Oslo-biskopen: Bomskot frå Espen Ottosen om skeive og skam

Det er overraskande å lese at ei offentleg stemme som skriv at han «toler tøff kritikk», brukar så mykje krefter på å gå i rette med vår uro.

Oslo-biskop Kari Veiteberg
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kari Veiteberg

Biskop i Oslo

I ein artikkel med overskrifta «Noen bør skamme seg» avlegg Espen Ottosen Halvor Moxnes og meg ein visitt i Vårt Land sist onsdag. Utgangspunktet var eit lesarbrev vi skreiv om NRKs program Debatten i Dagbladet laurdag 9. november.

Sjelesorg

I programmet vart det fortalt om vonde erfaringar skeive menneske hadde gjort i ulike religiøse miljø, og om å bli påført skam og også å miste tru i møte med religiøse leiarar som prøvde å endre deira seksuelle orientering. Vi reagerte på argumenta til dei deltakarane i debatten som avviste eit forslag om forbod mot «konverteringsterapi». Dei argumenterte med at dette tilhøyrde sjelesorga sitt rom og at eit slikt eventuelt forbod derfor ville vere i strid med religionsfridomen.

Det var spørsmålet om kva «sjelesorg» betyr og medvitet om kva asymmetriske maktrelasjonar inneber, som opptok oss i innlegget i Dagbladet. Utgangspunktet for all vidare samtale bør jo vere å hindre at fleire blir utsett for slike overgrep. Det var urovekkande å oppleve at vitnemåla frå dei det galdt i liten grad vart lytta til.

LES OGSÅ: «Debatten om tvilsomme terapimetoder truer perspektiv­rikdommen i sjelesorgen»

Skadeleg maktbruk

Vi reagerte også på at ingen representantar for Den norske kyrkja kom til orde i Debatten. Vi har mange svært taleføre skeive menneske i kyrkja som godt kunne ha få kome til orde i ein slik livsviktig samtale. NRKs programleiar skreiv i eit svar til oss at han rekna med at alle veit kva Den norske kyrkja meiner om likekjønna ekteskap og skeiv seksualitet. Dei reaksjonane vi fekk etter programmet, overbeviste oss ikkje om at han rett.

Er det noko vi har lært dei siste åra er det at det stadig blir begått overtramp og skadeleg maktbruk i sjelesorgsamtalar. Derfor er det påkravd at vi som kyrkje har ei tydeleg forståing av kva sjelesorg er og ikkje er. Slik som til dømes biskop Solveig Fiske, med si erfaring frå Kirkelig ressurssenter, har peikt på.

Viktig samtale

Vi skreiv i det heile ikkje noko om synet på ekteskapet eller homoseksualitet i kyrkja. Som Ottosen og dei fleste veit, er det ulike syn på dette som vel som på andre spørsmål i kyrkja. Ottosen skriv at han oppfatta Moxnes og meg slik at dei som har «det som kan kallast klassisk kristen samlivsetikk» bør skamme seg. Vi har ikkje uttalt oss noko om dette. Teksten vår inneheld i det heile ingen oppfordringar til å skamme seg. (Innlegget er stadig å finne på Dagbladets nettside slik at folk kan lese det der).

Det er overraskande å lese at ei offentleg stemme som skriv at han «toler tøff kritikk», brukar så mykje krefter på å gå i rette med vår uro over denne debatten ut frå eit spørsmål om at han og dei to debattantane ikkje «skjøner kor farleg og skadeleg religion kan vere». Samtalen om religion og makt er viktig. Så viktig at vi bør unngå å tilleggje meiningsmotstandarar haldningar dei ikkje har.

LES MER OM KONVERTERINGSTERAPI:

Skeivt Kristent Nettverk: «Kjære Erna. Folk omtaler oss som skammelige og motbydelige»

Til Helhet: – Forbud mot vår type sjelesorg vil ramme mange på en svært uheldig måte

KrF skal ha godtatt utredning om forbud mot «homoterapi». Så snudde de

Fakta:

Powered by Labrador CMS