Eit forsvar for guteromsmusikken

Det er karikert på grensa til useriøst å meine at organistar som er kyrkjemusikalsk utdanna ikkje er villige til improvisasjon, men det er like stygt å vere nedlatande mot ufaglærte musikarar som kyrkja sårt treng.

UFAGLÆRT: Leif Ingvald Skaug er ein av dei som har reagert på utspelet frå Creo sin forbundssekretær Thor Henning Isachsen om «guteromsmusikarar». Her frå ein opptreden under tildeling av Petter Dass-prisen 2021.
Publisert Sist oppdatert
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ein kunne mistenkje Creo-forbundssekretær Thor Henning Isachsen for å ha kome i skade for å seie høgt ting som han normalt berre ville mumla inne på kontoret, då han kom med sitt utspel i februar om «dei som har lært å spele piano på guterommet».

Bakteppet er alvorleg nok: Creo finn grunn til å åtvare om det faglege nivået på kyrkjemusikken i Norge. Tal frå 2017, samla av KA, arbeidsgjevarorganisasjonen for kyrkjelege verksemder, viser noko av grunnlaget for bekymringa: Nærmare halvparten av stillingsutlysingane som var undersøkt hadde uspesifiserte eller ingen utdanningskrav.

Isachsen meiner at dei kyrkjelege fellesråda føretrekker søkjarar med lågare utdanning, anten av økonomiske årsaker eller fordi dei trur at dei såkalla guteromsmusikarane vil fungere betre i kyrkjelyden. Isachsen har fått svar på tiltale frå fleire, mellom anna frå Leif Ingvald Skaug, som er organist i Indre Østfold og ikkje har kyrkjemusikalsk utdanning.

Debatt i grøftene

Det er mykje krut i ein god diskusjon om kyrkjemusikk, og bølgene har gått høgt, både i Vårt Land sine spalter og i sosiale medium. «Det er bare så synd», sukkar domorganist i Molde, Magnus Moksnes Myhre, i Facebook-gruppa «Kirkemusikk», «at de ulike aktørene har holdninger til kirkemusikerfaget som befinner seg i ene eller andre grøfta, med tilhørende fordommer mot ‘de andre’».

Og det er nett her problemet i saka ligg. For, som Moksnes Myhre peiker på, vert denne diskusjonen fort fri for nyansar, og kyrkjemusikalsk utdanning vert for ofte sett i samband med preferanse for ein viss musikkstil.

Det er karikert på grensa til useriøst å meine at organistar som er kyrkjemusikalsk utdanna ikkje er villige til større improvisasjon enn den som kan ta utgangspunkt i klassiske orgelverk, eller at «guteromsmusikarane» berre har kompetanse til å akkompagnere lovsong frå 1990 og framover. Likevel er det ofte her diskusjonen ender opp. Det illustrerer på ein måte den krevjande situasjonen Den norske kyrkja står i.

Ho skal vere ei folkekyrkje, og må spenne vidare enn det ein – somme tider – opplever at dei tilsette kyrkjemusikarane vil vere med på. Mange kyrkjelydar har erfaring med at dei musikalske behova skifter, og at ein svært dyktig og høgt utdanna kantor ikkje klarer – eller vil – halda følge.

Det er karikert på grensa til useriøst å meine at organistar som er kyrkjemusikalsk utdanna ikkje er villige til improvisasjon

Kva med lovsongen?

Sjølv står eg stødig midt i folkekyrkja, men innrømmer utan blygsel at Rudi Mynteviks «Gud, din skjønnhet» gjev meg meir enn det aller meste du kan finne i Koralboka 2013. Sjølv om eg er glad i salmar, føretrekker eg dei i pop-rock-aktige arrangement frå Ungfila eller Impuls. Den preferansen har eg funne det krevjande å få oppfylt i dei kyrkjelydane i Den norske kyrkja eg sjølv har oppsøkt.

Tendensen er tydeleg: Stort sett er det teologisk konservative frikyrkjelege forsamlingar som tilbyr musikken etter min, og mange på min alder sin, smak. Kanskje ikkje så rart, all den tid musikksmaken er forma i møte med nett slike kyrkjesamfunn gjennom leir og festivalliv. Mange i omgangskretsen med liknande erfaringar melder det same: Det er krevjande å finne ein kyrkjelydsheim som passar både teologisk og musikalsk. Samstundes er eg som vaksen meir oppteken av lokalkyrkja enn av å få oppfylt eigne musikalske preferansar. Det hindrar meg sjølvsagt ikkje i å mase hol i hovudet på min lokale prest og kantor for å få introdusert litt meir rytmisk musikk.

Eg har sjølv ei fortid på orgelbenken: Eg gjekk i fleire år til ukentlege orgeltimar, utan at eg trur det var ei spesielt høgkulturell oppleving korkje for mor mi som var med eller for læraren. Han er forøvrig eldst av fem brør, og fire av dei har til saman 42 år bak seg på orgelkrakken i Bjerkreim kyrkje. Slik er nemleg også røynda ute i Den norske kyrkja, som forbundssekretær Isachsen ikkje nemner: Dei mange, mange organistane rundt om i landet som ikkje har kyrkjemusikalsk utdanning, men trakterer orgelet gjennom tiår etter tiår, gjerne allereie frå midt i tenåra.

Det er ikkje berre tilsetjingsviljen frå fellesråda det står på: Det står også på tilfanget av det Creo ville definere som kvalifisert arbeidskraft. Følger vi Creo og Isachsen sitt argument ville klassisk utdanna organistar frå utlandet – som vi også har mange av i Den norske kyrkja, og takk for det, for vi treng dei – alltid vere å føretrekke over ein ufaglært musikar som kjenner norsk salme- og songtradisjon. Det trur eg med respekt å melde at ikkje stemmer.

Stort sett er det teologisk konservative frikyrkjelege forsamlingar som tilbyr musikken etter min smak

Står i samanheng

Det er berre få år sidan NLA Høgskulen starta opp vidareutdanningskurs i rytmisk kyrkjemusikk, eit tilbod eg og mange med meg applauderer. Den gongen sa Peter Sandwall til Vårt Land: «En organist i en kirke må være klar over sin rolle. Han er først og fremst en menighetsmusiker som står i en sosial, teologisk, åndelig, og musikalsk sammenheng».

Kanskje er det dette forbundssekretær Isachsen forsøkte å seie, dersom vi legg godviljen til? Nemleg at studium i kyrkjemusikk gjev kompetanse ut over det reint musikalske, som er viktig for å fungere optimalt i ein kyrkjelyd i Den norske kyrkja. I så fall har han heilt rett, og dei kyrkjelege fellesråda burde leggja vinn på å sende sine musikarar utan studiepoeng til vidareutdanning, og auka lønningane tilsvarande kompetansen.

Det finst mange høgt utdanna organistar og kantorar i Den norske kyrkja. Dei leverer musikk av høg kvalitet, forvaltar trus- og kulturarv, og tek mange stader vare på svært dyrebare instrument. Men til sjuande og sist er det ein realitet at musikken må fungera for kyrkjelyden som sit – eller står – i benkeradene. Uavhengig av utdanningsnivået til musikaren, og uavhengig av kva slags gildt instrument kyrkjerommet er utstyrt med.



Powered by Labrador CMS