Lei av halvt påkledde prestar
LITURGISKE KLEDE: Ikkje-ordinerte prestevikarer kan ikkje bere messehakel eller stola når dei forrettar gudsteneste. Dette vil soknerådet i Sunnylven ha ei endring på.

Soknerådsleiar i Sunnylven, Stig Tryggestad, er lei av «halvt påkledde» prestar i kyrkja på Hellesylt. No har han på vegne av eit samstemt sokneråd bedt biskopen om dispensasjon, slik at ikkje-ordinerte prestevikarar òg får ikle seg messehakel og stola. Men ut frå gjeldande regelverk har biskop Ingeborg Midttømme avslege søknaden.
– Det verkar som saka om rett til å bere liturgiske klede er blitt eit maktsymbol, dette er formalia-rytteri som ikkje samstemmer med at kyrkja no i stadig større grad nyttar ikkje-ordinerte prestar i gudstenester og kyrkjelege handlingar, seier Tryggestad.
«Gløymt skjerf»
Han fortel om konfirmantforeldre som stussar over manglande pontifikaliar på prestane som tener i Sunnylven kyrkje.
Saka om kven som kan bere stola og messehakel er blitt eit maktsymbol.
Stig Tryggestad, soknerådsleiar i Sunnylven
– Dei ser at det er noko som manglar og spør om presten har gløymt «skjerfet» sitt. No er det på tide at vi utfordrar dette stivbeinte regelverket, sier soknerådsleiaren.
I Sunnylven har dei samla inn midlar og lagt mykje arbeid for å skaffe seg eigne liturgiske klede, utforma i pakt med kyrkjerommet.
Klede for høgtid og liturgi
Han påpeikar at dei liturgiske kleda skapar høgtid og markerar kyrkjeårstidene og ulike liturgiske ledd.
– Det verkar underleg at dei som er i slik teneste ikkje kan få framstå som fullverdige prestar i kyrkjene sine, seier Stig Tryggestad.
Biskop Ingeborg Midttømme viser i avslaget til gjeldande regelverk og tenesteordninga (§ 10) som seier at «messehakel skal nyttast av vigsla prest. Uordinert prestevikar kan nytte alba under forrettinga ved altaret. Ordningane opnar ikkje for å gjere unntak frå reglane på dette punktet».