Paradiset er først og sist
ANDAKT: I Bibelen er Paradiset både først og sist.

Det er en sommerdag for lenge siden som roper meg tilbake gjennom tiden.
Den ligger lukket bak en hekk av klunger blant hestemaur og gule tiriltunger. Teksten for i dag får meg til å tenkje på dette diktet av Inger Hagerup. Den ene dagen, heiter det. Dette er dei første strofene. Diktet er fullt av gylne sommarminne frå barndommen, og det er skrive på ein måte som får meg til å lese det som ein tekst om Paradiset.
I Bibelen er Paradiset både først og sist. Det heile begynner med at Gud skaper og ordnar kosmos. Alt er fullkome og godt. Eller som dei seier på Eide på Nordmøre, der dei har laga si eiga dialektgudsteneste: «Gud såg på aillt det hainn’ hadde gjort, og sjå, det va fole svert.»
Så skjer det ting. Idyllen blir forstyrra. Alt er ikkje lenger fole svert. Tilværet og menneskelivet blir atskillig meir komplisert. Og Paradiset blir eit bleikt minne frå ei fjern fortid, ikkje lenger tilgjengeleg – det ligg «lukket bak en hekk av klunger» - for å seie det med Inger Hagerup.
Når vi prøver å forestille oss korleis det skal bli, tyr vi kanskje også til gylne sommarminne frå barndommen
Men i den andre enden finn vi Paradiset på nytt. Visjonen av dette får vi teikna for augo våre i dag, når vi les frå Jesajaboka: Det skal igjen bli trygt å vere lam og kje og barn. Ingen skal lenger skade den som er liten og sårbar. Ja, ingenting kan lenger bli skada eller øydelagt. Guds vesen, som er Guds godheit, skal fylle alt.
Når vi prøver å forestille oss korleis det skal bli, tyr vi kanskje også til gylne sommarminne frå barndommen. Minne om eit hus, ein hage, eit kjøkkenbord, ei seng – minne om fellesskap, måltid og uforstyrra søvn. Eller for å seie det med dei siste strofene av Inger Hagerup sitt dikt om «en sommerdag for lenge siden»:
Den er et nystekt brød på kjøkkenbordet og slåmaskinens knepring over jordet.
All lyd og lukt og smak og farge kommer fra denne dagen i min barndoms sommer,
som endte med den lykkelige smaken av nyslått kløver og av rene laken.