Elitefesten for absolutt alle

Viss du er på Arendalsuka og tenker at den berre er for eliten, ser du eigentleg berre ned i bakken eller er innelåst på feil nachspiel.

Arendalsuka – elitefesten for alle.
KRITIKK: Mange har kritisert Arendalsuka for å vere ein sommarleir for folk som les for mange aviser, heng på Twitter eller Politisk Kvarter-avhengige.
Publisert Sist oppdatert

Mange har kritisert Arendalsuka for å vere ein sommarleir for folk som les for mange aviser, heng på Twitter eller er avhengige av Politisk Kvarter.

«Vanlige folk utgjør en forsvinnende liten del av Arendalsuka», skreiv Aslak Bonde denne veka. Senterparti-leiar og finansminister Trygve Slagsvold Vedum uttalte til Dagbladet at han hadde avlyst Arendalsuka for sine byråkratar: «Du treffer nesten ingen vanlige folk under Arendalsuka».

Likevel held arrangørane og entusiastane i Arendal fram at den politiske festivalen er meir å rekne som demokratiets dansegolv enn elitens andedam.

Elitistisk minglefest eller demokratisk dansegolv?

Så kva er eigentleg sant?

Vi tok oss ein rundtur i Arendal for å sjekke om det berre var dresskledde akademikarar med hornbriller på barbesøk, finansiert av statlege diettpengar.

Vi fann litt av kvart, men ikkje Trygve Slagsvold Vedum.

Arendalsuka – elitefesten for alle.
TALARSTOL: På Kirkeskipet til Den norske kirke er talarstolen på dekket til ei gamal skute.

Fakta: Arendalsuka

  • Ein politisk festival som vert arrangert i Arendal i august kvart år.
  • Kring 120 000 menneske er innom kvart år, fordelt på over 1700 arrangement.
  • Vart arrangert første gong i 2012, etter inspirasjon frå den svenske Almedalsveckan.

Dei første som møtte oss var den prangande standen til Partiet De Kristne, eit parti som sjeldan når gjennom den nasjonale, politiske lydmuren.

«Arendalsuka er jo eit arrangement for alle. Det er mest vanlege folk her. Vi er her for å sei ifrå om det som skjer med samfunnet. Dei polane som fins i samfunnet, klarar ikkje å foreine seg. Det blir ein graut av det, men ingen fast grunn å stå på. Det blir ein graut», sa Agder-fylkesleiar Ole Iacob Prebensen.

Arendalsuka – elitefesten for alle.
SANNING: Partiet De Kristne er på Arendalsuka for å snakke sanning i samfunnet.

Ved sidan av kom ei eldre kvinne gåande som ein levande politisk reklame-plakat.

Bente Bakken sat to periodar for Høgre på Stortinget på 80-talet. Denne veka går ho rundt i Arendal med hunden Bruno, og ein stor plakat på magen, der det står «STANS ALL OLJE LETING».

«Alle er jo her»

«Eg syns jo det er kjempegøy å snakke med folk og sånn. Eg har vore her mange gonger. Representantar for alle er her, til og med Equinor. Når dei ser plakaten min spør dei om dei kan få litt informasjon. Eg merkar i forhold til tidlegare år at bekymringa er større no», sa ho.

Sjølv om Arendalsuka oppmodar folk til å stå på stand med bodskapen sin, har ho fått lov av politiet til å gå rundt i gatene for å spreie bodskapen.

Arendalsuka – elitefesten for alle.
AKTIVISME: I gatene i Arendal møter ein stort sett alt som kan krype og gå av interesser i det norske samfunnet.

I Arendals gater står det partytelt på partytelt med organisasjonar som mange ikkje eingong visste eksisterte. To av dei er PolyNorge og Sørlandet BDSM.

«Vi er her først for synlegheit og nettverksbygging, slik at vi kan treffe folk og få inspirasjon. Det er veldig gøy å stå her når folk kjem forbi. », seier Jarl Ivar Brynsvoll, nestleiar i Sørlandet BDSM.

Nysgjerrige ungdommar og politikarar

Dei fortel at dei møter alt frå nysgjerrige ungdommar, til politikarar som lurer på kva dei står for. Organisasjonane jobbar for folk med seksuelle fetisjar og relasjonsmangfald. Dei seier at det er kombinasjonen av folk dei møter under Arendalsuka som gjer den unik, fordi ein møter folk her på ein heilt annan måte enn ein til dømes ville gjort i Oslo.

Arendalsuka – elitefesten for alle.
MANGFALD: Dei jobbar for seksuelt mangfald og relasjonsmangfald, og syns dei spontane møta på Arendalsuka gir meir enn stive møte i Oslo.

«Her er ein litt lausare og ledigare, og det er litt halvvegs feriestemning. Det blir på ein heilt annan måte enn med stresskoffert og blikket stivt festa i horisonten på Karl Johan», seier Dag Myrdal, leiar for PolyNorge.

Med det treff Myrdal ved kjernen av debatten om Arendalsuka.

Dei fleste organisasjonane som er til stades, er organisasjonar som neppe ville vore utanfor kontoret i Oslo eller andre byar – dersom dei ikkje var i Arendal.

Når ein høyrer elitekritikken mot Arendalsuka, kan det verke som det organiserte Norge er utan verdi.

Arendalsuka – elitefesten for alle.
HELSE: Alt frå helse til seksualmangfald til idrett er å finne på stand i Arendal denne veka.

Tala bak Arendalsuka stadfestar at mangfaldet av organisasjonar og aktørar til stades er enormt: 202 ulike stands, 1759 arrangement fordelt på 1373 unike arrangørar. Det fins ingen møtestader i Norge som samlar eit så breitt spekter av organisasjons-Norge på same tid.

– Elitekritikken er skivebom

«Alle som har eit snev av politikk i virket eller arbeidet sitt bør delta her», seier Bjarne Reistad, marknadskonsulent i Amcar Norge.

Frå hans perspektiv er elitekritikken mot Arendalsuka skivebom.

«Det er berre å sjå rundt deg, det er små organisasjonar som får vist seg fram», seier han og veiver hendene mot alle stands rundt seg i Strandgaten i Arendal.

For han vart Arendalsuka ein augeopnar om kor mykje bra som skjer rundt om i organisasjons-Norge. «Det er heilt bak mål å kome med at Arendalsuka er ein elitearena. Snarare tvert om, tenker eg», seier han.

Arendalsuka – elitefesten for alle.
TRAVEL: Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) får mykje ut av å delta på Arendalsuka, og slår tilbake mot elitekritikken.

Diskusjonen om Arendalsuka berre er for eliten, hoppar elegant bukk over det faktum at dei fleste organisasjonane på Arendalsuka er organisasjonar av og for heilt vanlege folk. Dersom dei 1373 unike aktørane bak arrangementa i Arendal berre representerer eliten, gir det liten meining å snakke om noko elite lenger.

Norge er eit gjennomorganisert samfunn. Alt frå helseproblem til bilinteresse er gjenstand for store og små organisasjonar som finn vegen til Arendal denne veka i august.

Ikkje alle kjem frå Oslo

Ein av dei som definitivt kan seiast å vere del av eliten, møter oss på veg inn og ut av Arbeidarpartiets stand i det som vert kalla «stortingsgata» – ei standgate av partia som er representert på Stortinget: Jan Christian Vestre, wonderboy og statsråd for Arbeidarpartiet.

Vi spør kva han får ut av å vere her, men han blir avbroten av det vi kan rekne som vanlege folk som vil ta bilete med han, før vi får svar på spørsmålet.

Arendalsuka – elitefesten for alle.
ENGASJEMENT: På kvart hjørne møter du ei ny hjartesak i Arendal.

«Det er eit fint høve til å møte folk og veljarar, og formidle regjeringa sin politikk. Eg møter veldig få frå Oslo her nede. Dei siste eg møtte var frå Evje, Notodden, Larvik, Senja og Fauske», seier Vestre.

Eliten bur openbert andre stader enn i Oslo òg.

Velferdsstatens mest sårbare

Han forstår dei som kritiserer Arendalsuka for å vere berre ein møtestad for Oslo-eliten, men held fram at dei fleste temaene som vert diskutert i Arendal er tema som er langt utanfor den rikspolitiske dagsorden i det daglege.

«Viss ein dreg rundt og ser på mangfaldet av små og store organisasjonar som mange i Norge knapt har høyrt om fins, samlar masse folk. Mange av dei er oppteken av velferdsstatens mest sårbare», forklarar Vestre.

Arendalsuka – elitefesten for alle.
BART: «Vi møter mange ungdommar. Og i dag møtte vi to på standen som skal til legen i morgon for å høyre resultata av blodprøve av prostata. Så arbeidet nyttar», seier Svein Drange og Finn Arild Lohne frå Kristiansand.

To vaksne gutar – ein med og ein utan bart – står og deler ut informasjon om arbeidet mot prostatakreft. Saman prøver dei to å informere om kampanjen «Bartekampen», for å redusere talet på menn som døyr av prostatakreft i året.

Dei fortel at politikarane kryssar på andre sida av gata, der dei to aktivistane ikkje får lov å dele ut brosjyrane. Derfor blir det mest vanlege folk dei møter i Arendal.

Arendalsuka – elitefesten for alle.
PENGAR: Mange selskap, organisasjonar og aktørar satsar millionar på å vere til stades på Arendalsuka.

Uansett kva som er sant i debatten om Arendalsuka, er i alle fall dette ein del av det: Viss du er på Arendalsuka og tenker at den berre er for eliten, er du enten blind eller innelåst på feil nachspiel.

I Arendal er det som overalt elles: Viss du vil treffe vanlege folk, må du velje å møte dei.

Arendalsuka – elitefesten for alle.
BRU: «Vi prøver å bygge bru mellom polskspråklege og norskspråklege. Eg visste ingenting om politikk dei første ti åra eg budde i Kristiansand», seier Sylwia Balawender frå organisasjonen Razem – som betyr saman på polsk.

Det var få av dei på Senterpartiets partitime på Kanalplassen. Kanskje hadde dei tatt oppmodinga frå Trygve Slagsvold Vedum om å halde seg heime, slik han sjølv gjorde – som ein av få partileiarar.

Han skal uansett vite: Viss du vil treffe vanlege folk, treff han dei i Arendal òg.

Arendalsuka – elitefesten for alle.
LIBERALT: Så mangt dukkar opp i gatene under Arendalsuka, som denne bamsen frå partiet Liberalistene.


Powered by Labrador CMS