Farleg høgreekstremisme i Tyskland
Kampen Putin kjempar i Ukraina, er ein kamp om kva for eit Europa borna våre skal vekse opp i. Det viser arrestasjonane av tyske høgreekstremistar som ville prøve å ta makta med statskupp.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Konspirasjonsteoriar og tankegods frå ytre høgre er reelle trugslar mot demokratiet i Europa. Dei som tvilte på det, kan fjerne tvilen etter at tysk tryggleikspoliti onsdag morgon arresterte minst 25 personar knytt til den høgreekstreme Reichsbürger-rørsla. Denne rørsla nektar for at Forbundsrepublikken Tyskland er ein legitim og suveren stat, og vil erstatte dagens Tyskland med eit «fyrstedøme».
Ifølgje tysk politi planla gruppa å ta makta ved å «fjerne» det øvre sjiktet i den tyske regjeringa. Dei planla også å storme den tyske Riksdagen i Berlin. Det er det same som statskupp – noko tysk historie har dårlege erfaringar med.
Ord til handling
Det blir ikkje betre av at tidlegare soldatar frå det tyske forsvaret Bundeswehr òg var involvert i planane. Fleire av dei som no er sikta hadde òg skaffa seg ulovlege våpen.
Ifølgje tysk etterretning har Reichsbürger-rørsla kring 21.000 tilhengarar.
Norsk og europeisk etterretning må ikkje undervurdere trugselen frå dei farlege og høgreekstreme kreftene i samfunnet. Storsamfunnet må legge inn store ressursar på å knuse denne rørsla, både gjennom overvaking, stigmatisering og aktiv bruk av rettsvesenet.
Vårt Land
Arrestasjonane – der over 3.000 politifolk over heile Tyskland deltok – viser at trugselen frå høgreekstreme, antidemokratiske krefter aldri må bli undervurdert. I fleire europeiske land finst store grupper menneske som trur på farlege konspirasjonsteoriar, og som kan tenkje seg å til vald for å nå sine politiske mål. Frå USA har vi sett at desse gruppene fort kan gjere ord til handling.
I eit slikt perspektiv handlar krigen om Ukraina om noko større enn berre kven som skal styre over austlege delar av den ukrainske staten. I botn ligg ein kamp mellom demokrati og diktatur, mellom universelle menneskerettar og eit autoritært verdssyn.
Framtida ligg i Ukrainas hender
Store delar av dei antidemokratiske kreftene i Europa heiar på Putin i Ukraina, fordi det kan skape støtte og momentum til ei bølgje av autoritær framrykking på resten av kontinentet. Derfor er krigen i Ukraina ein krig Volodomyr Zelenskyjs demokratisk valde regjering må vinne. Det handlar om Europa og demokratiets framtid.
Norsk og europeisk etterretning må ikkje undervurdere trugselen frå dei farlege og høgreekstreme kreftene i samfunnet. Storsamfunnet må leggje inn store ressursar på å knuse denne rørsla, både gjennom overvaking, stigmatisering og aktiv bruk av rettsvesenet.