‘Eg er utruleg glad i kyrkja’
Magnhild Nerheim Andersen er ny diakon i kyrkjelydane Alta og Talvik i Finnmark.

– Kvifor søkte du denne jobben?
– Eg var her i praksis medan eg heldt på med masteren i diakoni og treivst så godt! Eg fekk bli kjent med ein flott stab og ein hyggelig kyrkjelyd, ikkje minst fekk eg lære at kyrkjelydsdiakoni kunne vere langt meir spennande enn eg hadde trudd. Dessutan kjem pappa frå Alta, og heile farssida av slekta bur her framleis.
– Kva blir den viktigaste oppgåva?
– Det er akkurat det eg jobbar med å finne ut. Eg har blitt utfordra på å tenkje enda meir utovervend med den nye diakoniplanen vår, samtidig som diakonien skal vere tydeleg forankra i kyrkjelyden.
Stor kyrkjelyd. – Kva gler du deg mest til?
– Å bli enda betre kjent med heile kyrkjelyden vår. Kyrkjelydene Alta og Talvik har heile 10 kyrkjer/kapell, i tillegg til eit par gudstenestestader. Da seier det seg sjølv at kyrkjelyden er stor, og dei behova som finst er mange og forskjellige.
– Kva for erfaringar har du som gjør deg skikka til jobben?
– Først av alt så har eg vakse opp i Den norske kyrkje, og er utrulig glad i kyrkja, det hjelper på. Eg veit dessutan at livet ikkje alltid er enkelt, men òg at eg har ein Gud som toler mitt sinne og mi sorg, og tar i mot meg når eg er tom for ord.
– Kva er det beste du har opplevd?
– Det er vanskeleg å plukke ut ein ting. Men vigslinga mi 20. oktober kjem høgt opp på lista. Å samle familien til fest og feiring, var stort. Og så blei sjølve vigslingsgudstenesta veldig flott, med så mange av mine næraste til stades. Dei deltok i gudstenesta, la henda på meg og bad for meg og tenesta mi som diakon.
Podcast. – Kva gjer du helst i fritida?
– Enten ein tur ut i sola med ein god podcast eller tale på øyret, eller på sofaen med ei god og spennande bok. Resturantbesøk blir det ikkje like mykje av her, naturleg nok.
– Kva for ei bok vil du anbefale?
– Eg er veldig glad i å lese, i fjor runda eg 130 bøker før året var omme. Eg trur ikkje eg har ei favorittbok, men kan anbefale andaktboka Loved frå Acta, og boka Utvalgt av Helga Samseth.
– Kva er ditt favorittbibelvers?
Salme 139. Dei versa har fylgt meg gjennom livet. Dei er nokså enkle og lettfattelege, men seier samtidig så mykje om min identitet, at Gud kjenner meg fullt ut og elskar meg.
– Kva er din favorittsalme?
– Den aller siste i salmeboka: Jeg tror på Jordens forvandling. Han handlar om himmelhåpet og har betydd mykje for meg i møte med forskjellige dødsfall.
–Nemn ein person som har betydd mykje for deg.
– Johan Lövgren, skuleprest på Grenland Folkehøgskole og læraren min det året eg var på team for Skjærgårds Music and Mission. Mykje hende i livet mitt det året, men han var ein bonuspappa som tok vare på oss og fylgde oss opp. I sofaen på kontoret hans fekk eg lov til å tenke høgt, grine og prosessere, det er nok ein viktig grunn til at eg kan dra nytte av desse erfaringane i møte med andre menneske.
LES MER OM NORD-HÅLOGALAND BISPEDØMME
Predikant hevder kvinnelig prest vil svekke kirkeoppmøte
Biskop til læstadianere: – Kvinner er prester. Punktum.
– Kirken har glemt å be samer om tilgivelse