Dialektkulturen i fare

Dialektane er ein viktig del av norsk kultur. Det ville vere eit stort tap om dei forsvinn.

Hellbillies er populære når dei syng på hallingdialekt. Men ungdommane i Hallingdal er på veg bort frå dialekten.
SYNG PÅ DIALEKT: Hellbillies er populære når dei syng på hallingdialekt. Men ungdommane i Hallingdal er på veg bort frå dialekten.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

I avisa Hallingdølen i går var alle redaksjonelle artiklar på hallingmål. Lokalavisa har brukt mykje plass på stoda til den lokale dialekten etter at dei laurdag for to veker sidan trykte dødsannonsen for hallingmålet på framsida.

Hallingdialekten er populær utanfor Hallingdal. Hellbillies, Stein Torleif Bjella og Daniel Kvammen er kjende artistar sin nyttar dialekten sin. Men i Hallingdal er det stadig færre som talar dialekt. Berre ein av ti unge nyttar dialekten sin, kom det fram i undersøkinga som låg til grunn for dødsannonsen.

Dramatisk når dialekten forsvinn

Talemålet er i stadig endring. Det vart illustrert i torsdagsavisa til Hallingdølen. Alle fekk skrive den versjonen av dialekten som fall naturleg for dei, og dermed vart det mange utgåver av hallingmål i den same avisa. Dialekter er talemål, og derfor er det heilt naturleg at dei endrar seg og vert påverka av omverda.

Det burde vera ei kulturpolitisk oppgåve å legge til rette for at dialektene ikkje forsvinn

Vårt Land

Det spesielle med undersøkinga frå Hallingdal var at dei fleste ungdommane hoppa direkte over til bokmålsnært talemål, i staden for at dialekten vart meir moderert, slik som det er for den eldre generasjonen. Dermed er ikkje dialekten i endring, men forsvinn heilt. Det er ei dramatisk endring.

I torsdagsavisa av Hallingdølen kunne vi og lese at Hemsedal kommune no skal gå over frå nynorsk til bokmål som skulemål. Vedtaket i kommunestyret vart gjort trass i eit fleirtal for nynorsk i folkeavrøystinga i haust. Ein kan godt skrive bokmål og tale ein dialekt som ligg nærast nynorsk, men det er likevel grunn til å tru at nynorsk skriftspråk gjer det lettare å halde på dialekten.

Ei kulturpolitisk oppgåve

Utviklinga i Hallingdal er spesielt dramatisk. Vi veit ikkje korleis stoda er for dei ulike dialektane rundt i landet. Men truleg er fleire av dei under press, særleg blant dei unge.

Talemålet både må og skal utvikle seg fritt. Dialektar kan ikkje normerast, og folk må stå fritt til å velje sitt eige mål. Men det burde likevel vera ei kulturpolitisk oppgåve å leggje til rette for at dialektane ikkje forsvinn. Ein skulle tru det ligg innanfor den politikken den noverande regjeringa ønsker.

Språkrådet har som oppgåve å verna den kulturarven som norsk skriftspråk og talespråk representerer. Dei gjer mykje for å ta vare på og røkte dei to skriftspråka våre slik at dei både vert tekne vare på og får utvikle seg. Men kunne dei gjort meir for å verna dialektane?

Powered by Labrador CMS