Superkule Patti Smith slo seg laus
Den 67 år gamle legenda rockar framleis heftig.

Snakkar vi Patti Smith, snakkar vi rockehistorie «still going strong». Siste halvdel av 1970-talet, og ikkje minst med albumdebuten Horses i 1975, var Smith blant dei fremste leverandørane av rockepoesi med rå energi. Mellom 1980 og 1995 var ho sterkt tilbaketrekt frå den offentlege rockescena, og brukte mesteparten av tida på familien sin, men vart overtalt til å komme attende til turnélivet etter at mannen Fred «Sonic» Smith døydde i 1994. Blant anna gjorde ho nokre konsertar saman med Bob Dylan.
Dei seinare åra har Patti Smith turnert flittig også i Europa, og har vore i Noreg fleire gonger. Laurdag kveld var det Månefestivalen i Fredrikstad som hadde besøk av punkdronninga. Med slitne jeans, kvit T-skjorte og svart blazer entra Patti Smith scena på slentrande og tilbakelent vis. Men musikalsk var det full guffe frå start, med «Redondo Beach» frå Horses som første låt, deretter «April Fool» frå det nye albumet Banga (2012) og «Dancing Barefoot» frå 1979-albumet Wave.
Punkens jordmor. Patti Smith hadde, i tillegg til trommis og bassist, med seg sonen Jackson Smith på el-gitar og dottera Jesse Smith på tangentar. Dei gjorde ikkje så mykje ut av seg, så her er det nok moder'n som framleis er sjef. Kva anna kan ein vente seg av ei som blant anna er blitt kalla «punkens jordmor» og som har inspirert det som kan krype og gå av yngre – både mannlege og kvinnelege – rockeartistar?
Patti Smith var tydeleg nøgd med å spele på ein festival med namnet Månefestivalen – månen er jo eit kjent objekt for kunstnarar – og det faktum at denne festivalen blir arrangert i Fredrikstad. Ho varta blant anna opp med låten «Frederick», som ho sjeldan spelar på konsert. «Frederick» er ein hyllest til den no avdøde ektemannen, ein låt ho skreiv og lanserte eitt år før dei gifta seg i 1980. Under konserten laurdag kom Patti Smith med stadige små gledesutbrot over å kunne spele akkurat i Frederick-stad. Kanskje difor var han så proppfull av energi.
Mykje på hjartet. Innimellom låtar som «My Blakean Year» og «Ghost Dance» brukte Patti Smith scenetida si til å komme med både samfunnskritiske og fredsfremjande utsegn. Så dediserte ho låten «Beneath the Southern Cross» til bluesgitaristen Johnny Winter, som døydde no i juli, og til Amy Winehouse, som døydde for tre år sidan. «Ein veldig kvit, og ei veldig svart, men begge like vakre,» som ho sa.
Neste låt dediserte ho kort og godt til alle, og drog til med Lou Reeds «Perfect Day». Då gjekk stemninga opp endå nokre hakk i Gamlebyen i Fredrikstad. At Patti Smith snubla i teksten undervegs, var det ingen som brydde seg noko om. Aller minst ho sjølv.
Høgdepunkt. Etter «Banga» og «Pissing in a River» kom den store slageren, «Because the Night», som ho skreiv saman med Bruce Springsteen. Det var eit nytt høgdepunkt på konserten. Endå eitt kom på siste låt i det ordinære settet: «Gloria», opningssporet frå Horses.
To ekstranummer til slutt – «People have the power» og «Rock'n'roll nigger» – kompletterte opplevinga. Patti Smith er framleis ein artist å reise nokre mil for å høyre og sjå. Rockens superbestemor er framleis superkul.