Endrar kontroversiell tittel
Karl Ove Knausgårds Min kamp 1 blir til Å dø når boka lanserast på tysk forlag neste år.

Tittelen Sterben, som tyder «å dø», er bestemt i samarbeid mellom forfattaren sjølv og det tyske forlaget Luchterhand. Knausgårds verk får dermed ikkje same tittelen som Hitlers ideologiske manifest Mein Kampf.
– Det var heilt klart frå starten av at vi ikkje kunne bruke denne tittelen i Tyskland, seier pressetalsmann Karsten Rösel i Luchterhand.
– Det ville skapt kaos her, og gje feil inntrykk av boka til lesarane, seier han.
Ingen fellestittel. Det tyske forlaget gir i februar neste år ut første bind i Min kamp-serien. Dei vil kjøpe rettane til alle seks binda.
– Vi vil gje ulike titlar til kvar bok. Men utifrå utsjånaden til bøkene vil det vere klart at dei høyrer saman i eitt verk. Vi vil passe på å ha samanheng mellom binda, samtidig som kvart av dei skal sjåast som sjølvstendig, seier Rösler.
Kontroversiell. Mein Kampf vert i dag halde tilbake av den bayerske stat som har opphavsretten til boka. Den er difor forbode å trykke. Den nederlandske utgåva av Min kamp har grunna dette foreløpig fått tittelen Min strid. Diskusjon rundt tittelen har det òg vore i Noreg. Tidlegare i år reagerte mellom anna forfattar Tor-Bomann Larsen på den kontroversielle tittelen.
– Offentlegheita kan ikkje la Knausgård erobre denne tittelen utan å huske boka som var den litterære opptakta til Holocaust. Han søker mot det forbode, skreiv han i ein kronikk i Aftenposten. Forlagssjef i Oktober forlag, Geir Berdahl, uttalte då til same avis at han ikkje skjønte kva som skulle kome ut av ein diskusjon om tittelbruken. Bokmeldarar har også spekulert i om Knausgård bevisst knyt bøkene sine opp mot Hitler-verket.
– Ingen kvalar. I Danmark fekk bok nummer éin behalde tittelen då den kom ut i vår.
– Vi har ikkje den same problematikken i Danmark som i Tyskland når det gjeld tittelen. Det er Karl Ove sin tittel, og vi prøvar alltid å halde oss til originaltittelen. Vi har ingen kvalar med å gjere det, det har vore ei veldig enkel avgjerd, seier redaktør for utanlandsk litteratur i forlaget Lindhardt & Ringhof, Susanne Bent Andersen.
– Noreg har heller ikkje det same forholdet til tittelen som Tyskland. Men også her har det vore diskusjon om den. Har det vore ein slik debatt i Danmark?
– Ikkje som eg veit. Det har ikkje vore stor polemikk rundt verket slik som i Noreg, når det gjeld det sjølvbiografiske innhaldet og tittelbruk, svarar ho.
Originaltittel. I september er det klart for Min kamp 1 i svensk orddrakt. Forlaget Norstedts har valt å behalde originaltittelen. Det same har det italienske forlaget Ponte alle Grazie, som gir ut første bind i oktober. Tittelen blir då La mia lotta - altså Min kamp.
Eitt eller fleire bind av Min kamp er så langt selt til Ungarn, USA, England, Bulgaria, Danmark, Nederland, Finland, Frankrike, Tyskland, Italia, Spania og Sverige.