Dialog– misjonens arvtakar?
Kva ringverknader hadde kristendommen fått dersom dei første kristne hadde satsa på dialog i kjølvatnet av hendingane rundt Jesu krossfesting og den tome grava?
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.
Kommentar Sofie Braut
Påska som ligg bak oss, er høgtida der den kristne bodskapen vert sett på spissen. I eit kristent perspektiv handlar påska om eit oppgjer på liv og død. Akkurat i dei avgjerande spørsmåla, om Jesu identitet, om han vart reist opp frå grava tredje dagen er det ikkje rom for mellomposisjonar. Påskemorgon demaskerer uansett: anten Jesu løgner og vrangførestillingar eller Jesu uovervinnelege guddom og ultimate triumf.
Den katolske biskop Robert Barron tek i ein av påskerefleksjonane sine eit mildt oppgjer med den tidlegare britiske statsminister David Camerons kjende oppsummering av at påska betyr «godhet, medfølelse, hardt arbeid og ansvar».
Barrons poeng er ikkje at noko av dette er feil, men slike verdiar er noko alle kan samlast om. Dermed kan ein gå glipp av det påska verkeleg handlar om. Å finna det som er samlande er sympatisk, men også tilslørande. Kvifor? I jakta på det minste felles multiplum, kan vi slå oss til ro nettopp med dette «minste» og dermed risikera å gå glipp av det største.
Les også: Kven vi er, kva vi kan tåla
Svart/kvitt
I det heile å snakka om «det største» og sanninga med stor S vert ofte sett som noko arrogant og ovanfrå-og-ned. Mange gjer seg difor til talspersonar for at også kyrkja bør dempa ned forkynningsiveren til fordel for meir samlande uttrykksformer, til dømes dialog ; «en løpende meningsutveksling som har som mål å skape gjensidig forståelse og å utjevne forskjeller» (Wikipedia).
Eit kjapt sideblikk på miljøaktivist Greta Thunberg minner oss likevel om at misjon framleis er gangbar mynt. Ho har fått gehør nettopp for å snakka svart/kvitt; no eller aldri. Styrken i gjennomslaget hennar er eit produkt av viljen til å målbera ei sak og gjera det tydeleg. Biletet av hennar einsame «skolstrejk för klimatet» i fjor haust har fått tallause unge til å følgja hennar eksempel. Thunbergs kanskje viktigaste bodskap overgår klimasaken, hennar patosfylte tale til FN og EU rommar ei formidabel påminning om noko grunnleggande menneskeleg: å verkeleg ha noko på hjarta går aldri av moten.
Les også: Kva skal vi med åndeleg leiarskap?
Rammar inn
Slik sett er det kanskje ikkje så rart at mange vert uroa når fleire høgprofilerte arrangement i regi av Den norske kyrkja legg opp til «religionsdialog» heller enn forkynning. Eit nyleg døme er det kontroversielle «Prinsessa og sjamanen», samtalearrangementet som i Stavanger har fått den litt uventa vrien at det skal arrangerast i eit kyrkjerom i staden for på eit kulturhus.
Dialogprestane som skal bidra for å ramma inn arrangementet på høveleg vis, har møtt kritikken med å forsikra om at dette ikkje er kurs i sjamanisme, men samtale om åndeleg lengt og personleg utvikling.
Men dei overser kanskje det som for mange kan verka dels rart og dels provoserande ved arrangement som dette. For om kyrkja ber den største skatten av dei alle og redninga for eit kvart menneske, om dette liv-og-død-perspektivet frå påskedag held stikk og den tome grava var fullstendig epokegjerande, kvifor bruka kyrkja til å fordjupa seg i andre trusretningar?
Finne fellesnemnarar
Andre spør seg om ikkje denne typen dialog ein slags «luksus» kyrkja kan unna seg dersom lite eigentleg står på spel og ein har redigert vekk det provoserande som alltid har følgt trua på at snekkaren frå Nasaret var den han sa: Guds son og den einaste vegen til den Allmektige?
Eit tankeeksperiment: Kor ville dei første kristne ha blitt av om dei var mest opptekne av å finna moglege fellesnemnarar med dei tallause andre trusretningane i samtida? Eller kva om dei levde etter eitt av sitata som Kirkelig Dialogsenter i Stavanger bruker for å oppsummera korleis dei ser på dialog: «Jeg går inn i dialog, ikke for å forandre den andre, men for å ta del i den gjensidige forandring som kan skje gjennom et møte».
Sjansane er nok store for at dei hadde blitt overmanna av samtida si springflo av religiøse sjatteringar heller enn stadig å nå nye med det lyset som hadde overmanna dei første påskedag.
Sofie Braut - lektor
redaksjonen@vl.no