Kristne organisasjonar let ikkje usikker statsstøtte hindre sommaraktivitetar for barn og unge

KORONA: Fleire kristne organisasjonar har god tru på ein sommar med aktivitetar, festivalar og leirar for barn og unge. Generalsekretæren i KFUK-KFUM er overraska over kor frustrerte andre organisasjonar er over usikker statsstøtte. Sjølve planlegg dei fleire nasjonale arrangement.

Risøya 05.07.2016Skjærgårds music and mission festival på Risøya mellom Risør og Tvedestrand, Aust-Agder 2016.FOTO: JOAKIM S. ENGER
FESTIVAL: Kristne organisasjonar håpar på ein sommar full av aktivitetar for barn og unge. Her frå Skjærgårds music and mission festival på Risøya mellom Risør og Tvedestrand.
Publisert Sist oppdatert

– Me er privilegerte i Noreg som får offentlege ressursar til å sikre tiltak for barn og unge under korona, meiner generalsekretær i KFUK-KFUM, Øystein Magelssen.

Han seier dei langt på veg har unngått det frykta korona-krakket på grunn av staten sine stimulerings- og kompensasjonsordningar. Dei planlegg enn så lenge at deira faste arrangement skal gå som normalt, sjølv om dei er førebudde på smittevernkrav. I tillegg legg dei, som i fjor, opp til ein auke i ferieaktivitetsprogrammet sitt, for å svare på barn og unges særskilte behov under pandemien.

Øystein Magelssen, KFUK-KFUM
DIAKONI: Øystein Magelssen i KFUK-KFUM seier dei nådde fleire unge i fjor enn på eit vanleg år, takka være statleg støtte for å drive ein ekstra diakonal innsats inn mot barn og unge. Han håpar det same blir tilfellet i år.

Foreløpig har KFUK-KFUM berre avlyst konfirmasjonsfestivalar som dei måtte ta stilling til i august 2020. No ventar dei spent på nye signal frå regjeringa i neste veke. Men endeleg avgjersler for leirar, treff og andre aktivitetar tek dei ikkje før i midten av juni.

Trur på gode ordningar

Førre veke skreiv Vårt Land at mange barne- og ungdomsorganisasjonar er frustrerte og ikkje tørr å ta risikoen på å arrangere sommaraktivitetar, sidan det framleis ikkje er avklart korleis regjeringas varsla støtteordning blir. Saka overraska Magelssen.

– Dei var nok meir frustrerte enn oss. Det me er misfornøgde med er at det foreløpig ikkje er lagt opp til å få att tapte eller berekna inntekter, men det forventar me at kjem på plass etter kvart. Viss ikkje blir me veldig overraska.

Også generalsekretær i KRIK, Vegard Husby, har stor tru på at det kjem på plass gode ordningar.

– Det er så klart utfordrande å ikkje vita korleis støtteordningane blir, men me har ein grunnleggande tillit til at relativt gode ordningar vil falle på plass. For vår del var dei tilfredstillande i fjor og me håpar at det blir ein leveleg situasjon også i 2021.

Vegard Husby er KRIKs generalsekretær.
HELDIGE: Vegard Husby seier dei er heldige som ikkje har alt for store økonomiske tap knytt til potensielle avlyste arrangement. – KRIK har veldig gode samarbeid med stadane me arrangerer leir.

Krevjande situasjon

Han seier dei står i ein krevjande situasjon, men at dei har valt å tenke offensivt.

– Me har planlagt ein full leirsommar, men me er så klart også førebudde på at ein kan måtte avlyse eller skalere ned arrangement. Men me høyrer dagleg om kor mykje folk saknar fellesskapet, og me ser eit ekstremt stort behov hjå barn og unge.

Det såg dei også på pågangen då dei opna leirane for påmelding. Trass i ein usikker situasjon har mange meldt seg på.

Heller ikkje Skjærgårds Music and Mission festival har latt seg skremme av usikre finansieringsordningar eller smittetal.

– Me planlegg som om det blir festival, men me ventar eigentleg berre på kva Raja seier 13. mai, seier dagleg leiar for stiftelsen Skjærgårds, Jarle Storebø.

Han siktar til kulturministeren som har lova ei avklaring i fyrste halvdel i mai på korleis sommaren kan bli for større arrangement.

Må halde ut

Storebø har sjølv sete i ministeren si «Sommergruppe» saman med andre arrangørar og fagpersonar. Dei har levert ein rapport til regjeringa om korleis dei ser for seg sommaren. Dei har konkludert med at ein kan gjennomføre store arrangement utan større smitterisiko enn i resten av samfunnet elles, så lenge ei rekkje tiltak er på plass.

– No er me heilt i innspurten, så det ville vore dumt å kaste inn handklede no, meiner Skjærgårds-leiaren.

25 ÅR: Etter 25 år som øverste leder ber Jarle Storebø om å få en endret sin rolle i Stiftelsen Skjærgårdsgospel.
HÅPAR: Jarle Storebø vil gjerne arrangere festival til sommaren, men er spent på kva retningslinjer som kjem.

Han fortel om eit tøft år med harde prioriteringar og ei vekslande tru på om det går an å få til fysiske festivalar.

– Me må halde ut siste beten. Det verste ville vore viss ein opnar for store arrangement og me ikkje er førebudde. Me skal stå klare.

Ein stor del av motivasjonen er å kunne tilby fellesskap og glede til unge menneske som har eit tungt år bak seg. Difor let dei ikkje økonomisk uvisse hindre dei.

– At stimuleringsordninga til regjeringa ikkje er klar har ikkje vore avgjerande for oss. Dessutan sa Raja allereie i januar at ein skulle planlegge sommarfestivalane som normalt. Det har lagt ei føring for arbeidet vårt, seier Storebø.


Powered by Labrador CMS