Vatnet finn sine vegar

PÅSKE + PASJON: På elleve år har norske forfattarar skrive rundt 150 nye skjønnlitterære tekstar i samtale med den bibelske påskeforteljinga. – Eg får aldri nok av dramatikken i forteljinga. Ho har alt, seier Gine Cornelia Pedersen.

Påske og pasjon. Ekskursjon til Hovedøya med Knut Erik Tveit, kulturrådgiver i Oslo bispedømme og Aina Villanger, Ingrid Z Aanestad, Gine Cornelia Pedersen og Fredrik Høyer.
Nokre veker før påske tok Knut Erik Tveit, prosjektleiar for Påske + pasjon, med seg forfattarane Aina Villanger (t.v.), Ingrid Z Aanestad, Gine Cornelia Pedersen og Fredrik Høyer til klosterruinane på Hovedøya.
Publisert Sist oppdatert

Ein vinterdag i Oslo dreg fire forfattarar med båt ut til Hovedøya. I dei gamle klosterruinane samlar dei inntrykk. Kvar av dei skal skrive ein skjønnlitterær tekst til arrangementsserien Påske + pasjon.

– Klosterruinane på Hovedøya, og for så vidt heile øya, er ein av favorittstadane mine. Om sommaren dreg eg ut for å bade og lese i det grøne, men det er nesten endå meir spesielt å vere der om vinteren, som no. Det er stille, og ruinane trer tydelegare fram utan folk og lauvverk overalt, seier Ingrid Z. Aanestad.

Forfattaren synest det er stimulerande å tenke så medvite over ein stad i byen der ho bur, i tillegg til å gå inn i ein bibeltekst. Alle forfattarane som skriv tekstar til Påske + pasjon, får i oppgåve å lese Markusevangeliet. Aanestad har vore med nokre gonger før, men det er første gongen ho skriv i samtale med klosterruinane, eit nytt konsept av året.

– Eg merka meg rommet i klosteret som heitte «samtalerom». Eit bitte lite rom. Elles var det stille i klosteret, munkane kommuniserte ved hjelp av enkelt teiknspråk, seier ho.

Påske og pasjon. Ekskursjon til Hovedøya med Knut Erik Tveit, kulturrådgiver i Oslo bispedømme og Aina Villanger, Ingrid Z Aanestad, Gine Cornelia Pedersen og Fredrik Høyer.
Ingrid Z Aanestad studerer klosterruinane på Hovedøya. I mai er ho blant forfattarane som skal framføre ein tekst i samtale med ruinane og Markusevangeliet.

Vektig bidrag til samtidslitteraturen

I år blir Påske + pasjon arrangert for tolvte gong. Blant dei mange kunstuttrykka som kan opplevast frå 5. søndag i faste og fram til 1. pinsedag kvart år, har også skjønnlitteraturen sin naturlege og markante plass. Norske forfattarar har til saman skrive rundt 150 nye skjønnlitterære tekstar på prosjektleiar Knut Erik Tveits førespurnad – eit vektig bidrag til den norske samtidslitteraturen. Ein grunnføresetnad er at forfattarane ikkje skriv med påhalden penn. Dei står fritt til å forme tekstane slik dei vil sjølve.

– Ein av dei berande refleksjonane til Påske + pasjon er at vi ikkje kan vite kvar dei bibelske narrativa kjem til uttrykk. Dei kjem nemleg til uttrykk heile tida, overalt. Dette skjer kontinuerleg også i den nye norske samtidslitteraturen, nokre gonger heilt eksplisitt, andre gonger i ein undertekst, somme gonger i ein kort passasje, i ein dialog, seier Tveit.

Når evangeliet på denne måten kan skje «heile tida, overalt», er det viktig for Påske + pasjon både å gi plass til eit breitt spekter av kunstuttrykk og samtidig gi full kunstnarisk fridom.

– Kyrkja eig ikkje evangeliet. Kyrkja eig ikkje dei bibelske narrativa. Det er ikkje sjølvsagt at det alltid er i kyrkja det blir grave djupast i dei bibelske forteljingane. Vatnet finn sine vegar, seier Tveit.

Påske og pasjon. Ekskursjon til Hovedøya med Knut Erik Tveit, kulturrådgiver i Oslo bispedømme og Aina Villanger, Ingrid Z Aanestad, Gine Cornelia Pedersen og Fredrik Høyer.
Knut Erik Tveit og forfattarane trong berre å reise ein liten båttur frå Oslo sentrum for å komme ut til Hovedøya. Frå venstre mot høgre: Knut Erik Tveit, Gine Cornelia Pedersen, Fredrik Høyer, Ingrid Z. Aanestad og Aina Villanger.

Kyrkja eig ikkje evangeliet.

Knut Erik Tveit

Påske + pasjon

  • Påske + pasjon blir i år arrangert i Oslo for tolvte gong.
  • Målet er å halde Bibelens påskeforteljing levande gjennom eit breitt spekter av kunstuttrykk.
  • Arrangementsserien består av 64 opplevingsdagar, frå 5. søndag i faste og fram til 1. pinsedag. I år går Påske + pasjon føre seg frå 3. april til 5. juni.
  • Blant dei mange kunstuttrykka som er med, har skjønnlitteraturen ein viktig plass. Før tekstane i årets Påske + pasjon har litteratursatsinga ført til 133 nyskrivne skjønnlitterære tekstar, som no finst i Nasjonalbibliotekets digitale arkiv. Etter årets Påske + pasjon er talet 149.
  • Primus motor for Påske + pasjon er Knut Erik Tveit, kulturrådgivar i Oslo bispedømme. Arrangør er stiftinga KULT – Senter for kunst, kultur og kirke, der Erik Hillestad er dagleg leiar, og Oslo bispedømmeråd i samarbeid med Fellesrådet i Oslo og bispedømma i Borg og Tunsberg.

– Uvanleg raus prosess

Denne fridomen set forfattarane pris på.

– Vi kan i prinsippet skrive religionskritiske tekstar. Det er ein uvanleg raus prosess som er basert på stor tillit til forfattarane. Det gir skaparglede og openheit, seier Aina Villanger.

Også Gine Cornelia Pedersen opplever at ho kan tolka oppgåva fritt, samtidig som ho likar utgangspunktet med ein konkret stad og ein konkret situasjon som set i gang nye tankerekker hos henne.

– Påskeforteljinga er kanskje den mest dramatiske forteljinga i verda. Eg får aldri nok av dramatikken i forteljinga. Ho har alt.

Kva betyr påska for deg?

– For meg er påska kanskje den viktigaste høgtida. Det er eit under som går føre seg, ei stadfesting av ei helt ny røynd – Gud sjølv blir menneske, blir hengt på eit kors, audmjuka og fornedra, og står deretter opp igjen. Det finst ingen liknande storleik slik eg ser det, kanskje avtrykk av det, men ikkje så klart, så kompromisslaust. Påskeforteljinga er fatalistisk, men også levande og uføreseieleg. Fortvilande og fortryllande, seier Pedersen.

Forfattaren trur ikkje ein slepp unna Bibelen som skapande menneske, men ho er blitt meir og meir medviten om det dei seinaste åra.

– Eg har ei subjektiv oppfatning om at det er ein ny vår for litteratur som tematiserer tru, utan at eg kan grunngi det med noko meir enn ei kjensle, seier Pedersen.

Påske og pasjon. Ekskursjon til Hovedøya med Knut Erik Tveit, kulturrådgiver i Oslo bispedømme og Aina Villanger, Ingrid Z Aanestad, Gine Cornelia Pedersen og Fredrik Høyer.
– Påskeforteljinga er fatalistisk, men også levande og uføreseieleg. Fortvilande og fortryllande, seier Gine Cornelia Pedersen (t.v.). Også Aina Villanger likar påske: – Påska har ei eiga kraft og ei eiga oppdrift, seier ho.

Den største høgtida

Ho er ikkje den einaste som tenker slik. Også Aina Villanger ser at Gud og religiøse spørsmål stadig dukkar opp i den norske samtidslitteraturen.

– Du finn det om du leitar, indirekte eller direkte, hos for eksempel Jon Fosse, Gunnar Wærness, Torild Wardenær, Karl Ove Knausgård, Stein Versto, Casper André Lugg, Erling Kittelsen og Jenny Hval, seier ho.

– I kva grad skriv du sjølv i samtale med bibeltekstar?

– Eg har tidlegare skrive ein slags roman om ei historisk abbedisse i mellomalderen i Norge, Baugeids bok. Då skreiv eg meg bokstaveleg talt inn i bibeltekstar og andre religiøse tekstar skrivne til dømes av St. Benedikt og Hildegard av Bingen. I tillegg har eg interessert meg for den jødiske bibelkvinna Lilit over fleire år, så eg har alltid både Bibelen og andre heilage tekstar liggande i nærleiken av skrivebordet, seier Villanger.

Eg har alltid Bibelen og andre heilage tekstar liggande i nærleiken av skrivebordet,

Aina Villanger

For henne er påska den største høgtida, på eitt vis det motsette av jul – «og då meiner eg det jula har blitt for oss», seier ho.

– Den moderne tida, og kapitalismen, er lengre unna i påska. Det kviler ein annan type ro over desse dagane, både før og gjennom påskedagane. Det opplever eg som svært givande, ja stimulerande og konstruktivt – noko eg ikkje opplever i jula. Påska har ei eiga kraft og ei eiga oppdrift.

Villanger synest Påske + pasjon er eit eineståande konsept, som ikkje berre fører samtidslitteraturen og religionen saman, men også forfattarar og historiske stader i Oslo by – som klosterruinane på Hovedøya.

– Ei fysisk synfaring bidrar til å verkeleggjere oppgåva, at teksten spring ut av eller kan vere knytt til ein faktisk stad. Det gjer at teksten får ein dimensjon av evig aktualitet nettopp fordi staden finst og kan oppsøkast til ei kvar tid, seier Villanger.

Påske og pasjon. Ekskursjon til Hovedøya med Knut Erik Tveit, kulturrådgiver i Oslo bispedømme og Aina Villanger, Ingrid Z Aanestad, Gine Cornelia Pedersen og Fredrik Høyer.
Dei fire forfattarane er blant dei tolv – eit tal som spelar på dei elleve attverande læresveinane pluss Maria Magdalena – som skal lese opp tekstane sine i klosterruinane laurdag 21. mai. Det skjer under arrangementstittelen «12 – 12 klosterruinen».

Opne rom for tolking

Dei seinaste vekene har Knut Erik Tveit hatt med seg heile tolv forfattarar på synfaring ut til klosterruinane på Hovedøya. Dei tolv – eit tal som spelar på dei elleve attverande læresveinane pluss Maria Magdalena – skal lese opp tekstane sine i klosterruinane laurdag 21. mai under arrangementstittelen 12 – 12 klosterruinen. I tillegg til Gine Cornelia Pedersen, Ingrid Z Aanestad, Aina Villanger og Fredrik Høyer, er også Nils-Øivind Haagensen, Amalie Kasin Lerstang, Ingvild Lothe, Tone Hødnebø, Sondre H. Bjørgum, Ole Robert Sunde, Gunstein Bakke og Ulla Svalheim med. Forfattarane skal skrive i dialog med situasjonen som oppstod frå Maria Magdelenas oppleving av den tomme grava 1. påskedag og i vekene fram til Kristi himmelfartsdag. To korte ord for denne situasjonen er «kaos og forvirring». Det er med andre ord opne rom for tolking.

Fire andre forfattarar deltek i konseptet 4–4, der forfattarane er i samtale med Mariakirkeruinen i Middelalderparken i Gamle Oslo, og situasjonen påskeaftan. Dei aktuelle forfattarane i år er Tina Åmodt, Ingvild Schade, Bård Torgersen og Nora Aschim. Også desse må lese Markusevangeliet før dei leverer sin tekst.

– Eg har faktisk prøvd å frigjere meg frå Markus og velje ein av dei andre evangelistane, men eg har ikkje klart det. Markusevangeliet har seksten korte kapittel, reint skildrande, med korte hovudsetningar. Alt overflødig er skore bort. Det gir eit høve for forfattarane til å plassere seg sjølve som lesarar, og plass til å «stemme» instrumentet deira, nemleg pennen, seier Tveit.

Eg har faktisk prøvd å frigjere meg frå Markus og velje ein av dei andre evangelistane, men eg har ikkje klart det

Knut Erik Tveit

– Kunstnarisk sterkt prosjekt

Forfattarane stemmer tydelegvis instrumenta med glede.

– Det er eit godt kuratert og kunstnarisk sterkt prosjekt, som eg synest har endt opp i veldig mange sterke og annleis tekstar og performance-ar, seier Fredrik Høyer.

– For meg er påskeforteljinga først og fremst ein arketypisk spirituell metafor, og noko som må tolkast symbolsk. Å skrive eit slikt bestillingsverk med bakgrunn i Markusevangeliet gir eit sjeldant høve til å sette ord på kva desse symbola inneber for meg personleg, seier han.

Påske og pasjon. Ekskursjon til Hovedøya med Knut Erik Tveit, kulturrådgiver i Oslo bispedømme og Aina Villanger, Ingrid Z Aanestad, Gine Cornelia Pedersen og Fredrik Høyer.
– Å skrive eit bestillingsverk med bakgrunn i Markusevangeliet gir eit sjeldant høve til å sette ord på kva desse symbola inneber for meg personleg, seier Fredrik Høyer.

«Modig i tanken og proft gjennomført» er Ingrid Z. Aanestads skussmål når eg spør henne om korleis ho oppfattar Påske + pasjon. Som forfattar skriv ho vanlegvis lite i direkte samtale med bibeltekstar. Samstundes ser ho at bibeltekstane er blant «urtekstane» i henne. Slik sett meiner ho at bibelforteljingane ho høyrte som barn – og som gjorde uutsletteleg inntrykk – er med henne når ho skriv.

– Eg er oppvaksen på sørvestlandet med bedehus og bibeltekstar på alle kantar, og sjølv om eg no ikkje er medlem av Den norske kyrkja eller ser på meg sjølv som personleg kristen (eit veldig rart uttrykk!), er det klart at tekstane frå Bibelen har vore med og forma meg og språket mitt, seier Aanestad.

– Kva betyr påska for deg?

– Heilt ærleg, aller mest: At det blir stille i byen. Men vi et påskelam, kokar gule egg med laukskal i vatnet, eg dekker bordet med ein påskeduk mor mi har sydd. Og frå barndommen heng det framleis igjen ei kjensle av at langfredag er den alvorlegaste dagen i året.

Påske og pasjon. Ekskursjon til Hovedøya med Knut Erik Tveit, kulturrådgiver i Oslo bispedømme og Aina Villanger, Ingrid Z Aanestad, Gine Cornelia Pedersen og Fredrik Høyer.
Ingrid Z. Aanestad likar at det blir stille i påska. – Men frå barndommen heng det framleis igjen ei kjensle av at langfredag er den alvorlegaste dagen i året, seier ho.
Powered by Labrador CMS