Uhøyrd ekskludering
I eit livssynsope samfunn bør dei ulike trussamfunna bli inkludert i høyringar om viktige spørsmål.

Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innholdet.
I går skreiv Vårt Land om korleis Human-Etisk Forbund (HEF) som einaste trus- og livssynssamfunn, var invitert til høyringa om ny opplæringslov. Totalt var 130 høyringsinstansar invitert med i høyringa som tar for seg tre nye paragrafar der Kunnskapsdepartementet føreslår å presisere forbodet mot forkynning i skuleundervisning, og dessutan å utvide retten til fritak frå aktivitetar på grunn av livssyn.
Relevant for tru og livssyn
Heldigvis er det slik at alle som vil kan kome med høyringssvar på eige initiativ i Norge, men det er påfallande at Kunnskapsdepartementet ikkje inviterte med dei største og viktigaste aktørane på trus- og livssynsfeltet i si oppmoding til dei mest relevante organisasjonane. Signaleffekten, uansett om den frå departementet si side er bevisst eller ubevisst, har stor betydning.
For at det livssynsopne samfunnet skal fungere, må det skje reell likebehandling av trus- og livssyn, også i høyringsprosessane om viktige lovforslag.
Vårt Land
Det er positivt at Kunnskapsdepartementet sjølv forstår at høyringslista kunne bli opplevd som ubalansert. Likevel er det heilt avgjerande at ein så viktig aktør som Kunnskapsdepartementet inkluderer dei ulike trus- og livssynssamfunna i spørsmål som er relevant for dei. Forbod mot forkynning i skuleundervisning og retten til fritak frå aktivitetar på grunn av livssyn, er heilt klart tema som er relevant for dei fleste trus- og livssynssamfunna i Norge.
Då Den norske kyrkja (DNK) vart skilt frå staten, vart DNK ein del av sivilsamfunnet. Det er det lett å gløyme, men like fullt viktig å hugse på for alle offentlege institusjonar.
Reell likebehandling
Det er verd å merke seg kommentarane frå Lars-Petter Helgestad i HEF, som sjølv tidlegare har opplevd å ikkje bli invitert. HEF er klare på at DNK, Norges Kristne Råd og Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn burde vore inkludert i høyringslista, og at det er «rart» å berre invitere HEF. Det er ei raus og inkluderande haldning frå ein organisasjon som i mange år må ha hatt på den same kjensla av ekskludering som DNK og andre no opplever.
Som Vårt Land skreiv i ein leiarartikkel i går, ser det ut til at kunnskapsminister Melby i sitt arbeid med å presisere forbodet mot aktiv forkynning i skulen, har undervurdert problemet med sekulær misjon frå lærarar. Ho står dermed i fare for å forskjellsbehandle religiøs og sekulær tru.
For at det livssynsopne samfunnet skal fungere, må det skje reell likebehandling av trus- og livssyn, også i høyringsprosessane om viktige lovforslag.