Støre og Vedum styrkar spleiselaget

Regjeringas avgjerd om å skattlegge norske naturressursar er i all hovudsak eit verdigrep som vil bidra til betre fordeling og økonomi for fellesskapet.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) under onsdagens pressekonferanse på Blaafarveværket.Foto: Terje Bendiksby / NTB
MODIG: Skattegrepet frå regjeringa er eit modig og klokt grep i ei tøff tid, skriv Vårt Land på leiarplass.
Publisert Sist oppdatert

Dette er en leiar. Lederen gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Tidleg onsdag morgon presenterte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) omfattande, store skattegrep for norske naturressursar. Grepet går ut på å hente 33 milliardar kroner ekstra i grunnrenteskatt frå vasskraft, vindkraft og havbruk.

«Fellesskapet trenger større inntekter i årene fremover for at vi sammen skal kunne verne om god velferd til alle. En viktig del av dette blir å sikre at verdiene som kommer fra naturressursene våre, må fordeles mer rettferdig enn i dag», sa Støre då han presenterte skattegrepa.

Felleskapets ressursar

Slik vidareutviklar Støre-regjeringa den tankegangen som har prega forvaltinga av norske naturressursar sidan vasskrafta vart utbygd på byrjinga av 1900-talet, ved at marknaden, lokalsamfunna og staten deler på inntektene.

Slik viser Senterpartiet og Arbeidarpartiet at deira politiske prioritering er å sikre betre fordeling mellom folk og lokalsamfunn i Norge. Det skjer ved å la dei største selskapa som har tent godt på å nytte norske naturressursar, no må betale meir tilbake til fellesskapet. Det er rimeleg at dei som har tent mest på fellesskapets ressursar, no må bidra meir.

Derfor er det i all hovudsak positivt at Støre-regjeringa legg opp til å sikre at verdiane som kjem frå naturressursane vert fordelt meir rettferdig enn i dag

I stor grad er det derfor eit verdigrep.

For vanlege folk har det akkurat no kanskje størst betydning at regjeringa vil skattlegge kraftselskapa hardare. Det vil etter planen gjere det meir attraktivt for kraftselskapa å tilby straumkundane fastprisavtalar. Grepet er særleg retta mot næringslivet. Slik kan grepet bidra til å gje meir tryggleik til norske straumkundar, med meir føreseieleg og lågare pris. Om dette også vil få snarleg effekt for straumkrisa som folk flest opplever, er meir usikkert.

Meir rettferdig fordeling

Dei omfattande skattegrepa er heilt nye, og det er vanskeleg å overskue alle effektane – mellom anna for norsk eigarskap og korleis det vil tene vanlege folk. Alternativet til å ta det skattegrepet regjeringa tar no, kunne vore store kutt i velferd som pensjon, helse, politi og eldreomsorg – eller gjennom stor generell skatteauke.

Sidan behova er så store på grunn av den ekstraordinære situasjonen i norsk økonomi, er det vanskeleg å finne andre grep som kan finne dei naudsynte pengebeløpa.

Derfor er det i all hovudsak positivt at Støre-regjeringa legg opp til å sikre at verdiane som kjem frå naturressursane vert fordelt meir rettferdig enn i dag. Det er eit modig og klokt grep i ei tøff tid for norsk økonomi.

Powered by Labrador CMS