Uventa val
ANDAKT: I ein kultur der mykje er lagt, og der andre sine forventningar styrer mykje, følgjer Rut sitt eige hjarte og tek sine eigne val.

Forteljinga om Rut er skrive ned og finst som ei eiga lita bok i Det gamle testamentet. Ho er så lita at det nesten er vanskeleg å finne ho. Men det er litt av ei forteljing. Finn ho gjerne fram i dag!
I ein kultur der mykje er lagt, og der andre sine forventningar styrer mykje, følgjer Rut sitt eige hjarte og tek sine eigne val. Med stort mot handlar Rut på tvers av omgjevnadene sine forventningar – ikkje i opprør eller i trass – men i tru.
Det første uventa valet Rut tek, er at ho giftar seg med ein innflyttar – ein jøde. Den jødiske familien Rut blir ein del av, kjem frå ein liten by som heiter Betlehem. På grunn av hungersnaud har denne familien brote opp og slått seg ned i Rut sine heimtrakter.
Ruts bok får meg til å tenkje: Gud kjem til oss utanfrå. Blandar seg med menneskeslekta
Åra går. Og så går det så ille, at alle mennene i familien døyr. Svigermora Noomi sit att åleine, utan mann og utan søner til å ta vare på henne. I mellomtida har det vorte betre tider i heimlandet, og Noomi bestemmer seg for å bryte opp og vende tilbake til Betlehem og slekta si der.
På nytt tek Rut ho eit uventa val. Saman med svigermor si gjev ho seg inn i det ukjente. Og slik hamnar Rut i Betlehem. For svigermora er det å kome tilbake til nok kjent. For Rut er det å begynne heilt på nytt. Utan å vite om den nye begynnelsen har ein fortsettelse.
Men Rut blir møtt med velvilje i Betlehem. Ikkje minst blir ho møtt med velvilje av Boas, ein slektning av svigerfaren. For å gjere ei lang historie kort: Rut og Boas blir gift. Den nye begynnelsen i Rut sitt liv viser seg å ha ein fortsettelse.
Rut får barn og barnebarn og oldebarn. Rut blir oldemor til David. Og dermed er Rut også ei av formødrene til Jesus. Rut er eit uregelmessig verb. Ho er heidning, ikkjejøde. Men ho blir likevel stammor til Jesus.
Ruts bok får meg til å tenkje: Gud kjem til oss utanfrå. Blandar seg med menneskeslekta. Ikkje berre med jødane, dei som i utgangspunktet var utvald, men med alle folkeslag. Gud lar seg flette inn i slekta vår. Og vi blir del av slekta hans.