Budsjettet som sikra Frps valkamp

No skal Bård Hoksrud reise landet rundt og fjerne bomstasjonar. Slikt er sårt tiltrengt for eit Framstegsparti i krise.

BUDSJETTSIGER: Framstegspartiets Hans Andreas Limi og Bård Hoksrud smilar frå øyre til øyre over gjennomslaga i budsjettforhandlingane med regjeringa.
BUDSJETTSIGER: Framstegspartiets Hans Andreas Limi og Bård Hoksrud smilar frå øyre til øyre over gjennomslaga i budsjettforhandlingane med regjeringa.
Publisert Sist oppdatert
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dei smila frå øyre til øyre, dei to Framstegsparti-politikarane som presenterte partiets gjennomslag i forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett, parlamentarisk leiar Hans Andreas Limi og samferdselspolitisk talsmann Bård Hoksrud. Det hadde dei også tilsynelatande god grunn til. Framstegsparti-gjennomslaga i den endelege budsjettavtala er solide, mellom andre desse:

  • Kutt i fergeprisane
  • Meir til psykisk helse
  • Fjerning av avgift på alkoholfri drikke
  • Fjerning av seks bomstasjonar i Norge

Framstegspartiet har lukkast med å flytte på store summar i forhandlingane med regjeringa. Noko av grunnen heiter pandemi, men noko kan nok også forklarast at Framstegspartiet har trengt eit løft inn mot valet og dermed stått hardare på krava enn i tidlegare forhandlingar. Det har gitt partiet større gjennomslag.

Bompengedødaren Hoksrud

Den mest intense valkampen er få veker unna. Det har derfor vore avgjerande for Framstegspartiet å tenke korleis semja om budsjett kan brukast mest mogleg effektivt i ein valkamp. Der har partiet treft planken. Kva meir effektiv valkampmaskin enn ein Bård Hoksrud som reiser rundt i landet og fjernar bomstasjonar kan Framstegspartiet eigentleg få, i innspurten til eit val?

Det at Bård Hoksrud også var den partimannen som fekk akkompagnere parlamentarisk leiar Limi på pressekonferansen, viser at partiet meiner bompengegjennomslaget var det kanskje aller viktigaste gjennomslaget.

Langdryge forhandlingar

Forhandlingane mellom Framstegspartiet og regjeringa har dratt ut i tid. Kjelder forklarar til Vårt Land at grunnen har vore fleire raude dagar dei siste vekene, i tillegg til generelt høgt trykk på pandemihandtering i regjeringa. Forhandlingane har føregått mellom finansfraksjonane til Framstegspartiet og regjeringspartia på Stortinget, der dei parlamentariske leiarane har vore inne i biletet minst ein gong. Det betyr at tautrekkinga ikkje har vore spesielt krevjande, samanlikna med tidlegare.

Kva meir effektiv valkampmaskin enn ein Bård Hoksrud som reiser rundt i landet og fjernar bomstasjonar kan Framstegspartiet eigentleg få, i innspurten til eit val?

Emil André Erstad, kommentator

Slik kan drakampen om det siste budsjettet til Solberg-regjeringa før valet vise at samarbeidsklimaet mellom dei fire partia er relativt godt etter åtte år med jamnlege og langt tøffare forhandlingar, trass i at kjelder i Framstegspartiet omtalar også desse forhandlingane som «tøffe».

Kanskje kan billegare brus, færre bomstasjonar og lågare ferjeprisar vere akkurat det som skal til for å løfte Framstegspartiet litt på målingane framover. Då kan valkampen plutseleg bli langt meir spennande enn det ser ut til no.




Powered by Labrador CMS