Ulstein om kvardag og domedag

Jan Ove Ulstein har levert ei stramt komponert diktsamling om våre trivielle liv, medieverda og katastrofar.

Publisert Sist oppdatert

Han har skrive om undergangsprofetiar og endetid. Jan Ove Ulstein er ein moderne poet med ein gamal bodskap. Heilt sidan debuten med den fine Slag på berget har det vore ei viktig oppgåve for han å formulera med vår tids språk - og innanfor vår tids erkjenningar - ein kristendom som ikkje berre er tru og tanke men like mykje personleg røynsle.

Sunnmørsk landskap. Noko enkel forkynning er det ikkje tale om, for det er både tvil, indre kamp og utfordring i dikta og prosaen hans. Utganspunktet er i alle fall ein lærd poet som framleis har røtene sine i eit sunnmørsk landskap med ein sterk kristen tradisjon. Landskapet har vore med heile tida, som teikn, symbol, inspirasjon men òg som grensesetjar mot lettvinte intellektuelle løysingar.

«Ein tjuv om natta». I I eitt no har han funne ei fin kompositorisk ramme der han vekslar mellom avskrift frå tekst-TV nokre maidagar 2010 og den apokalyptiske forkynninga om endetid og Gudsrikets bråe kome. Samlinga har ei fabelaktig fin opning:

i alle kanalar, på alle skjermar/

eit blenk, overalt ei røyst, slik/

kjem han uventa, som ein tjuv/

om natta, eller uventa/

i eit lyn/

på høglys dag/

brått/

samtidig/

med lyden i eit torever

Det er nok mange som kjenner att denne samstundes trugande og lokkande domedagsforestillinga.

Katastrofar og openberring. Vi lever som kjent i eit sekularisert samfunn der det er lite rom både for apokalyptiske undergangsvisjonar og tru på ei oppstode. Samstundes lever vi med eit mediebombardement om dystre naturkatastrofar, krigar og epidemiar – som på ganske rasjonelt vis fortel oss at endetida for livet på Tellus kan vera nær.

Eg les Ulsteins diktsamling i lys frå båe desse kjeldene: Den kristne openberringa, slik vi best kjenner den frå Johannes Openberring om Kristi gjenkomst og domedag – og om menneskeskapte katastrofar og trugsmål mot alt liv.

Det trivielle. Desse tilsynelatande trivielle overskriftene frå media, eller her: tekst-TV, som poetens eigne bilete er ramma inn av, er med på å byggja opp spenninga mellom våre daglege omgjevnader og dette som brått kan/skal koma og venda om på alt slik vi kjenner det.

I denne bakgrunnen ser vi òg korleis medvitet, gjennom denne stanslause straumen frå media, har fått trivialisert det vonde og korleis oppfatningar om smått og stort misser meining: Vi les side om side om «12 drept i bombeangrep i Bagdad» og om «Pluss i Gjensidige tross dyr vinter».

Tekstar som grip djupt. Men folk er folk, dei bakar sine brød og gifter seg medan vatnet stig som i Noas tid. Her er vel ikkje alt like spanande som lyriske tekstar, det er ikkje alle dei såkalla «ready-mades» som fungerar, og heller ikkje diktbolken «Brød.Pinse» er på nivå med dei beste dikta i boka. Men som heilskap og som komposisjon tykkjer eg Jan Ove Ulstein har skrive ei vesentleg bok. Det er dikt her som grip meg både som samfunnsmedvite menneske og som kristen. Og nokre tekstar grip djupt, som dette om mora og den narkomane dottera:

.....

Ho går/

barbeint over elva/

der den narkomane/

dottera ligg/

ved breidda og smiler, kvitt/

som heroin/

kvitt/

som ein englemunn/

som pulverskyer, kvite/

Flere anmeldelser i papiravisen tirsdag 18. januar:

Riksteateret: Baby Universe anmeldt av Kjersti Juul.

Ungdomsbok: Bjørn Arild Erslands Fengslet: En bok om å sitte inne anmeldt av Stine Frimann.

CD pop: Onkel Tuca, The Lionheart Brothers og Beth Hart anmeldt av Olav Solvang.

CD klassisk: Helene Grimauds Resonances anmeldt av Lars O. Flydal. Håvard Svendsruds Klassisk på trekkspill anmeldt av Olav Egil Aune.

Powered by Labrador CMS