«Aldri meir 9. april» er sterkare i år

Den folkerettsstridige invasjonen av Ukraina viser oss at det norske forsvarsbudsjettet bør ligge på over 3 prosent av bruttonasjonalprodukt.

Tydkland overfall og okkuperte Noreg 9. april 1940. Kongen og den norske regjeringa flyktar nordover. Biletet av kong Haakon og kronprins Olav under flukta, ved bjørketrea utanfor Molde, gjekk verda rundt. Dei søker dekning under eit flyangrep på byen.
INVASJON: Den tyske invasjonen 9. april 1940 av Norge kom overraskande på, og i ei tid der den norske forsvarsevna var svak. No er det på tide med opprustning, viss vi skal kunne sei «aldri meir 9. april» med handa på hjartet, skriv Vårt Land på leiarplass.
Publisert Sist oppdatert

Dette er ein leder. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

I dag er det 82 år sidan Norge vart invadert av nazistane. Angrepet kom i ei tid der den norske forsvarsevna ikkje var prioritert. Faren for krig verka fjern. Etter fem år med okkupasjon, kom Den kalde krigen – og Norge hadde lært leksa si. I tida fram til Jernteppet fall, låg det norske forsvarsbudsjettet stabilt rundt 3 prosent av bruttonasjonalprodukt (BNP).

Tida i det som vert kalla den djupe freden sidan 1989, har fått oss til å gløyme kor viktig det er å prioritere investeringar i våpensystem, jagarfly, ubåtar og stridsvogner. Igjen verka faren for krig fjern, med optimismen og demokratisering på 1990-talet. Forsvaret vart kort og greitt nedprioritert til fordel for sjukehus, samferdsel, skule og alt det andre som sluker milliardane i statsbudsjettet. Kvifor bruke unaudsynt mykje pengar på forsvar, når vi likevel aldri skal i krig?

Ny tid i Europa

Den brutale russiske invasjonen av Ukraina viser oss at tida for angrepskrig i Europa ikkje er forbi. Derfor er det sterkare å sei «aldri meir 9. april» i dag, enn det har vore på mange år. Igjen verkar faren for krig nærare, skumlare og meir verkeleg.

Det er derfor tid for opprustning, prioritering av og store milliardinvesteringar til Forsvaret.

Dersom vi med handa på hjartet skal stå saman og sei «aldri meir 9. april», må det få konsekvensar for prioriteringane og forsvarsbudsjettet.

Vårt Land

Det kan verke motsett, men investeringar i Forsvaret er faktisk investeringar i fred. Desto sterkare den norske forsvarsevna er, desto tryggare er vi mot ufred, krig og konflikt. Opprustning er tryggleik.

Framover kan vi ikkje gjere tabben med å nedprioritere Forsvaret, til fordel for heimlege interesser som skrik høgare. Alt vi er og alt vi står for er avhengig av at Forsvaret er i stand til å beskytte oss.

Må kjenne oss trygge

Den viktigaste oppgåva til politikarane er å halde oss trygge. Det må derfor vise att når politikarane gjer prioriteringane i statsbudsjettet. Det vil koste, og sannsynlegvis vil det òg bli mindre pengar til tiltak som Støre-regjeringa gjekk til val på.

Tøffe tider krev likevel tøffe tiltak. Det er derfor på tide at investeringane i Forsvaret kjem opp på det nivået dei var under Den kalde krigen, slik at vi kan kjenne oss trygge. Dersom vi med handa på hjartet skal stå saman og sei «aldri meir 9. april», må det få konsekvensar for prioriteringane og forsvarsbudsjettet.


Powered by Labrador CMS