinaste. Gudstenesta er likevel er positiv kraft i livet hennar. Kyrkja gir henne påfyll og ro.

For filmskaparen har eit sitat frå Salomos ordtak blitt viktig: «Ta vare på hjartet framfor alt, for livet går ut frå det.»

– Då kan eg møte nye menneske med ope blikk.

Ho er ikkje så glad i å dytte trua si på andre, då er ho meir interessert i å lytte. Så kan ein reflektere over om det finst noko felles i trua.

– Trua tilfører livet ei djupne. Vi lever i ei omskifteleg tid der alt er mogleg og grensene nesten ikkje finst lenger. Å stå for noko opplever eg gir respekt. Det er noko bra i møte med andre, seier ho.

Det å samle seg, i den omskiftelege tida vår, kan likevel vere utfordrande også for truande. Holm synest ho innimellom blir for flyktig. Som filmskapar blir det ofte for mykje jobb. Ho kjem endå ein gong attende til fiskarbakgrunnen frå Nordvestlandet.

– Det var mogleg å fiske like mykje på seks dagar i veka – når ein tok søndagen helt fri – som på sju dagar.

– Men du klipper film heile søndagen?

– Sant! Det skal eg slutte med!



Powered by Labrador CMS