Slike som eg blir sett på som mørkemenn
Debatten om kvinnelege prestar blir fort ein jamstellingsdebatt i staden for ein teologisk ein. Må me som held fast på at prestetenesta er lagd på mannen, i saka teia still?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.
Benjamin Bjørnsen Anda
Stud. theol.
Mai Lene Fløysvik Hæåk skriv ein kommentar i Vårt Land den 28. oktober til det som føregår på VID Vitskaplege høgskule i Stavanger. Her peikar ho på den siste tid sine hendingar med mannlege studentar som dømer sine kvinnelege medstudentar til «helvete». Dette er sjølvsagt skumle tendensar. Samstundes er det viktig å peike på at desse studentane høyrer, etter kva eg har skjønt, til i miljø utanfor Den norske kyrkja. Denne form for «argument» tek eg sjølvsagt avstand frå.
Ikkje til å kjenne att
Likevel opplever eg at Hæåk sin kommentar forteiknar og generaliserer saka i det vidare ho skriv:
«Det er rart korleis menn alltid forstår eit kall til å bli prest heilt rett. At dei kan seie: «Eg vart kalla til dette yrket» – og at ingen set spørsmålsteikn ved det. Menn vil alltid vere kvalifiserte til å bli prest i eigenskap av å vere menn. Kvinner derimot vil ofte oppleve at det blir stilt spørsmålsteikn ved deira forhold til Gud – og til kallet dei har fått.»
Eg undrast over kor ho finn dette? Vel finnest det nok nokre som vil seia det slik Hæåk presenterer, men det gjeld ikkje alle som har ein klassisk ståstad i spørsmålet. Aldri har eg heller møtt nokre som meiner at ein er kvalifisert for presteteneste i eigenskap av å vere menn. Hæåk og andre veit at saka er større enn det.
ANMELDELSE: Kan det skrives godt om kvinneprestspørsmålet i 2019?
Må eg teia still
Eg tykkjer det er rart korleis dei teologiske argumenta i denne saka nesten aldri kjem fram frå den sida Hæåk står på, medan når andre sida argumenterer, så er det teologiske argument. For i hovudsak handlar saka om teologi – men debatten blir fort ein jamstellingsdebatt. Det kan ikkje ein diskusjon om kva prestetenesta er, vere.
Eg opplever at ein i staden for å koma med teologiske argument forteiknar den ståstaden eg og fleire har – og me vert plassert i bås saman med «helvetesdomarane» og dei diskriminerande. Men det må vel gå an å diskutere spørsmålet likevel på sakleg vis? Eller må me som held fast på det klassiske standpunktet, om at prestetenesta er lagd på mannen, i saka teia still? Eg anar litt av det i kommentaren til Hæåk – sjølv om eg korkje trur eller vonar at det er det du står for.
Ramaskrik
Den norske kyrkja har valt å leve med to syn i dette spørsmålet au. Som i ekteskapsspørsmålet er det krevjande med to motstridane standpunkt. Likevel er det i dag vanskelegare å få jobb i Den norske kyrkja som såkalla «kvinneprestmotstandar», medan kvinner ofte vert oppmoda til å søke. Kyrkjelydar som ønskjer mannlege prestar, vert møtt med ramaskrik, medan dei av oss som har det klassiske standpunktet i spørsmålet, må gå stilt på tøflane våre.
Eg har erfart at kyrkjelydar heller vil vere utan prest enn å ha «slike som meg», som ja, er mot kvinneleg presteteneste – men som au har djup respekt for kvinner i denne tenesta og ytrar dette i intervju. Som ein klok konservativ dansk prest har sagt: «Me skal ikkje driva kyrkjekamp på preikestolen – der skal teksten leggjast ut.» Dette har au vore min innfallsvinkel til dette spørsmålet i intervju – men eg opplever at ein låser seg med ein gong det kjem fram at eg er såkalla «kvinneprestmotstandar» – sjølv om ein vil halda seg ryddig til gjeldane reglar.
LES OGSÅ: Rektor ved VID: «Debatten om kvinners prestetjeneste er over»
Gjensidig respekt
Eg tykkjer ikkje at kommentaren til Hæåk er heilt treffande for den røynda som Den norske kyrkja er inne i. Den har på mange måtar viktige poeng i møte med dei usaklege haldningane på VID. Sjølv om kommentaren forsøker å peika på at det er viktig med gjensidig respekt i saka – så mistar ein dette på vegen i andre vendingar. I Den norske kyrkja har ein valt å ha to syn i dette spørsmålet, og ein har levd nokolunde greitt med det – langt i frå knirkefritt.
Men det er blitt vanskelegare dei siste åra å inneha det klassiske standpunktet i dette krevjande spørsmålet – ikkje minst fordi ein ofte blir gjeven ein del ekstra meiningar om kvinna enn det ein som regel har. Når kjensler og argument krasjar saman, som det ofte gjer i krevjande spørsmål – på båe sider av saka, då er det vanskeleg med ein god og sakleg samtale om teologiske spørsmål.
Mørkemenn
Det finnest røyster i Den norske kyrkja som vil at det berre skal vere eitt syn på denne saka – slik som i Svenska kyrkan. Om så skjer vil ikkje eg og andre som står for det me står for kunne bli ordinert, og kyrkja ville mista fleire medarbeidarar i den krevjande kyrkjesituasjonen. Er dette vegen å gå? Eller kan ein forsøkje ein veg kor båe standpunkt faktisk kan respekterast? Der er me ikkje i dag – når «slike som eg» blir sett på som mørkemenn og mannssjåvinistar – og kvinnelege teologistudentar blir dømde til helveteselden.
LES OGSÅ: Den tidlige kirken: Kirkekunst tyder på at kvinner var prester
LES OGSÅ: Hun var den læstadianske vekkelsens jordmor
LES OGSÅ: Kari Veitebergs første tale som biskop i Oslo