Statsministerens kontor skal ikkje bryte lova

Det er ikkje akseptabelt at landets fremste byråkratar har brote lova, og dermed beskytta ein inhabil statsminister.

Høyre-leder Erna Solberg vil sørge for registrering og offentlig innsyn i aksjeeierskap for statsråder og deres ektefeller. Foto: Beate Oma Dahle / NTB
ANSVAR: Det er Erna Solberg som var øvste ansvarleg då toppbyråkratane ved Statsministerens kontor braut lova for å halde unna informasjon, skriv Vårt Land på leiarplass.
Publisert Sist oppdatert

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

I helga publiserte E24 ei avsløring om korleis toppbyråkratane ved Statsministerens kontor (SMK) har brote lova. Det kjem fram etter avsløringane om Erna Solbergs inhabilitet i fleire saker regjeringa behandla då ho var statsminister, frå 2013 til 2021.

Landets fremste byråkratar innrømmer overfor E24 feil i handteringa av dokument som er knytt til Sindre Finnes sine aksjehandlar, og Solbergs habilitet. Viss byråkratane hadde følgd lova, ville dokumenta vore journalført på skikkeleg vis. Då ville det vore mogleg å gå inn etterpå og sjå på kva vurderingar, avgjerder og prosessar som gjekk føre seg.

Skjult for offentlegheita i ti år

I staden la nokre av Solbergs næraste medarbeidarar på SMK sentrale e-postar og dokument i eit internt papirarkiv. Konsekvensen vart at både dokumenta og kva SMK visste om saka, vart halde skjult for offentlegheita i over ti år.

Den øvste ansvarlege for at desse feila kunne skje, er tidlegare statsminister Erna Solberg. Til E24 svarar ho mellom anna at «feil skjer, og vil alltid kunne skje, der det er mennesker involvert. Og når det skjer, må vi lære av det».

Ikkje berre er det skadeleg for tilliten til det politiske systemet, men det er endå meir alvorleg viss dette vitnar om låg terskel for at landets fremste byråkratar bryt lova.

Når det skjer så alvorlege feil, i ei sak med så stort alvor som Solbergs habilitetssak, er det ikkje nok at vi lærer av feila. På dei fleste andre nivå i samfunnet får også så alvorlege feil konsekvensar.

Lovbrot må få konsekvensar

I E24 si sak er det tydeleg at toppbyråkratane sine lovbrot hittil ikkje har fått nemneverdige konsekvensar, verken for dei som har brote lova eller for Solberg sjølv. Tvert om ser det ut til at dei ansvarlege svarar unnvikande på spørsmål frå pressa og framleis hindrar innsyn i relevante dokument for saka.

Lovbrota føyer seg inn i rekka av feil som er gjort i saka om Solbergs manglande habilitet. Dei alvorlege lovbrota ved SMK må få konsekvensar.

Først og fremst bør det bli ein viktig del av behandlinga i Stortingets kontrollkomité, som skal føregå dei neste vekene. Desse systematiske lovbrota var ikkje ein viktig del av spørsmåla Erna Solberg fekk då ho stilte i høyring hos komiteen tidlegare i november. Komiteen bør likevel lese E24 si urovekkande sak grundig.

Ikkje berre er det skadeleg for tilliten til det politiske systemet, men det er endå meir alvorleg viss dette vitnar om låg terskel for at landets fremste byråkratar bryt lova.


Powered by Labrador CMS