Kva stiller ein seg bak med å gå i Pride? Mindre enn mange trur, meiner Fri
LHBT: Leiaren i foreininga Fri meiner ein ikkje treng å gå god for alt dei meiner for å delta i feiringa av skeiv kjærleik.

Like sikkert som at våren og Pride-månaden kjem, er det at Kristen-Noreg bles liv i diskusjonen om kva ein eigentleg stiller seg bak ved å delta i Pride-markeringa. Politikken til organisasjonen Fri – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold, som står bak dei største Pride-markeringane i landet, blir i debattar omtalt som ultraradikal kjønns- og identitetsideologi.
Så kva står dei eigentleg for? Og går ein god for heile Fri sin politikk ved å gå i Pride-parade?
– Det eg les ut av ei slik støtte er at du meiner at folk skal få vera den dei er og elske den dei vil. Dette er botnlinja for Pride, og noko dei fleste burde kunne stille seg bak, meiner Inge Alexander Gjestvang, leiar i Fri.
– Gå for å støtte ein kompis
Han presiserer at ein ikkje kan setje likskapsteikn mellom Pride og Fri, og at organisasjonen hans ikkje enten har «funne opp» eller har noko einerett på Pride-markeringar.
– Men støttar ein heile Fri sin politikk med å gå i Pride?
– Støttar ein alt i Bibelen med å gå på gudsteneste? Eg tenkjer at alle som har tenkt gjennom kvifor dei vil gå i Pride, bør gå. Viss grunnen er at du har ein homofil kompis som vil støtte, så synest eg det er ei sunn tilnærming.

Betyr meir enn «nei til trakassering»
Espen Ottosen, informasjonsleiar i Misjonssambandet, har engasjert seg i debatten. Han trur det er vanskeleg å bli einig om ein definisjon på kva det betyr å gå i Pride. Sjølv har han lese nøye gjennom Fri si politiske plattform og handlingsplanar.
– For meg ville det å gå i ei Pride-parade innebore meir enn å støtte ideen om at folk må få lov til å vera kven dei er. For det meiner sjølvsagt også eg.

Ottosen har forstått at det å delta i Pride som eit minimum betyr at ein vil likestille heterofilt samliv med alle andre samlivsformar.
– Eg trur svært få som går i Pride tenkjer at det betyr «nei til sexkjøploven» eller dei andre mest kontroversielle standpunkta til Fri. Men eg tenkjer at det betyr noko meir enn at ein seier at trakassering av homofile ikkje er greit.
Hegertun velkomen i Pride
Denne våren har debatten gått høgt i Kristen-Noreg rundt Terje Hegertun si bok, der han tek til orde for ein mellomposisjon i synet på homofilt samliv, og argumenterer for at det er det trufaste, monogame forholdet som er det viktige i eit ekteskap, ikkje at det er mellom mann og kvinne. Meiner Fri sin leiar at nokon med dette synet kan gå i Pride?
– Definitivt. Me har folk i Fri som lever alle slags liv. Monogame, polygame, det mangfaldet du ser i samfunnet rundt kjønn og seksualitet blir spegla i Fri. Og når det kjem til politikk er det også mange ulike meiningar blant både Pride-deltakarar og medlemmar i Fri.
– Men det er ein forskjell mellom å leve ulike liv og meine at det finst ein seksualmoral og samlivsetikk som gjeld alle, ikkje berre ein sjølv?
– Eg forstår at det er ulike meiningar om seksualitet og moral, men respekten for at andre lever forskjellige liv frå ein sjølv er viktig.
Kontroversielle standpunkt
Mange i Kristen-Noreg støttar retten til likekjønna ekteskap, men likevel er det nok ein del som vil reise eit augebryn ved å ta Fri si politiske plattform nærmare i augesyn. Standpunkt som å støtte eggdonasjon, ikkje-kommersiell surrogati, at barn skal kunne ha meir enn to juridiske omsorgspersonar/foreldre og innføring av eit tredje juridiske kjønn er blant dei meir kontroversielle standpunkta til organisasjonen.

Men at dette blir sett på som radikalt av mange, har ikkje Gjestvang stor forståing for. Han synest tvert om at det er litt rart at nokon prøvar å «avkle» Fri med å vise til kva dei meiner i ulike spørsmål.
– Me er ein interesseorganisasjon som jobbar for politikk på område som me og medlemmane brenn for. At nokon prøvar å gjera det til noko sensasjonsprega er litt overraskande.
Han har merka seg at ein del KrF-politikarar har gått hardt ut mot FRI, noko han synest er fasinerande.
– Våre meiningar om til dømes surrogati og sexkjøp finn du att i politikken til mellom anna Høgre og Frp, parti som KrF har sete i regjering med.
Pedofili-skuldingar
Så kva står Fri ikkje for? Av vanlege feiloppfatningar dreg leiaren fram pedofili-skuldingar. At dei er for «retten til å elske kven ein vil», tolkar nokon som at også pedofili er greitt. Etter førre vekes Dagsnytt 18, der mellom anna Espen Ottosen og Gjestvik diskuterte Pride, fekk Fri-leiaren pedofili-skuldingar og bibelske Sodoma og Gomorra-referansar i innboksen.
– Folk kan synest at ekteskapet er for mann og kvinne og at me skal ha ei binær kjønnsforståing, men det er langt mellom det og det å sende pedofili-skuldingar til meg som er fosterfar og tidlegare lærar.