Den israelske hæren må ta meir omsyn til sivile

Israel har rett til å forsvare seg mot dei grufulle åtaka frå Hamas, men må halde åtaket innafor folkeretten. Tvangsflytting av opp mot 1,1 millionar menneske er eit eksempel på krigsbrotsverk.

Palestinere evakuerer sårede etter et israelsk luftangrep mot flyktningleiren Rafah sør på Gazastripen. Foto: Hatem Ali / AP / NTB
ØYDELEGGING: Alle som støttar staten Israel er tent med at Israel held seg innafor folkeretten, skriv Vårt Land på leiarplass.
Publisert Sist oppdatert

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Den siste veka har vore ei menneskeleg og sivil katastrofe i den israelsk-palestinske konflikten. Snart vil etter alt å døme den varsla bakkeinvasjonen av Gazastripa starte. Israel har som del av førebuingane gått til åtak med intenst bombardement av bygningar der dei trur Hamas kan skjule seg.

Det er viktig å halde tunga beint i munnen no. Mykje informasjon i omløp er rein propaganda for den eine eller andre sida.

Israel kan gjere seg skuldig i folkerettsbrot

Alle som støttar staten Israel er tent med at Israel held seg innafor folkeretten. Ein av forskjellane på den israelske hæren og Hamas er nettopp at dei israelske militære i langt større grad held seg til folkeretten i sine operasjonar. Det sit til dømes israelske folkerettsjuristar og tar avgjerder om kva åtak Israel kan gjere.

Derfor er det bekymringsfullt å lese om ultimatumet frå den israelske hæren (IDF) som kom fredag morgon. Då bad IDF om at alle innbyggarane i Nord-Gaza skulle evakuere sørover på Gazastripa. På den måten vil IDF sikre at Gaza by er tømt for sivile før dei set i gong bakkeinvasjonen. Det er snakk om 1,1 millionar menneske.

Det er inga motsetning mot å fordømme Hamas-terroren og Israels maktbruk på same tid. Dei som ivrar for fred på begge sider treng at vi gjer det. Humanismen treng det.

Å gje så mange menneske så kort tid på å flytte seg, er eit nesten umenneskeleg krav. Det er heller ikkje praktisk mogleg å evakuere til dømes sjukehusa i Gaza by på så kort tid. Ei slik forflytting vil i seg sjølv ha store og negative humanitære konsekvensar.

Dermed er det sivile som betalar den høgaste prisen for dei grufulle Hamas-åtaka. Sivile palestinarar har ikkje skuld i dei åtaka som råka Israel førre helg.

Flyktninghjelpens generalsekretær Jan Egeland sa mellom anna at «det utvilsomt er Hamas-terrorister inne i Gaza by, men det er uendelig mange flere spedbarn, gravide mødre og veldig mange funksjonshemmede». Egeland seier også at handlemåten vil vere kontraproduktiv for Israel i det lange løp og avle nye generasjonar av bitterheit og hat.

Fredskreftene treng fordømminga

For oss som støttar staten Israels rett til sjølvforsvar, er det grunn til å frykte at Egeland har rett. Maktbruken kan skape meir konflikt, større lidingar og føre til krigsbrotsverk. Det er derfor viktig at statsminister Jonas Gahr Støre fordømte maktbruken fredag morgon. Men her må diplomatiet jobbe hardt for å nå inn til israelske politikarar for å halde igjen på eit potensielt overgrep.

Det er inga motsetning mot å fordømme Hamas-terroren og Israels maktbruk på same tid. Dei som ivrar for fred på begge sider treng at vi gjer det. Humanismen treng det.



Powered by Labrador CMS