Ottosen og eg bør heller samarbeida om å få barn i Syria heim til jul

Det kjem ikkje noko godt ut av at Espen Ottosen og eg held fram med dette ordskiftet.

Biskop Kari Veiteberg inviterer Espen Ottosen i NLM til å samarbeide om å få norske barn i Syria hjem til jul
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kari Veiteberg

Biskop i Oslo

Ein god ven lærte meg for lenge sidan at det ofte er viktig å be om «nåde til å teia». I studiet vart vi oppfordra til å leggje oss på hjarte Luthers ord om å tale vel om nesten og ta alt i beste meining. Eg øver meg, etter beste evne, på begge delar. Etter det siste innlegget trur eg ikkje det kjem noko godt ut av at Espen Ottosen og eg held fram med dette ordskiftet. Kanskje vi heller skulle gå saman om noko som det verkeleg kan kome noko godt ut av: Å saman arbeide for at norske barn som sit innesperra i Syria skal få kome heim til jul?

LES MER FRA DEBATTEN OM KONVERTERINGSTERAPI:

Oslo-biskopen: Bomskot frå Espen Ottosen om skeive og skam

Skeivt Kristent Nettverk: «Kjære Erna. Folk omtaler oss som skammelige og motbydelige»

«Debatten om tvilsomme terapimetoder truer perspektiv­rikdommen i sjelesorgen»

Powered by Labrador CMS