Ingen straffridom for etnisk reinsing

Det russiske styrkar driv med i Ukraina liknar i stadig større grad på etnisk reinsing. Når freden ein dag kjem, kan ikkje dei ansvarlege sleppe unna straff.

Bildet viser soldater fra Ukraina i Kharkiv-regionen.
OVERGREP: Russiske styrkar i Ukraina er sannsynlegvis ansvarleg for grove krigsbrotsverk, og dei ansvarlege må bli straffe etter krigen, skriv Vårt Land på leiarplass.
Publisert Sist oppdatert

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Fleire har tatt ordet folkemord i munnen om det som no skjer i Ukraina. Fleire av dei frigjorde byane ukrainske styrkar har gjenerobra frå russisk okkupasjon, viser teikn til at det har skjedd reine massakrar mot sivile ukrainarar.

Eit anna faktum som peikar i retning av etnisk reinsing, er den hektiske og massive tvangsdeporteringa av ukrainske borgarar frå okkupert territorium til Russland. Slik prøver russiske styresmakter å tømme ukrainsk jord for ukrainske borgarar. I den utbomba ukrainske byen Mariupol skal til dømes dei deporterte ukrainarane bli erstatta av russarar. Det er ein taktikk som er kjend frå ei rekke andre konfliktar og folkemord gjennom historia, mellom anna frå krigane på Balkan.

260.000 born

Russiske styresmakter har ope erkjent at ukrainske born vert tvangsflytta frå Ukraina til russiske familiar i Russland. Borna vert òg plassert på sjukeheimar og i såkalla «barneleirar». Tidlegare har det òg blitt kjend at ukrainske borgarar blir tvangsdeportert til byar og tettstader. I juli meinte den amerikanske utanriksministeren, Antony Blinken, at Russland allereie har deportert opp mot 1,6 millionar ukrainske borgarar. Over 260.000 av dei tvangsdeporterte skal vere born.

Denne grundige dokumentasjonen kan gje håp om at rettferden ein dag kjem. Dei ansvarlege må bli stilt til ansvar.

Vårt Land

Målet ser ut til å vere å gjere områda etnisk homogene, ved å fjerne den folkegruppa som utgjer trugsel mot den russiske framstillinga av korleis Aust-Ukraina ser ut.

Det er endå for tidleg å sei om dei juridiske vilkåra ligg til rette for folkemordstiltale mot dei ansvarlege. For at det skal kunne skje, må drapa vere utført fordi dei drepne er ukrainarar. Det må òg liggje ein bevisst motivasjon bak frå russisk side om å heilt eller delvis øydeleggje den ukrainske menneskegruppa.

Avgjerande dokumentasjon

Det som er positivt med det som skjer i Ukraina no, er at det meste vert dokumentert i sanntid. Slagkraftige ukrainske menneskerettsorganisasjonar nyttar teknologi og vitnesbyrd frå dei som vert ramma, til å systematisk dokumentere overgrepa og krigsbrotsverka. Det var òg ein av desse organisasjonane som vart tildelt årets Nobels fredspris – ukrainske Center for Civil Liberties.

Denne grundige dokumentasjonen kan gje håp om at rettferden ein dag kjem. Dei ansvarlege må bli stilt til ansvar.


Powered by Labrador CMS