Byr Sylvi på syrisk frukost
Eit år etter at ekteparet sykla inn i Finnmark, byr dei Sylvi Listhaug på syrisk mat. Olaa Salloum og Michel Abboud finn fotfeste i landet dei flykta til.

– Oslo er bra, men vi saknar Vadsø. Der har vi mange vener, seier Olaa Salloum. Mannen Michel Abboud nikkar.
– Litt rart, bryt gjesten, innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug, inn.
– I Norge vil mange heller til Oslo enn til Vadsø.
Ho har invitert seg sjølv på morgomat. Olaa Salloum og Michel Abboud kjenner Frp-statsråden frå eit møte i Finnmark. Der budde syrarane på asylmottak. No vil Listhaug sjå korleis det unge paret har det etter at dei blei busette i Oslo. Ho vil høyre korleis det går med kvalifiseringa til eit liv i Norge.
– Vi har gått på norskkurs i tre månader no, fortel Abboud.
LES MEIR: KrF og Frp enige om konvertitter
Ros fra NOAS
I NOAS, Norsk organisasjon for asylsøkere, applauderer dei Listhaugs interesse for den andre halvdelen av statsrådstittelen; integreringsminister.
– Det er på høg tid. Sidan Listhaug blei innvandrings- og integreringsminister for snart eit år sidan, har ho brukt lite energi på integrering, seier generalsekretær Ann-Magrit Austenå.
– Kva forventning har NOAS til hennar engasjement for å integrere dei flyktningane som skal få vere i Norge?
– Listhaug er flink til å bruke sosiale medier. Her bør ho løfte fram ei god integreringshistorie kvar dag. Ho bør slutte å snakke om frykta for kva som kan kome. Tala for 2016 viser at det nesten ikkje kjem asylsøkjarar til Norge, knapt 3.000 hittil i år.
Austenå rosar Listhaug for å vere ein handlekraftig statsråd med høgt aktivitetsnivå:
– Men no bør ho bruke denne energien på dei mange som blir busette i Norge, dei som skal etablere seg, lære seg norsk og få jobb. Mange gjer det bra.
LES MER: Ber regjeringen om større hjertalag
Kom flest syrarar
I fjor haust kom det rekordmange asylsøkjarar til Norge. Ei stor gruppe skilde seg ut. Syrarane. Då november gjekk over i desember hadde Utlendingsdirektoratet (UDI) behandla 21.704 asylsøknader sidan januar. Nesten halvparten var signerte av syriske borgarar på flukt frå blodbadet i heimlandet.
Sidan mars 2011 har 300.000 menneske mista livet, og halve befolkninga er på flukt i og utanfor eige land. Før krigen budde det vel 24 millionar i Syria.
Reiste nordover
Olaa Salloum og Michel Abboud tok ei vanskeleg avgjerd i fjor. Dei flykta frå heimbyen Homs. Dei reiste frå foreldra.
– Vi tok oss til Beirut i Libanon, så fly til Moskva. Herfrå reiste vi nordover, mot grensa til Norge. Det siste stykket sykla vi, fortel Abboud.
Hittil i år har 6.774 syrarar fått det svaret dei ønskte: Ja, til opphald i Norge. To av desse heiter Olaa Salloum og Michel Abboud.
– Vi venta spent i ti månader på svaret, seier Salloum.
Med opphaldsløyve i lomma blei det oppbrot frå Vadsø. Oslo hadde sagt ja til å busetje paret.
Ville leige ut
Aust i Oslo opna Eva Gundersby dørene til bustaden ho leiger ut:
– I fjor, då vi sat og såg at det kom mange asylsøkjarar til Norge, spurte vi oss sjølve; kva kan vi gjere? Vi bestemte oss for at vårt bidrag er utleige av bustaden i kjellaren, til dei som skal busetjast, slik som Olaa og Michel.
LES MEIR: Listhaug på kristenvelgerjakt
Dette er kvardagsintegrering
Språkrådet har kåra ordet «kvardagsintegrering» til årets nyord i 2016. Ordet hadde knapt blitt brukt før regjeringssjef Erna Solberg (H) brukte det i nyttårstalen.
– Populariteten til ordet kvardagsintegrering viser at det dekkjer eit etterlengta behov for å skildre innsatsen som vanlige folk gjer i kvardagen for å integrere flyktningar og innvandrar, seier Ole Våge, seniorrådgjevar i Språkrådet.
I sokkelbustaden til Eva Gundersby får innvandrings- og integreringsminister Listhaug høyre at utleigar er ein god hjelpar i kvardagen.
– Vi har det så bra her, seier Salloum.
I NOAS er generalsekretær Austenå også nøgd:
– Dette er ekte kvardagsintegrering.
På leit etter kyrkjelyd
Hjå ekteparet blir Listhaug innvigd i syriske frukosttradisjonar.
– Du tek brødet, bryt det og dyppar det i yoghurten. Så har du desse auberginane innåt. Og her har du honning, forklarar Salloum.
Listhaug gjer som verten seier. Praten over bordet går om laust og fast; utdanning, jobbplanar, familie og vener. Og tru. Olaa Salloum og Michel Abboud tilhøyrer den syrisk-ortodokse kyrkja.
– Vi har gått nokre gonger i Bøler kyrkje. Men det ville også vore fint om me kunne møtte andre ortodokse kristne i Oslo, seier paret. På norsk. Berre når dei er for seg sjølve snakkar dei arabisk. Elles må kvart høve nyttast til å perfeksjonere det nye språket.