Uryddig skattegrep frå Statsministerens kontor

Embetsverket på Statsministerens kontor foreslo at Støre skulle ta grep i skattestriden rundt pendlarbustadar, fordi «gunstig beskatning» av politikarane var under press. Det er i beste fall uryddig opptreden av regjeringsapparatet.

Publisert Sist oppdatert

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

VG avslørte tysdag at toppjuristane ved Statsministerens kontor (SMK) la ein intern plan, for å ta grep i sakene som handla om skattlegging av politikarane sine pendlarbustadar. Avisa publiserte eit internt notat som viste at embetsverket ved SMK ville ha med Stortinget på ein hemmeleg skatteplan.

SMK hadde klekka ut ein plan om at Støre skulle ta kontakt med Stortingets presidentskap for å ta initiativ til eit regjeringsoppnemnt utval. På den måten ville SMK sjølv sleppe å ta eit slikt initiativ. I det interne notatet kom det fram kva talepunkt Støre skulle bruke for å overtyde presidentskapen i nasjonalforsamlinga. Saka er oppsiktsvekkjande og problematisk, fordi den viser usunne band mellom den lovgivande makta i regjeringa og den utøvande makta i Stortinget. Rollefordelinga mellom desse bør vere klokkeklar – også for toppjuristane ved SMK.

Problematisk rolleforståing

Saka er òg problematisk fordi det kan vitne om eit sterkt ønske frå toppane i embetsverket om å sikre problematiske særfordelar og fordelaktig skattlegging, trass i avsløringane om desse sakene dei siste månadane.

Riksrevisjonen gjennomgår no ordningane for stortingsrepresentantane, men det er mykje som tyder på at den gjennomgangen òg bør omfatte regjeringa og rolla til SMK. Vi veit at det er SMK som har ansvaret for å administrere pendlarbustadane til regjeringa, og det ansvaret bør bli sett nærare etter i saumane av Riksrevisjonen.

Støre bør kome tydelegare på bana og gjere klart at han ikkje stiller seg bak ideane frå toppjuristane i embetsverket ved sitt eige kontor.

Vårt Land

Det er viktig for tilliten til undersøkingane Stortinget sjølv gjer, og som Riksrevisjonen gjer, at desse undersøkingane blir gjort utan påverking frå interessene til regjeringa. SMK fått i kritikk i fleire av sakene om pendlarbustadar, og burde dermed hatt ei rolleforståing som gjorde at dei ikkje prøvde å påverke korleis Stortinget gjer si opprydding.

Støre må på bana

Til no har ikkje statsminister Støre sjølv svart på førespurnadane frå VG, men latt den administrativt tilsette kommunikasjonssjefen svare for SMK. Det er ikkje tillitvekkjande, då avsløringa i VG er skadeleg for tilliten til heile det politiske systemet. Støre bør komme tydelegare på bana og gjere klart at han ikkje stiller seg bak ideane frå toppjuristane i embetsverket ved sitt eige kontor.

Det er heilt avgjerande at politisk leiing viser nettopp leiarskap i ei sak som tydelegvis ikkje vil slutte å skape oppsikt.




Powered by Labrador CMS