Desse skal vurdere leiarkulturen i Filadelfia Kristiansand
PINSERØRSLA: Filadelfia har bedt om ekstern hjelp etter at to pastorar har trekt seg. No er det klart kven som skal sjå på leiarkulturen i pinsekyrkjelyden.

Rett før jul blei det klart at Filadelfia Kristiansand skal få hjelp av Pinsebevegelsen sentralt til å kartleggje fleire forhold i kyrkja. Dette skjedde etter at to pastorar trakk seg frå leiinga i kyrkjelyden i midten av desember.
Dei har peika på utfordringar ved leiarkulturen, strukturen og leiingsforståinga i kyrkjelyden, ifylgje kyrkjelyden si nettside.
Gruppa som skal ta for seg desse utfordringane er no sett saman, og har byrja arbeidet.
Mandatet deira er mellom anna å kartleggje dei nyss nemnde utfordringane, og sjå nærmare på «val, tilsetjingar, vedtak og forankring, habilitet, rolleavklaring, formelle og uformelle maktstrukturar».
Desse er i gruppa
Dei tre personane som utgjer gruppa er:
- Sigmund T. Kristoffersen (leiar)
- Øivind Augland (medlem)
- Mariane Borge Skakstad (medlem)
Sigmund T. Kristoffersen skal leie gruppa. Han er utdanna vernepleiar og har mellom anna vore leiar for ein rusmiddelinstitusjon og ei verna verksemd. Han var leiar for Pinsebevegelsen i ni år, og har hatt fleire andre verv i rørsla. For tida er han pensjonist, forkynnar og kyrkjelydsrettleiar.

Øivind Augland er eit kjent namn for folk i Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja (Frikyrkja).
Der er han leiar for valkomiteen til synoden, og han er dagleg leiar for Hånes Frikirke. Han har vore pastor og kyrkjelydsplantar i kyrkjesamfunnet i 30 år.
Augland er utdanna innan media frå Gimlekollen Mediesenter og teolog frå MF vitenskapelig høyskole. Gjennom firmaet sitt xpand Norge AS har han arbeida med leiarutvikling og organisasjonsutvikling over fleire år.
Mariane Borge Skakstad er medlem av Meklingsrådet i Pinsebevegelsen og går i Filadelfiakirken i Drammen.
Ho er utdanna psykiatrisk sjukepleiar og familieterapeut, og har arbeida ved Modum Bad i 21 år, som miljøterapeut, terapeut, nestleiar og for tida som avdelingsleiar.
På ei armlengdes avstand
Arbeidet i gruppa skal ende i ein rapport med konkrete forslag til tiltak innan påska 2022.
Lasse Rosten fungerer for tida som pressekontakt for Filadelfia Kristiansand. Han seier han opplever at folk er takksame for at ein tek tak i situasjonen. Han er godt nøgd med progresjonen i prosessen.
– Eg synest kyrkjelyden og leiarskapet har jobba godt. Ein blei raskt einige om at ei ekstern gruppe skulle sjå på situasjonen og bidra med innspel til eventuelle forbetringar og tiltak.
– Kva forventingar trur du folk har til rapporten?
– Det er for tideleg å seie, men no verkar det som om folk set pris på at ein er opne rundt prosessen og at ein har henta inn ekstern hjelp.
– Kvifor er Øyvind Auglandm som ikkje sjølv kjem frå pinserørsla, med i gruppa?
– Det handlar nok om eit ynskje om ei best mogeleg kvalifisert gruppe. Han har drive mykje med leiartrening. Og så har det vore eit poeng å ha med ein som ikkje er ein del av Pinsebevegelsen.
Ferdig innan påske
Rapporten blir levert til Leiarrådet i Filadelfia Kristiansand.
Dei har det øvste ansvaret for den operative leiinga av kyrkjelyden, og er dei som skal vurdere rapporten og eventuelt setje i gang endringar basert på den.
Gruppa har alt byrja å intervjue personar i arbeidet med rapporten.
Både dei tilsette og kyrkjelydsmøtet, kjem til å vere involverte i ein vidare prosess, etter at rapporten er ferdig. Det melder kyrkjelyden på eigne nettsider.