Bør familieidyllen slå meir sprekker?

Du treng ikkje automatisk å snakka om «oss», når nokon spør korleis du har det, berre fordi du har familie.

Ann Kristin van Zijp Nilsen er kommunikasjonsleiar i Areopagos, redaktør for magasinet Tørst og spaltist i Vårt Land.
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Kommunikasjonsleiar i Areopagos og redaktør for magasinet Tørst

Når annakvart sete i bussen må stå tomt på grunn av smitteverntiltak, blir eit usynleg skilje mellom passasjerane viska ut: Plutseleg er det ikkje like tydeleg kven som reiser åleine og kven som er i lag. Å ta kollektivtransport åleine eller saman med andre seier jo ingenting om sivilstanden din. Men for dei som vanlegvis kan operera i flokk eller par, er det uvant.

Om eg var singel

Sjølv vil eg helst sitja inntil ektemannen eg framleis er forelska i. Men om eg var singel, ville eg kanskje kjent eit blaff av likskap inni den bussen – særleg etter vekevis utan normal sosial kontakt. Eg blir ulukkeleg av å ikkje få klemma eller vera borti venner og familiemedlemmar som eg er glad i, men ikkje deler husstand med. Om eg var singel ville den mangelen på fysisk nærleik vera nesten uuthaldeleg. Då ville andre si tosemd eller kjernefamiliefellesskap blitt svært påtrengjande.

Det er sjølvsagt ikkje slik at single menneske ikkje unner andre å vera par, eller at det å vera einsleg betyr einsam. Nesten ein million av oss nordmenn bur åleine, og variasjonen i kor lukkeleg eller ulukkeleg ein er – og i kva grad ein kjenner seg einsam – er like stor som i resten av befolkninga. Dei fleste av oss kan ha det strålande i vårt eige selskap og forferdeleg i andre sitt. Likevel rapporterer folk i større utstrekning at dei opplever positive følelsar når dei er saman med andre enn når dei er åleine.

LES OGSÅ: «Hun døde i mai. Siden da har jeg syntes at det er den mørkeste, tyngste, tristeste måneden i året»

Einsemd

Filosofen Lars Svendsen har forska på dette, og i Ensomhetens filosofi (2015) skriv han at «ensomhet er en sosial smerte, en smerte som gir signaler om at ens sosiale liv ikke er tilfredsstillende, og denne smerten blir ekstra prekær når den blir sosialt synlig.»

For ti år sidan var eg på ein fest med ti ektepar. Eg var skilt og den einaste utan bordkavaler. Då verten kom til meg i presentasjonsrunden, sa han: «Dette er Ann Kristin, og ho er åleine her.» Han til og med la trykk på faktumet han påpeikte. Han gjorde det sjølvsagt ikkje for å vera fæl. Kanskje var det eit hint til andre om å vera litt ekstra hyggjelege mot meg. Men den sneven av utanforskap eg hadde kjent sidan eg forstod at eg var den einaste single der, den blei brått stor. Skamma brann i kinna mine medan eg smilte altfor breitt og stivt. Eg hadde ikkje kjent meg einsam då eg forlét sonen min og barnevakta ein time tidlegare, men det gjorde eg på fest blant tjue vaksne.

Sosiale feil

Folk flest er amatørar i møte med kvarandre. Ikkje minst er me ofte hjelpelause når me prøver å hjelpa einannan. Det er god grunn til å vera rause når andre gjer feil. Men me gjer sjeldan så mange sosiale feil, som når me er blinde for våre eigne privilegium. Og det å ha partnar og familie kan vera slikt ein ikkje tenkjer på som privilegium. Då snakkar me og oppfører oss på ein måte som gjer at andre kjenner seg akkurat litt meir åleine enn dei ville gjort om me berre var litt meir medvitne. I staden for å snakka om «vennepar» (som det er veldig stas for par å ha), kan ein snakka om «vennene» sine. Då kjenner ingen seg utanfor. Du treng ikkje automatisk å snakka om «oss», når nokon spør korleis du har det, berre fordi du har familie. Det er heller inga naturlov at par sit saman når dei er med andre.

Einsemda kjem og går

Då ein enkemann var på busstur med pensjonistvennene sine, la han plutseleg merke til at alle andre berre sat saman med ektefellene sine. Det hadde han ikkje gjort då kona levde. Nå skulle han ønskja at folk blanda seg meir og fekk høve til å snakka med fleire. Nå kjende han det som eit behov, men sannsynlegvis kunne han sett like stor pris på det når kona var med.

Det trur eg at er nokre av nøklane som kan opna fellesskapa meir for kvarandre: At me ser detaljane som gjer livet sosialt rikare for alle. At me hugsar at einsemda kjem og går for oss alle. At me hugsar at sivilstatusen endrar seg for dei fleste (svært få døyr same dag som sin livslange partnar). At me vågar å trenga andre i endå større grad – særleg dei utanfor den aller inste sirkelen. Det er vanskeleg å vera einsam når nokon treng oss.

LES MEIR AV ANN KRISTIN VAN ZIJP NILSEN:

Powered by Labrador CMS