Oppfordra radiolyttarar til å delta i nattverden

Det vart ei litt anna festgudsteneste enn planlagt i Københavns domkyrkje sist søndag.

Biskop i Københavns stift Peter Skov-Jakobsen oppfordra lyttarar til å ikkje berre lytte til gudstenesta, men og til å delta i nattverda.
Publisert Sist oppdatert

Søndag 22. mars skulle utgjevinga av «Bibelen 2020», ei omsetjing av Bibelen til dansk, blitt feira med festgudsteneste og full kyrkje. I staden for sto biskop Peter Skov-Jakobsen og talte for tomme kyrkjebenkar.

Brød og vin

Men radiopublikummet var stort. 81.000 lytta på salmesong, bøn, preike og nattverd over FM-nettet, ifølgje Ellen Aagaard Petersen i folkekirken.dk.

Biskopen hadde oppfordra lyttarar på førehand til å ikkje berre lytte til gudstenesta, men delta i den. Det kunne ein gjere ved å ta fram litt brød og vin medan ein lytta til nattverda.

Auka pågang

Alle ordinære gudstenester i Danmark er avlyst denne perioden, slik som i Noreg. Her heime opplever nettkyrkja auka pågang på si heimeside, nettkirken.no. Der kan folk chatte med prestar og diakonar.

– Vi arbeider no med å oppskalere chatte-tilbodet og bidra til auka digitalt kyrkjeleg nærvær medan annan kyrkjeleg verksemd på skalere ned sitt tilbod, fortalde nettprest Kjersti Østland Midttun til Vårt Land førre veke.

Naudsprinsippet

Her i Noreg har biskop Atle Sommerfeldt opna for at pårørande kan gje nattverd om presten ikkje kan vere i fysisk kontakt med ein koronasmitta person.

– Naudssprinsippet slik eg no har brukt det er ikkje eit prinsipp som kan brukast om ein ynskjer å ha nattverd for hygga si skuld, men når liv og helse er trua, sa Atle Sommerfeldt til Vårt Land tidlegare denne veka.

Sommerfeldt er konstituert preses og biskop i Den norske kyrkje.

Det såkalla naudsprinsippet gjev truande moglegheit til sjølv å forrette sakramenta dåp og nattverd.

LES MEIR:

Nettkirken ruster opp digital sjelesorg

Berit Hustad Nilsen: Kan korona gi kirke på nye måter?

Fakta:

Powered by Labrador CMS