Trua på Ordet

Med Stein Mehrens bortgang er ein av moderne norsk litteraturs fremste lyrikarar løfta inn «dit gåte holder gåte i sin hånd».

Den alvorlege sjukdomen førde til at Stein Mehren i dei seinare år ikkje kunne delta i den offentlege samtalen eller vera skapande poet som før, skriv Knud Ødegård.
Publisert Sist oppdatert

Diktaren Stein Mehren døydde fredag, 82 år gamal. Det er ein alder for farvel for mange, men for Mehren var dei siste åra prega av ein gradvis nedbrytande Parkinson-sjukdom, ein lang veg med mykje liding.

Formuleringane frå diktet «Jeg holder ditt hode» kling i meg ved meldinga om Mehrens død. Det er eit av dei få moderne dikt som er blitt folkeeige, og som på mange måtar viser Mehrens spenst mellom det heilt nære og det som ligg høgare enn naturens sykliske rundgang:

Jeg holder ditt hode

i mine hender, som du holder

mitt hjerte i din ømhet

slik allting holder og blir

holdt av noe annet enn seg selv

Slik havet løfter en sten

til sine strender, slik treet

holder høstens modne frukter, slik

kloden løftes gjennom kloders rom

Slik holdes vi begge av noe og løftes

dit gåte holder gåte i sin hånd

Diktaren Mehren let seg ikkje forføra av moteretningar i ideologi og litteratur. På 1970-talet var norsk litteratur sterkt prega av forfattarar med heimstad i det marxistiske (materialistiske og ateistiske) AKP m-l. Mehrens motstand førde til at han vart frosen ut som politisk ukorrekt og (dermed) irrelevant som diktar.

Eg var ein del saman med Mehren den tida. Eg hugsar godt ein gong vi sat på café og eg uttrykte frustrasjon over korleis marxistane okkuperte det eine feltet etter det andre i norsk litteratur. Han sa då: «Den eneste svaret vi har på dette, Knut, er å skrive bedre dikt.»


Han var grunnleggjande åleine i ei livsoppgåve som gjekk ut på å synleggjera opplevinga av mystisk einskap i skapingsverket


Åndsvesen

Mehrens svar var ein poesi som sprengde den materialistiske røyndomsforståinga og viste oss mennesket som åndsvesen og mysterium. Hans svar var ikkje berre poesien, men òg ein særeigen essayistikk.

Stein Mehren tilhøyrde inga gruppe, han heldt seg borte frå den mektige Profil-krinsen. Han var grunnleggjande åleine i ei livsoppgåve som gjekk ut på å synleggjera, gjennom poetiske bilete, opplevinga av mystisk einskap i skapingsverket. Det høyrest komplisert og fjernt ut. Mehren vart då òg straks ved debuten av somme plassert som ein «vanskeleg» diktar. Men det er sensualitet og eit sterkt nærvær i dikta hans som trass i den filosofiske erkjenningsvegen han gjekk, møter lesaren i bilete på kjærleik, lengt, sorg, fryd som ein utan vidare kan kjenna seg att i.

Omfattande. Forfattarskapen er omfattande. I tillegg til eit trettitals diktbøker sidan debuten med Gjennom stillheten en natt i 1960 gav han òg ut essays, romanar og skodespel – i alt over femti bøker. I tillegg var han kunstmålar.

Romanane og skodespela er interessante, ikkje minst som kritisk tidsanalyse, men er ikkje på same høge kunstnarlege nivå som dikta. Derimot er den essayistiske delen av forfattarskapen knivskarp, med ironisk snert og stor filosofifagleg tyngde i kulturkritikken og oppgjeret med autoritære ideologiar og velferdssamfunnets sosionomisme. Aktuell i dag er ikkje minst hans insistering på språket – diktspråket som reiskap til innsyn og avdekking av samanhengar.

Mehren var ein «poeta doctus», ein lærd poet. Med omfattande studiar i filosofi og litteratur kunne han hatt ein karriere også som fagfilosof (han var ei tid assistent hjå professor Arne Næss og var forelesar i idéhistorie på 1970-talet), men den karrieren måtte vika for poesien. Innsynet i filosofar som Kierkegaard, Adorno og ikkje minst Martin Buber ser ut til å ha sett preg på hans eiga særeigne skapingskraft.


Alt er underlagt ei kontinuerleg skapings- og endringskraft.


Ikkje tyngjande

Sjølv om diktinga hans klårt var ein lærd poets verk, var lærdomen sjeldan tyngjande eller overordna poesien - som hos Mehren er primær erkjenningsakt.

For meg står samlinga frå 1969, Aurora. Det Niende Mørke, blant høgdepunkta. Eit grunnleggjande tema er drifta mot oppbrot frå det innestengde/fragmenterte og fram mot einskap og samanheng – formidla i eit mytefylt språk der vi fylgjer Wanakas vandring gjennom det nifalds tjukke mørkret for å finna si høgt elska prinsesse Isodd i morgongryets teikn. Det er ei eg/du-sameining som ein i filosofiske termar finn tydelegast uttrykt hjå jødiske Martin Buber.

Men, og igjen: Stein Mehren er ingen illustratør av filosofisk tankegods. Han er poeten som så generøst og vitalt inkluderer livets mange sider og spørsmål i ein rytmisk og biletrik poesi: Det er såre dikt om ein barndom og eit fråver som pregar vaksenlivet, det er kjærleikens trong til ei sameining av kosmisk dimensjon, som igjen møter ei stengd dør. Det er ei biletskaping som viser slektskap med Wergeland, flytande, ofte ekstatisk – ikkje minst i dei mange fine naturbileta som igjen viser tilbake til mennesket og til skaparakta sjølv: Alt er underlagt ei kontinuerleg skapings- og endringskraft.

Mørkt tonefall

Diktsamlingane frå siste del av forfattarskapen er mindre «vanskelege» enn dei fyrste bøkene. Men dei er ofte mørkare i tonefallet, her møter vi død, menneskelege forlis og endå sterkare eit mørker frå barndomen som ligg som ein dirrande tone gjennom heile forfattarskapen. Likevel: Det er ei veldig tru på Ordet som ber denne diktinga, slik han formulerer det i samlinga Ark (2000):

Ark: skrin, skip, papir

En gjenstand som skal bringe noe

uerstattelig fra ett sted til et annet

Kanskje språket selv er en ark. Drømt av

Drømmere som selv måtte forlate den

Ord, slik de har drømt meg, Ord

slik jeg har forsøkt å skrive dem, Ord

til naturens forsvar, menneskets pris, Guds ære

Den alvorlege sjukdomen førde til at Stein Mehren i dei seinare år ikkje kunne delta i den offentlege samtalen eller vera skapande poet som før. Vi lever i ei tid der olbogane må vera kvasse om ein skal delta i kampen om å vera synleg i media. Dette ser ut til å vera avgjerande for den - tidsavgrensa - suksess eller interesse også ein diktar kan få. Fråveret frå medieverda har ført til at Mehrens namn ikkje vert nemnt så ofte i dagens oppslag.

Men det er ikkje tvil om at når ein kjem til summa summarum i gjennomgangen av det siste hundreåret i norsk lyrikk, vil Stein Mehrens namn stå blant dei fremste, lysande.

Powered by Labrador CMS